Seljaren er Weatherlands AS, eit familieselskap frå Undheim, der Pål Undheim er dagleg leiar.
Rafi Wunsh (fødd 1971) vart ført opp som ny styreleiar i Vuu1 i Foretaksregisteret tysdag 7. oktober.
Svein Atle Hagaseth, sjef for holdingselskapet Green Mountain Global, er ført opp som styremedlem.
Dei to har same styreverv i selskapet Green Mountain Undheim Investment AS, som driv datasenterverksemd.
Vuu1 AS endrar nå vedtektsfesta formål til drift og utvikling av datasenter og anna verksemd i tilknyting til dette.
Fram til nå har selskapet som vart etablert 15. februar 2021, lagt til rette for kraftkrevjande industri.
Selskapet står registrert som eigar av tomter på totalt 76.151 kvadratmeter ovanfor Undheim.
Omstridd eigar
Azrieli Group har vokse seg store blant anna på eigedom, kjøpesenter, kontorbygg, eldreheimar, langtidsutleige og hotell.
Dei satsa i ein ny bransje ved kjøp av aksjar i amerikanske Compass Data Centers og oppkjøpet av norske Green Montain i 2021.
I ei pressemelding om oppkjøpet la Azrieli Group vekt på moglegheita for vidare vekst i den norske datasentermarknaden.
I nærområdet vårt har både Vagle Næringspark i Sandnes og Kalberg i Time vore aktuelle plasseringar, i tillegg til Undheim.
I sommar stilte Ap-representant Kjell Olav Stangeland spørsmål til ordføraren, om selskapet burde erklærast uønskte i Time.
Oppmodinga var grunngjeven med ein påstand om at Azrieli Group støttar ulovleg busetting på Vestbreidda og krigføringa på Gaza.
Klassekampen skreiv i juli at datasentereigarane sluser pengar til organisasjonar som støttar dette.
– Rikeleg tilgang på elektrisitet
På nettsida skriv Azrieli Group (på ):
Green Mountain, eit leiande datasenterselskap, opererer frå sitt sentrale knutepunkt i Noreg. Norge er ein attraktiv og veksande marknad i Europa, og skil seg ut med rikeleg tilgang på elektrisitet som hovudsakleg kjem frå berekraftige kjelder. Dessutan har den norske energimarknaden relativt lågare kostnader samanlikna med mange andre europeiske marknader. Green Mountain spesialiserer seg på å levere datasentertenester til skytenesteleverandørar og andre globale føretak.
Green Mountain AS hadde eit totalresultat i 2024 på 350 millionar kroner.
Utrekningar NRK har gjort, frå august, viser ifølge kringkastaren at Green Mountain har sikra seg og står i kø for det som til saman tilsvarer 7,6 prosent av Norges straumforbruk.
Morselskapet Green Data AS er eigd 100 prosent av Azrieli Global Ltd.
Jobbar for å utvida
Stavanger Aftenblad skreiv i april at familiebedrifta på Undheim hadde fått med Green Mountain på laget, for å bygga datasenter.
Datasenteret som er under planlegging, er så stort at det ikkje blir plass til annan verksemd som kan utnytta overskotsvarmen.
Weatherlands AS, morselskapet som har selt VUU1 AS vidare, jobbar for å utvida næringsområdet rundt.
I samband med revisjonen av kommuneplanen har dei spelt inn eit område på 279 dekar, skreiv Jærbladet nyleg.
– Weatherlands AS mener at dette arealet egner seg godt for utvidelse av det eksisterende næringsområdet for kraftintensiv virksomhet, og at tiltaket vil være i tråd med både kommunale og regionale utviklingsstrategier for grønn industri og bærekraftig næringsutvikling, står det i eit dokument sendt til kommunen.
Formannskapet i Time fungerer som styringsgruppe for revisjonen av kommuneplanen, og vil jobba vidare med innspelet.
Under opparbeidinga av datasentertomta, der Weatherlands AS er tiltakshavar, har det fleire gongar vore utslepp til Stormyråna.