Datasenter-selskapet Green Mountain har grønt lys for å etablera seg i Time. Men konsernet som eig Green Mountain, er israelsk og støtter den israelske regjeringa i krigføringa i Gaza. Derfor bør dei erklærast uønskte i Time, meiner Ap-representant Kjell Olav Stangeland.
– Har ordføraren moralske motførestillingar til at eit selskap med eigarar som støttar folkemord, etablerer seg i Time kommune? Synest ordføraren det er greitt at Azrieli Group tener pengar i Time som indirekte kan gå til folkemordet på Gaza? Er ordføraren villig til å erklæra Green Mountain og Azrieli Group uønska i Time kommune?
Med desse spørsmåla avslutta Stangeland sitt innlegg i Time kommunestyre onsdag.
Stemte ja til Kalberg – har snudd
Lokalpolitikaren, som seier han i 2021 under tvil stemte for å la Green Mountain bygga datasenter på Kalberg, har snudd i saka.
– I dag hadde eg røysta nei, ikkje berre på grunn av Green Mountain, men også på grunn av energikrisa, krigen i Ukraina og nye jordvernmål, seier han til Jærbladet.
Datasenteret på Undheim stemte han for.
– Det var, som på Kalberg, ei regulerings- eller omdisponeringssak i samband med rullering av arealdelen av kommuneplanen. Der var ikkje Green Mountain i biletet i det heile på det tidspunktet, ifølge Stangeland.
Azrieli Group er Israels største børsnoterte eigedomskonsern. Gruppa bygger, eig og driv kontorkompleks, kjøpesenter, hotell, eldrebustader og bustader for langtidsleige, i Israel og utanfor.
Norge attraktivt økonomisk
Pluss datasenter, med utgangspunkt i det norske Green Mountain, selskapet Azrieli Group kjøpte frå Smedvig i 2021.
Green Mountain har datasenter på Rennesøy, i Enebakk, på Rjukan og på Hamar og er langt inne i planar for tilsvarande på Undheim og på Kalberg i Time, og på Jørpeland.
I omtalen av Green Mountain på nettstaden til Azrieli Group blir Norge beskrive som spesielt attraktivt på grunn av kostnadane: «Norge har Europas lågaste elektrisitetskostnadar. Kombinert med minimal skatt gir det svært gunstige totalkostnadar».
Nasjonen «står saman»
«One heart, one nation. United we stand», erklærer konsernet på nettstaden sin. I eit vindauge på sida tikkar sekund, minutt, timar og dagar som har gått sidan Hamas' voldsomme og dødelege angrep på israelske sivile 7. oktober 2023, med teksten «hundrevis blir haldne som gissel av Hamas. Få dei heim nå».
I innlegget sitt knytta Stangeland det israelske konsernet til aktiv fremjing av ulovlege israelske busettingar på Vestbredden og viste til at selskapet har vore eigar av verksemder i ulovlege busettingar der.
Om krigføringa på Gaza hevda han mellom anna at «Azrieli Group har uttalt støtte til ein nasjon som bombar sjukehus, ikkje tilfeldig, men systematisk og målretta», ein stat som «systematisk og målretta bombar teltleirar der barn blir brent levande».
– Juridisk er det truleg vanskeleg å stoppa planane til Green Mountain, men ein klar uttale frå ordføraren om at Green Mountain er uønska i Time kommune kan kanskje få selskapet til å endra planane. Er ordføraren villig til å erklæra Green Mountain og Azrieli Group uønska i Time kommune? spurte Stangeland.
Må likebehandla alle
Det var ordførar Andreas Vollsund (H) ikkje.
– Me kan ikkje nekta lovlege bedrifter i å komma til Norge og etablera seg i kommunen, basert på om me likar eigarane eller ikkje. Her må me forhalda oss til Stortinget og regjeringa, det er dei som fører utanrikspolitikken og som bestemmer kven og korleis eventuelle boikottar skal setjast i verk, sa han.
– Mange bedrifter ønsker å etablera seg i Time. Eigarforholda er ofte kompliserte. Kommunen skal likebehandla og kan ikkje starta ein praksis der me skal gå etter alle for å finna ut kven eigarane er og om dei driv med god eller dårleg aktivitet.
– Uakseptabelt, må stansa
Men Vollsund sa òg dette:
– Dei forferdelege krigshandlingane på Gaza har vore tema i kommunestyret fleire gonger, og situasjonen nå synest å vera verre enn nokon gong før. Det som skjer på Gaza er eit klart brot på folkeretten. Det er ikkje akseptabelt, og det må stansa. Eg håpar verkeleg på ei våpenkvile og ein varig fred.
Der kunne spørsmålet til Stangeland òg ha stansa. Men i forhandlingane mellom Ap-regjeringa og budsjettpartnarane Sp og SV fekk SV denne veka gjennomslag for eit særskilt krav som held politisk liv i det:
«Stortinget ber regjeringen utrede og innføre forbud mot handel og annen næringsvirksomhet med selskaper som bidrar til å opprettholde Israels ulovlige okkupasjon av palestinske områder».
– Det vil bli forbode å handla med selskap som bidrar til den ulovlege okkupasjonen, stadfestar Ingrid Fiskaa, SVs utanrikspolitiske talsperson, datasenter-motstandar og tidlegare lokalpolitikar i Time.
Det må greiast ut kva for selskap som heilt konkret vil falla inn under dette, dermed er det ikkje mogleg å seia om Azrieli kan komma til å bli omfatta, seier ho.
– Bør vera bekymra
– Men eitkvart selskap som direkte eller indirekte bidrar til massedrap og okkupasjon i Palestina, bør vera bekymra, meiner ho.
Fiskaa seier ho forventar at lovarbeidet skjer raskt og at saka kjem til Stortinget over sommaren.
– Situasjonen i palestinske område er akutt. Me må gjera alt me kan for å stoppa massemordet som pågår, seier ho.
Lokalt var Kjell Olav Stangeland fornøgd med svaret frå ordføraren onsdag. Men han følgde opp ved å visa til budsjettvedtaket i Oslo om eit kommande forbod mot selskap som bidrar til okkupasjonen. Viss Azrieli blir ramma av dette, vil ordføraren endra haldning?
– Viss Stortinget og regjeringa vedtar noko, skal Time kommune og alle andre kommunar i Norge sjølvsagt innretta seg etter det, svarte Vollsund i kommunestyret.
Oljefondet er i Azrieli
Fredag leverte Ingrid Fiskaa eit skriftleg spørsmål til finansminister Jens Stoltenberg, på bakgrunn av rapporten frå ei gruppe på 12 historikarar frå mange av landets universitet. Dei kallar seg Historikarar for Palestina og har på dugnad granska 64 israelske selskap som det norske oljefondet hadde aksjar i ved årsskiftet.
Fondet skulle ha trekt seg ut av 30 av desse etter dagens etikkreglar, konkluderer denne gruppa
Azrieli Group var eit av dei 64 selskapa dei granska. Oljefondet har hatt aksjar i konsernet sidan 2013. Ved årsskiftet eigde det norske pensjonsfondet 0,39 prosent av Azrieli, med ei investering til knappe 440 millionar kroner.
Azrieli er «i ei gråsone»
Azrieli Group «er uløyseleg knytt til Azrieli Foundation, som gir tusenvis av dollar til skular på okkupert område og tilskot til IDF», heiter det i spørsmålet frå Fiskaa.
«Meiner finansministere framleis at noverande system for etiske vurderingar av Oljefondets investeringar er tilstrekkeleg?» spør SV-politikaren.
Azrieli Foundation er ein stiftelse i Azrieli-systemet, forklarer Eli Morken Farstad, doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i søraust-Norge.
Ho har granska Azrieli Group i historikar-samarbeidet. Selskapet er i ei gråsone blant dei investeringane som gruppa meiner Oljefondet definitivt bør ut av.
– Azrieli Group ser ikkje ut til å ha verksemd på okkupert jord, som er eit av dei viktigaste punkta i retningslinene til Oljefondets etikkråd. Men dei har stiftelsen Azrieli Foundation, som er styrt av døtrene til grunnleggjaren av konsernet, og som også leiar konsernet. Ein kanadisk forskar har nyleg dokumentert at stiftelsen finansierer skular på okkupert jord på Golan og i Aust-Jerusalem, og at den samarbeider med IDF, det israelske militæret, seier Morken Farstad til Jærbladet.
Dessutan har Azrieli Group 2 prosent eigarskap i den israelske banken Leumi.
– Denne banken gir lån til utbyggjarar på Vestbredden, og den står på lista til FNs menneskeretts-kommissær over bedrifter som bidrar til okkupasjonen.
Strengare for næringsliv enn for staten Norge?
– Green Mountain påpeiker at også Oljefondet har pengar i Leumi. Er det ikkje på sin plass å gjera noko med det statlege oljefondet før ein peiker på andre aktørar?
– Jo, det er ei utfordring for regjeringa og staten Norge at ein nå skal laga lover som skal gjelda for næringslivet utan at staten eller oljefondet ser ut til å måtta følga like strenge reglar, seier Morken Farstad.
Det er ei tolkingssak om eit selskap er innanfor eller utanfor regelverket, vedgår ho.
Men historikargruppa for Palestina er klar:
– Azrieli Group er eit sterkt problematisk selskap. Her må det gjerast ei tolking på avansert og grundig nivå, så me sikrar at me ikkje bidrar til ein okkupasjon i strid med folkeretten, seier Eli Morken Farstad.
Trur «absolutt» dei bryr seg
SV og Ingrid Fiskaa er mellom dei som jobbar for at Oljefondet òg skal ut av selskap som bidrar til Israels okkupasjon av palestinske område.
I mellomtida trur ho «absolutt» at Azrieli Group vil bry seg om ein eventuell boikott av konsernet i Norge.
– Dei har vist sterk interesse i å få tak i norsk straum og natur. Eg vil absolutt tru at dei bryr seg om dei får sanksjonar på seg eller ikkje. Nå vil selskap som kjem i den kategorien, få valet: Anten må dei trekka seg ut av verksemd som bidrar til okkupasjonen, eller dei vil bli sanksjonert, seier ho.
Azrieli Group har ein kommunikasjonssjef, men oppgir verken telefonnummer eller e-postadresse til henne på nettstaden. Jærbladet har tidlegare denne veka sendt henne innlegget til Stangeland og svaret frå ordføraren og bede dei om respons, men har ikkje fått svar.
Me har òg bede Green Mountains kommunikasjonssjef om kommentar, men har ikkje høyrt tilbake før publisering.