Kyrkjelyden i Ogna sokn var faktisk ein del av Dalane prosti heilt fram til 1988. Nå vil ei arbeidsgruppe gjera alle sokna i Hå til del av Dalane prosti.
Kyrkjelyden i Ogna sokn var faktisk ein del av Dalane prosti heilt fram til 1988. Nå vil ei arbeidsgruppe gjera alle sokna i Hå til del av Dalane prosti. Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

Den norske kyrkja er delt opp i elleve ulike bispedømme, som igjen er delt inn i prosti, som igjen er delt inn i sokn.

Saman utgjer dei ulike sokna i Hå, Time, Klepp og Gjesdal Jæren prosti. Jæren prosti er eit av ni prosti i Stavanger bispedømme.

Vil justera

Det siste året har bispedømmerådet jobba med omorganisering av prostia. Målet er at dei skal bli meir jamstore. Bakgrunnen er endringar som følge av kommunesamanslåingar, blant anna i Stavanger.

I fjor føreslo bispedømmerådet å i praksis legga ned Jæren prosti og senda sokna i Time og Klepp til det som skulle heita «Tungenes og Nord-Jæren prosti» og sokna i Hå og Gjesdal til «Dalane og Sør-Jæren prosti».

Endringar i fleire av dei andre prostia blei gjennomført, men endringane i Jæren prosti blei lagt på hylla.

Det vil seia, forslaget blei sendt til ei arbeidsgruppe som skulle utforma «en mer robust og bærekraftig inndeling» for prostia Jæren, Tungenes og Dalane.

Medan førstnemnde blir vurdert som passeleg stort og velfungerande, blir Tungenes og Dalane rekna som små og sårbare.

Omkamp

Eit halvt år seinare har arbeidsgruppa komme fram til at dei går inn for det opphavlege forslaget.

– Feil veg å gå, var Svein Høyland (Sp) sin dom då saka var oppe til orientering i formannskapet i Hå.

Han meinte at å overføra Hå til Dalane korkje er fornuftig eller føremålstenleg.

– Det er ei velfungerande ordning som me har nå, både kulturelt, historisk og identitetsmessig, sa Høyland.

Høyland fekk med seg resten av formannskapet på det han meinte ville vera eit tydeleg signal, nemleg eit vedtak om at dei ikkje ser positivt på å flytta prostiet frå Jæren til Dalane.

I vedtaket, som var eit fellesforslag, heiter det at dagens organisering er velfungerande og at den føreslåtte endringa «vert feil [...] i både historisk, identitetsmessig, samarbeid og kulturell kontekst.»

Uro i Hå-kyrkja

Ein uttale frå Hå kyrkjelege fellesråd var ikkje særleg positiv og peika på fleire utfordringar med å flytta sokna i Hå over til Dalane prosti:

  • Kyrkja i Hå har i dag lite samarbeid sørover
  • Samarbeidet skjer i hovudsak nordover mot Jæren
  • Hå, Time, Klepp og Gjesdal er fire fellesråd som jobbar tett saman, har felles interesser og er om lag like store
  • Identitet. Kyrkja i Hå er ein del av Jæren, ikkje Dalane

Fellesrådet i dei fire kommunane samarbeider i dag på fleire felt. Å endra prostigrensene truar dette samarbeidet, ifølge kommunedirektøren. Samtidig fryktar Fellesrådet i Hå at arbeidsbelastninga på prestane skal bli større.

I uttalen skriv fellesrådet at det er viktig å ta vare på den jærske identiteten.

«Forsvinn den, er det og lett for at kyrkja blir framandgjort for både folk og politikarar», skriv fellesrådet.

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) fortalde at kyrkja hadde vore i kontakt med han og uttrykt uro over saka.

– På same måte som oss, som kommune, samarbeider dei nordover. Dei ønsker seg dei same samarbeidslinjene som me har, sa Bjorland.

Då orienteringa var oppe i formannskapet tysdag, hadde kommunedirektøren lagt ved eit alternativt forslag som var oppe i førre runde: Å senda sokna i Gjesdal til Sandnes prosti og slå saman Jæren og Dalane prosti, med hovudsete i Time.