Gjennom desember og januar var aktivitetsparken i Klepp utstyrt med ei midlertidig isflate.
Den etterlengta banen blei flittig brukt, spesielt i siste halvdel av perioden.
Desember fekk mykje regn, og drifta var noko meir krevjande på grunn av mykje vatn på flata, skriv kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i ei evaluering.
Samtidig svarer ho ut ei bestilling frå kommunestyret, om moglegheita for å etablere ei permanent flate med overbygg, som kan nyttast som isflate i ein periode vinterstid.
«Kommunedirektøren sitt forslag til løysing er ei permanent flate som blir tilrettelagt for is med eit transparent overbygg i glas og tre. Eit slikt bygg vil kunne vere eit godt supplement til parken og nyttast til anna aktivitet og som eit opphaldsrom i periodar der det ikkje er is», skriv ho.
Ei meir permanent løysing er ikkje lagt på is
Kommunen hadde lenge ambisjonar om å bygge aktivitetsparken med isbane, for å halde ved like tilbodet som fanst ved Jærhagen mellom 2005 og 2018.
Planane blei omsider lagt til side. Politikarane løyva 1,5 millionar til den midlertidige løysinga i årsskiftet, for å kome det sterke ønsket noko i møte.
Klarer kommunedirektøren å finne pengar til isflate og overbygg i økonomiplanprosessen, kan likevel vegen mot ei meir permanent løysing vere eit steg nærare realitet.
– Tanken er at ein skal kunne ha is i ein periode, sånn som det var i vinter, og at ein resten av året har ein opphaldsplass med tak for andre aktivitetar, seier Anja Kleppe Lyngra, rådgivar i Klepp kommune, til Jærbladet.
Overbygget som er lagt til grunn vil koste 12 millionar kroner. I tillegg kjem 3 millionar for isflate og tilrettelegging for den, og rundt 500.000 i driftsutgifter årleg, avhengig av kor lenge det skal vere isflate.
Foreløpig har politikarane sett av 3 millionar til eit framtidig bygg over isflate i aktivitetsparken.
– Kva tid prosjektet kan realiserast vil avhenge av kva tid det blir sett av middel til dette. Kommunedirektøren føreslår å sjå på moglegheita for å innarbeide det i handlings- og økonomiplanen, og så må dette tiltaket vurderast opp mot andre tiltak i den prosessen, seier Lyngra.
«Ei eventuell medfinansiering frå sponsorar, gåvefond eller andre eksterne tilskot, vil kunne bidra til ei raskare realisering av prosjektet, enn det som vil vere mogleg innanfor kommunen sine rammer», heiter det i sakspapira.
560 kvadratmeter med overbygg
Flata og overbygget er planlagt plassert på graset, der den midlertidige stod i vinter.
Isbanen får ei rund form. Overbygget blir om lag 560 kvadratmeter og fire meter høgt, og får ei delvis rundt form. Det er planlagt bygga i glas, betong, stål og tre. Veggflater og tak er planlagt bygga i robust glas, slik at det toler vind og ver.
På sommarstid ønskjer dei å opne opp på to sider, for å gjere overbygget meir tilgjengeleg.
«Overbygget vil og vere godt egna for til dømes barnehagar eller andre som ønskjer ein stad å ete niste eller ta ein liten kvil i le. I tillegg er flata planlagd tilrettelagt slik at ho kan nyttast til mange ulike aktivitetar i dei ulike sesongane, til dømes yoga, trimgrupper med enkelt utstyr, samlingspunkt for uformelle grupper til kaffi og drøs, meditasjon, lesestunder, handarbeid med meir», skriv kommunen.
Kommunedirektøren meiner at den midlertidige flata var eit positivt tilskot, og vurderer at ei permanent isflate vil gjere det lettare å legge opp til fleksibilitet for når isflata skal driftast, med tanke på ver og vind.
Ho innstiller på å vurdere å innarbeide kostnader knytt til isflate og overbygg i økonomiplanen. Saka skal til formannskapet, før den blir endeleg behandla i kommunestyret 11. mai.