Brynhild Grødeland Winther
Brynhild Grødeland Winther, opphavleg frå Grødaland i Hå, har vorte plukka ut til å vera med på Noregs største utstilling av samtidskunst. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Jærbladet har tidlegare skrive om Brynhild Grødeland Winther frå Grødaland, som etter fleire år i arbeid hos IKM, sa opp jobben og tok kunstutdanning.

Nå livnærer ho seg som bildekunstnar på heiltid.

Winther bur i Vestland, men kom i fjor «heim» til Jæren for å stilla ut på Hå gamle prestegard. Dit hadde ho med seg ein serie teikningar, teikna med begge hender ut frå ein slags ordlaus indre monolog. Utstillinga hausta særs gode kritikkar.

Prestisjetungt

Blant teikningane ho stilte ut, var ei teikning som heiter «Home is where ny cat is». Nå har denne halvannan gonger halvannan meter store teikninga vorte plukka ut til Høstutstillingen i Kunstnernes Hus i Oslo.

Høstutstillingen er Noregs største utstilling av samtidskunst. Kunstnarar sender inn verk dei ønsker å stilla ut. Ut frå desse, plukkar ein fagjury ut eit fåtal som får vera med.

Denne teikninga, Home is where my cat is, stilte Brynhild Grødeland Winther ut på Hå gamle prestegard i fjor. Nå er teikninga ein del av den prestisjetunge Høstutstillingen i Kunstnernes Hus.
Denne teikninga, Home is where my cat is, stilte Brynhild Grødeland Winther ut på Hå gamle prestegard i fjor. Nå er teikninga ein del av den prestisjetunge Høstutstillingen i Kunstnernes Hus. Foto: Foto: Brynhild Grødeland Winter

Winther kallar utstillinga «den viktigaste gruppeutstillinga i landet». Ho legg særleg vekt på at alle som vil, kan søka – uavhengig av bakgrunn og utdanning – og at juryen ikkje legg kuratoriske føringar.

– Utstillinga viser slik at ein anerkjenner viktigheita av mangfald, både innan teknikkar og material og tema, seier Winther til Jærbladet.

– Drøyare i fjor

Det er andre gong ho er med på Høstutstillingen. Winther seier det betyr mykje at ho er plukka ut ein gong til, men innrømmer at ho skulle ønske ho fekk vera med i fjor.

– Men eg trur verka eg søkte med då, kanskje vart for drøye for juryen. Det eine var eit sjølvportrett med ståpikk, inspirert av Odd Nerdrum og debattar kring kjønn og arvesynd basert på etnisitet. Den andre teikninga var ein kritikk av «woke», rigide definisjonar og personleg erfaring med å forsøka å gjera noko med homo-hat blant unge muslimar, seier Winther.

Ved sida av å vera kunstnar, er Winther òg ein ivrig samfunnsdebattant. Ho seier Høstutstillingen har preg av å vera «veldig snill og politisk korrekt».

– Det er lite av både kritiske spørsmål, krevjande tema eller provokasjonar, seier ho.

Gigantisk om heimlengt

For tida jobbar Winther med ei landskapsteikning av uvanlege dimensjonar: 3 meter høg og heile 30 meter brei. Teikninga skal stillast ut i Hardanger neste haust.

– Her tek eg utgangspunkt i mi fyrste oppleving av heimlengt. Ho oppstod nede på stranda ein gong eg stod og såg på dei små bølgene, med ryggen mot staden verket skal visast neste år, seier Winther.

I fjor gjorde Brynhild Grødeland Winther stor suksess på Hå gamle prestegard. 30. september opnar ho ei utstilling i Tønsberg, som vert ei slags avslutting av tematikken ho viste fram i Hå.
I fjor gjorde Brynhild Grødeland Winther stor suksess på Hå gamle prestegard. 30. september opnar ho ei utstilling i Tønsberg, som vert ei slags avslutting av tematikken ho viste fram i Hå. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dei små bølgene der inne i fjorden stod i sterk kontrast til korleis jærhavet rullar inn over strendene heime på Jæren.

– Det var noko med bølgene, vinden og lukta, fortel ho, og seier det er vanskeleg å forklara:

– Så eg prøver heller å gripe tak i det med blyanten på papiret.

Winther har aldri ein plan når ho teiknar, og veit difor ikkje korleis teikninga vert til slutt, men seier at ho i teikninga reflekterer kring det å stå på utsida, både i Hardanger-landskapet og elles. Ifølge den utflytta jærbuen reflekterer teikninga òg rundt korleis landskapet påverkar identiteten, og korleis somme aktivt søker å ta avstand frå norsk og vestleg kultur.

I slutten av september opnar ho ei separatutstilling i Vestfold kunstsenter.

– Denne utstillinga vert ei slags avslutting av tematikken eg viste på Hå gamle prestegard, seier Winther.

Ut over vinteren skal ho òg stilla ut i Bergen og i Ålesund.