Hanne Melum-Hansen håpar barn og unge melder interesse for eit nytt musikaltilbod på Bryne.
Hanne Melum-Hansen håpar barn og unge melder interesse for eit nytt musikaltilbod på Bryne. Foto: Privat / Iwona Sar

– No legg fantefølge ned, og då vil det vere mange som mistar plass å vere. Viss me klarer å få med oss nok folk på Jæren til å starte opp der, så vil eg gjerne det.

Det seier Hanne Melum-Hansen, som etablerte Stjernedryss på Ganddal for halvanna år sidan.

Showgruppa som starta opp i det små, har fått fleire instruktørar sidan. Det einaste dei manglar for å utvide til Bryne, er unge jærbuar som er interesserte i musikal og teater.

– Me må vite at det er folk som ønskjer å begynne før eg set hjula i gang, seier ho.

Draum over fleire år

Stjernedryss, som Melum-Hansen anslår tel 70 barn og unge i dag, har sidan oppstarten sett opp Drømmer i korridorene og Peter Pan. Annie er neste på tapetet.

Storstova er gruppa allereie godt kjende med. Seinast første helga i juni hadde dei framsyning der.

Å opprette eit slikt tilbod har vore ein draum for Melum-Hansen i mange år.

– Eg har to døtrer sjølv som elskar dette, og eg har gått med draumen lenge. «Alle skal få vere med», er mitt motto. Alle kan vere med i musikal, uansett kva dei kan bidra med, seier ho.