Tom Ree driv gard i nærleiken av datasentertomta. Time kommune fann søknaden hans kurant å innvilga, og nå veks haugen av tilkøyrt masse for kvar time. Mange andre bønder ventar mens kommunen peikar på krevande saksbehandling. - Nå må kommunen vera litt smidige og ta ein snarveg for å hjelpa den dårlege jorda på Høg-Jæren, meiner Ree.
Tom Ree driv gard i nærleiken av datasentertomta. Time kommune fann søknaden hans kurant å innvilga, og nå veks haugen av tilkøyrt masse for kvar time. Mange andre bønder ventar mens kommunen peikar på krevande saksbehandling. - Nå må kommunen vera litt smidige og ta ein snarveg for å hjelpa den dårlege jorda på Høg-Jæren, meiner Ree. Foto: Ingeborg Eliassen

– Dette er gull for den dårlegaste jorda på Jæren. Denne gongen må kommunen berre gi gass, meiner bonde Tom Ree.

Iskalde vindkast feier over dei frostsprengde markene til bonden på Undheim og treff vindturbinane like ved.

Rett ved innkøyringa held ein gravemaskin på å handtera lass på lass med stein, grus, sand og leire som kjem på svære Risa-bilar.

I løpet av eit par dagar har dei vakse til ein stor haug. Massane er transportert rundt 2,8 kilometer – frå datasentertomta til Green Mountain.

– Her hjelper me Vårherre litt. Dette er fantastisk jordforbetring, seier Tom Ree.

– Mest all jord her på Høg-Jæren er myrjord, altså uomdanna planterestar. Massen som kjem, er leire, grus, silt og stein som har næringsrike mineral i seg. Når eg får blanda dette inn i myrjorda, blir det gull!

Massen frå datasentertomta skal blandast med myrjorda  og gi mykje betre jordkvalitet, ifølge Tom Ree på Undheim.
Massen frå datasentertomta skal blandast med myrjorda og gi mykje betre jordkvalitet, ifølge Tom Ree på Undheim. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Ree er ein av førebels to bønder som har fått den meldinga frå Time kommune som dei ønskte seg: Tommel opp for å få spreia masser frå datasentertomta på sin eigen grunn.

Første lasset kom like over klokka seks sist fredag morgon. Når Jærbladet er innom tysdag formiddag, går lastebilar frå Risa i skyttel med stein, grus, silt, sand og leire som dei tippar på staden. For bonden er dette heilt gratis.

– Det blir sjølvsagt enormt mykje arbeid å legga det utover etterpå. Men elles betalar eg ingenting, seier Ree.

Enorme mengder massar blir køyrt vekk frå datasentertomta. Planen seier at dei helst skal fraktast til stader i nærområdet. Men nå køyrer bil etter fullasta bil med massar til depot langt unna, sjølv om bønder i nærområdet vil ha dei.
Enorme mengder massar blir køyrt vekk frå datasentertomta. Planen seier at dei helst skal fraktast til stader i nærområdet. Men nå køyrer bil etter fullasta bil med massar til depot langt unna, sjølv om bønder i nærområdet vil ha dei. Foto: Foto: Nora Sevland

Kø for å få masser

Minst 15 bønder i området har ifølge kommunen meldt interesse for å få levert noko av dei enorme mengdene masse som dei siste vekene er blitt frakta vekk frå tomta langs Undheimsvegen der det israelsk-eigde selskapet Green Mountain skal bygga datasenter.

Det er Stangeland Maskin som styrer transporten av massane, som er så store at dei har måtta leiga inn bilar frå både Risa og Bjelland.

Stangeland er underleverandør hos entreprenørselskapet Backe, som Green Mountain har engasjert for å gjera ferdig første del av grunnarbeida på Undheim-tomta – med terrengforming, etablering av drenering og sikring av skråningar.

Dette skal gjerast nå for å minska risiko for erosjon, massetransport og partikkelutslepp frå anleggsområdet til Stormyråna.

Elva er ein del av det verna Håvassdraget, og det har vore fleire utslepp frå tomta så langt.

Tysdag stansa anleggsfolk trafikken forbi datasentertomta på Undheim då det skulle sprengast i området.
Tysdag stansa anleggsfolk trafikken forbi datasentertomta på Undheim då det skulle sprengast i området. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Backe: Større mengder enn antatt

Opplysningane om arbeidet går fram av informasjon frå Green Mountain 9. desember på Undheim skule si heimeside.

Der varslar utbyggaren om «betydelige» masser som skal transporterast vekk frå tomta og gi meir trafikk i området.

Backe vil sikra ved tydeleg merking av køyreruter, redusert fart og tilpassa logistikk, ifølge Green Mountain.

Massehandteringsplanen som dei tidlegare lokale tomteeigarane fekk laga i 2024, anslår at det er snakk om til saman 388.887 m³ masse.

I ein e-post svarer kommunikasjonssjef Stein Inge Jærnes i Backe dette på Jærbladets spørsmål om status:

«I prosjektet har det så langt blitt kjørt ut ca 80.000 m3 med masse. I massehåndteringsplanen for prosjektet er det i første omgang søkt om å håndtere i underkant av 390.000 m3, og vi forholder oss pr nå til dette.

Vi ser det som sannsynlig at mengdene vil bli større enn først antatt. Ettersom vi får detaljert kunnskap om nye mengder, vil vi supplere med en oppdatert massehåndteringsplan til den allerede innsendt søknaden.»

Må ha bønder med godkjenning

Massehandteringsplanen slår fast at det er «ønskelig at massene i størst mulig grad kan forflyttes lokalt i og rundt tiltaksområdet for å redusere behovet for transport».

På spørsmål om korfor mykje av massane ikkje blir spreidde i nærmiljøet, påpeiker kommunikasjonssjefen at fleire lokale bønder har meldt interesse for jordforbetringsmasse.

«Men vi er avhengig av at de som ønsker å motta dette har nødvendig mottaksgodkjenning fra Time kommune,» skriv Jærnes.

«Pr nå er det kjørt ut jordforbedringsjord til et mindre antall bønder i nærområdet. Vi har mer av denne type jord lagret. Denne vil bli fordelt etter en interesseliste. Her vil vi prioritere de mest nærliggende bøndene som har nødvendige godkjenninger fra Time kommune. Vi oppfordrer her bønder som har godkjennelse som mottak, og som ønsker masser fra oss, om å ta kontakt.»

Meir enn tenkt til Ogna, Gjesdal og Line

Prosjektet er i rute og går etter plan, ifølge kommunikasjonssjefen.

Men undervegs har entreprenøren sett at massane dei tar ut, inneheld meir leire enn antatt.

«Dette er masser som er uegnet til jordforbedring. Det har medført at en større andel enn forventet må fraktes for å bli levert på godkjente massemottak. Ogna, Gjesdal og Line med flere er egnede steder, som også ligger nære prosjektområdet.»

For eigen del er Tom Ree fornøgd med kommunen i denne saka. Ein del  andre bønder som vil ha masse, vil neppe få det svaret dei ønsker seg, ifølge byggesakssjefen i Time.
For eigen del er Tom Ree fornøgd med kommunen i denne saka. Ein del andre bønder som vil ha masse, vil neppe få det svaret dei ønsker seg, ifølge byggesakssjefen i Time. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Kommunen må ta ein snarveg

Tom Ree søkte kommunen på ein fredag i januar og fekk positivt svar torsdag i veka etter, om at han får ta imot 10.000 m³ masse, seier han.

– Generelt tolkar Time kommune regelverket strengt. Men denne gongen var dei kjappe og positive i mitt tilfelle, seier Ree.

Nå må dei berre gi gass overfor andre bønder, meiner han.

– Dette er gull, det er kortreiste masser som vil hjelpa den dårlege jorda på Høg-Jæren. Me har ein periode med verdas beste vêr for massetransport: Kaldt og ikkje snø. Denne gongen må dei vera litt smidige og ta ein snarveg.

Ein del av massane frå Undheim havnar i steinbrotet til Stangeland Maskin på Ogna.  - Bilar køyrer rett forbi oss på veg til Brusand. Det er ganske langt, seier ein bonde ikkje langt frå datasentertomta som meir enn gjerne vil ha gratis tilkøyrt masse på garden.
Ein del av massane frå Undheim havnar i steinbrotet til Stangeland Maskin på Ogna. - Bilar køyrer rett forbi oss på veg til Brusand. Det er ganske langt, seier ein bonde ikkje langt frå datasentertomta som meir enn gjerne vil ha gratis tilkøyrt masse på garden. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ser anleggsbilar køyra forbi

Nå står likevel minst éin bonde som seier han har bedt om å få masse, og ser anleggsbil etter anleggsbil med masse på lasteplanet, køyra forbi på vegen i retning Ogna, der Stangeland har eit pukkverk.

Ifølge Time kommune er også eit deponi i Gjesdal og eit på Line i bruk.

Bonden vil ikkje ha namnet i avisa, men seier dette:

– Me er mange som kunne tenkt oss litt masse. Alt er betre enn myr. Og skulle me kosta det sjølv, ville ingen hatt råd. Men nå køyrer bilar rett forbi oss på veg til Brusand. Det er ganske langt, seier bonden, som seier han ventar i spenning på svar frå kommunen.

– Når toget er gått, er det for seint. Eg håper kommunen ikkje somlar vekk denne sjansen.

– Måtte betala for plan

Også Ronny Skårland, som bur i det nærmaste nabolaget til datasentertomta, har søkt om å få masse, men har ikkje fått svar ennå. Sjølv har han lenge visst om at det ville bli masse å køyra vekk. Han var i dialog med kommunen for eit drøyt år sidan for å høyra om han kunne få noko av den, fortel han.

– Men då sa kommunen at eg måtte betala for å få utarbeidd ein plan for dette, og at det ville bli 500-600.000 kroner. Det har eg ikkje råd til, og då kommunen ikkje spelte på lag, la eg det på is, seier Skårland.

– Kan takka oss sjølv

Dei fleste interesserte bøndene har meldt seg i det aller siste, etter det Jærbladet forstår.

Slik sett kan bønder takka seg sjølv, meiner Skårland.

– TS'en har ein tidsfrist. Når slikt som dette skjer, må folk vera på ballen, det er det som er gamet. For nokre kom det sikkert som eit sjokk at det blir utbygging i det heile. Andre handlar i nået og har ikkje komme på det før. Me kan ikkje syta over at massen blir køyrt bort. Alle sat med dei same korta på handa, og ingen er blitt forskjellsbehandla, meiner Ronny Skårland.

- Massesaker er dei me behandlar som krev mest ressursar. Det er ikkje rom for å korta ned desse prosessane, sjølv i ein spesiell situasjon, seier Svein Harald Dyngen, byggesakssjef i Time.
- Massesaker er dei me behandlar som krev mest ressursar. Det er ikkje rom for å korta ned desse prosessane, sjølv i ein spesiell situasjon, seier Svein Harald Dyngen, byggesakssjef i Time. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Vil ha vedtak «i går»

Datasenterprosjektet har ein «meget stram fremdriftsplan», skreiv Job Arkitekter i ein søknad på vegner av Green Mountain til kommunen 20. januar i år. Dei ba om lov til å gå i gang med graving og legging av infrastruktur – røyr, straumkablar og andre tekniske installasjonar.

Time kommune kjenner også på trykket frå bøndene som vil ha masser levert mens vêret er kaldt og bakken hard, ifølge Svein Harald Dyngen, avdelingsleiar for byggesaker.

– Dei vil ha det vedtaket i går. Men slikt tar tid, for det krev mykje arbeid å følga opp desse søknadane, seier Dyngen til Jærbladet.

– Så her står de mellom to slags partar som har det travelt?

– Sånn kan ein seia det. Men me må følga lover og reglar, seier Dyngen.

- Her hjelper me Vårherre litt. Dette er fantastisk jordforbetring, seier bonde Tom Ree på Undheim om massen han får frå datasentertomta like ved.
- Her hjelper me Vårherre litt. Dette er fantastisk jordforbetring, seier bonde Tom Ree på Undheim om massen han får frå datasentertomta like ved. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Ikkje rom for å korta prosessen

– I ein så spesiell situasjon, korfor kan de ikkje vera litt smidigare?

– Me forstår at dette blir opplevd frustrerande for berørte bønder, men kommunen er bunden av formelle krav til saksbehandling, seier Dyngen.

Han viser til krav om høyring på fire veker, og at slike saker normalt tar rundt 16 veker fordi det er mange «tyngre vurderingar».

– Massesaker er dei me behandlar som krev mest ressursar. Det er ikkje rom for å korta ned desse prosessane, sjølv i ein spesiell situasjon. Mange av bøndene som tar kontakt nå, fekk hausten 2024 beskjed frå kommunen om å begynna søknadsprosessen, ifølge byggesaksleiaren.

Så langt har kommunen vore positiv til to av søknadane, fortel han.

– Men nokre har me rådd til å ikkje søka, fordi ønsket kjem i konflikt med vassdrag. Og mange kjem med urealistiske ønske. Nokre av dei får nok ikkje det svaret dei vil ha, seier Dyngen.

Den verna Stormyråna går like ved datasentertomta og har hatt fleire utslepp av finsediment etter graving.
Den verna Stormyråna går like ved datasentertomta og har hatt fleire utslepp av finsediment etter graving. Foto: Foto: Jærbladet

Nei til vintergraving i éi sak, ja i denne

Jærbladet har fått tips om ei sak i same område, der kommunen avslo å gi løyve til å grava ned ei VA-leidning om vinteren, under hundre meter frå det verna vassdraget som også datasentertomta ligg nær. Grunn: Vassdraget var for sårbart.

– Korfor sa de nei i den saka og ja til den massive gravinga til Green Mountain i den kalde årstida?

– I den første saka var området uregulert. Når ein skal grava i uregulert område, må ein veiga ulike omsyn opp mot kvarandre. For datasentertomta er det ingenting i reguleringsplanen som avgrensar slik, seier Svein Harald Dyngen, avdelingsleiar for byggesaker i Time kommune.