Dei som køyrer Store Ring på Nærbø kan ikkje ha unngått å legga merke til arbeidet som foregår på kjelva mellom vegen og Skjerpebekken. Kommunen er i gang med å byta ut overvassrøyr.
Dei har starta med slutten – overvatnet frå denne sida av Nærbø skal til slutt enda opp i Skjerpebekken – og skal i tida som kjem grava seg lenger og lenger opp i Store Ring.
– Til sjuande og sist skal me enda opp ved Motland skule og parken, men akkurat denne kontrakten går frå Skjerpebekken og opp Store Ring og inn Seljevegen, fortel Terje Lerbrekk, som er utbyggingsansvarleg i Hå kommune.
Kontrakten har dei signert med den lokale entreprenøren Risa, som tar 24 millionar kroner, pluss moms, for jobben.
Målet er at dei, når me kjem til november, skal ha grave seg fram til krysset mellom Seljevegen og Poppelvegen.
– Det er mogleg at me vil gå litt inn i Poppelvegen òg, seier Lerbrekk.
Stengt frå april til november
Dei som har for vane å køyra bil her, bør særleg merka seg éin ting: Frå første tysdagen etter påske, tysdag 7. april, vert Store Ring stengt heilt fram til november.
Detaljane for omkøyring er førebels ikkje heilt klare.
Etter kvart som gravearbeidet kjem inn under jernbanebrua vil røyra ligga så pass djupt, rundt seks meter, at det ifølge Lerbrekk ikkje finst andre alternativ enn å stenga vegen.
Sjølve jernbanebrua må dei forresten kryssa under i tida mellom 11. og 15. juli. Då har Bane Nor ein planlagt driftsstans på Jærbanen. Kommunen kan ikkje grava under jernbanelinja så lenge det går tog på ho.
Sjølv om gravearbeidet starta omtrent i enden av kjelva i botn av bakken, manglar det framleis eit par meter fram til sjølve Skjerpebekken. Lerbrekk seier at dei kjem til å legga siste rest på den sida i begynnelsen av august.
– Av omsyn til fisk og yngel i bekken får me ikkje lov til å gjera det før, seier han.
Utbyggingssjefen medgjev at det er lenge å stenga ein veg i eit halvt år.
– Men Risa har komme i gang tidleg og seier til oss at dei vil prioritera å gå her. Deadline er i november, men vil dei gjera seg ferdige før, skal dei sjølvsagt få lov til det. Me er spent på kor fort dei vil levera, seier Lerbrekk.
Lastebiloppstilling i nabolaget
Under eit møte i Utval for samfunn torsdag, nytta Håkon Kvia (Frp) høvet til å komma med det han kalla «ein observasjon» knyta til gravearbeidet.
To gonger i løpet av same dag hadde han observert to store lastebilar lasta med røyr han antok var meint til graveprosjektet.
Desse bilane køyrde inn i Motlandsmarka, og stilte seg opp i krysset mellom Motlandsmarka og Store Ring og vart ståande ei stund før dei køyrde vidare.
Kvia antok at det som skjedde var at lastebilane stilte seg opp i «kø» før dei fekk lossa røyra nede på byggeplassen.
– Dei kunne ikkje funne ein verre plass på heile Nærbø for å venta på å levera røyr, midt i innkøyringa til eit stort byggefelt og rett ved sida av Motlandsmarka barnehage, sa han.
Kvia la til at han håpa administrasjonen vil ta dette opp med entreprenøren.
Då Jærbladet snakkar med Lerbrekk få timar etterpå, er han ikkje kjend med dette. Han seier det ikkje høyrest ut som ein god plass å venta.
– Eg skal sjekka opp i det, lovar han.