Det er Posten Bring som har ansvaret for å administrere postnummersystemet i Norge.
Det er Posten Bring som har ansvaret for å administrere postnummersystemet i Norge. Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Både kommunar og privatpersonar kan kome med innspel til endringar, men har ingen myndigheit til å vere med og bestemme. Likevel tar me dei med på råd i mange tilfelle, skriv Aleksander Hømanberg, senior presse- og kommunikasjonsrådgivar i Posten Bring, i ein e-post til Jærbladet.

Svaret frå post- og logistikkselskapet fekk avisa før møtet i samfunn og kultur tysdag.

Utvalet diskuterte den politiske saka om ei mogleg namneendring, som kommunedirektør Torild Lende Fjermestad har lagt fram for dei.

I sakspapira kjem det fram at ho meiner det ikkje er rett bruk av kommunale ressursar å gå vidare med prosessen om å endre postnummer, og anbefaler innbyggjarar og næringsdrivande å eventuelt sjølv vende seg til Bring viss dei ser behovet.

Fleirtalet gjekk imot innstillinga, og vil gå vidare med ein førespurnad frå kommunen til postselskapet. Saka skal til endeleg behandling i kommunestyret 15. juni.

Skal ha uttrykka frustrasjon over postadressa

Bakgrunnen for saka er at Høgres Kjetil Friestad i eit møte i november skal ha fremma eit ønske til Klepp kommune om ei endring av postadressa på Orstad.

Han ville at kommunen skulle sende ein formell førespurnad til Bring om dette.

Kjetil Friestad (H) tok initiativ til det som no har blitt ei politisk sak, og som skal vidare til endeleg behandling i kommunestyret i midten av juni. Biletet er frå eit tidlegare møte i hovudutval for samfunn og kultur.
Kjetil Friestad (H) tok initiativ til det som no har blitt ei politisk sak, og som skal vidare til endeleg behandling i kommunestyret i midten av juni. Biletet er frå eit tidlegare møte i hovudutval for samfunn og kultur. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Fleire innbyggjarar i bygda skal ha uttrykka frustrasjon over dagens postadresse, Klepp stasjon eller Kvernaland, grunngav han.

Pakkar til Orstad blir sende til postmottak i dei andre bygdene, hevda han, sjølv om Jærbladet førre veke avkrefta at postmottak i området opplever dette som eit problem.

Uansett meiner han at namna ikkje samsvarer med den geografiske plasseringa, og at eit nytt namn vil kunne styrke tilhøyrsle og lokal stoltheit.

Fjermestad la altså fram ei politisk sak i staden, med grunngiving om at organisering av postnummer ikkje blir administrert av kommunen og at ei endring vil få konsekvensar for innbyggjarar og næringsdrivande.

Veit ikkje om det er aktuelt å endre no

Til Jærbladet skriv Hømanberg i Posten Bring at dei på oppdrag frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) heilt riktig har ansvaret for å administrere postnummersystemet i Norge.

– Me gjer endringar i dei tilfella me meiner det er gagnar post- og logistikkaktørane si drift for ein mest mogleg effektiv leveranse av post og pakkar, i forbindelse med gjeldande lovverk.

Han legg til at dei er pålagde å varsle kommunen om vesentlege endringar når dei skjer.

– Me har tidlegare vore i dialog med kommunen om Orstad, men me kan ikkje per no svare på om det er aktuelt å endre postnummer i området, skriv han, og avsluttar med ei oppmoding:

– I Posten-appen kan ein legge inn favoritthentestad, som ikkje treng å vere definert av kva postnummer ein høyrer til.