I dag jobbar han med armering i Stavnem & Vigrestad, men frå 1. desember av går Per Kristian Vold inn i ei ny rolle. Då skal han halda eit overordna blikk med bygginga av ny turnhall på Ogna. I tillegg skal han ta seg av ulike vaktmeisteroppgåver og marknadsarbeid.

– Det blir ein ny kvardag, slår Vold fast.

Mellombels

Det var med skrekkblanda fryd han leverte inn oppseiinga si hjå Stavnem & Vigrestad som har vore arbeidsgjevaren hans i dei siste ti åra og vel så det.

– Du veit kva du har, men ikkje kva du får, seier Vold.

Men han hadde allereie kjent på at det kunne vore gildt å prøva noko nytt, og då idrettslaget tok kontakt, tenkte han at han måtte prøva.

– Når sjansen nå har bydd seg, må eg gjera det eg kan for å få det til. Og om det ikkje skulle gå, er me på Jæren. Her er det alltid mogleg å få jobb, seier Vold.

Grunnen til at det er ekstra spennande, er at kontrakten hans i utgangspunktet ikkje går lenger enn ut 2027. Då skal den nye turnhallen vera ferdig bygd.

– Men både eg og idrettslaget håpar at det er økonomi nok til at eg kan fortsetta, seier Vold.

Satsar på at jobben blir permanent

Han meiner fleire ting talar for at det bør la seg gjera. Med ny bygningsmasse vil behovet for vaktmeistertenester auka. Samtidig er det slik, i både store og små idrettslag, at arbeidet med å skaffa sponsorinntekter aldri er over.

Vold har forståing for at det for Brusand Idrettslag vil vera ei drastisk auke å gå frå to til tre tilsette.

– Eg må levera, slår han fast.

Vold seier han har fått draumejobben, men vaktar seg for å herleggjera han.

– Det må framleis jobbast. Eg kan ikkje berre sitta i ein stol og tenka at nå har eg runda livet. Det var kjekt at dei tok kontakt og hadde lyst til å ha meg der. Nå har eg tretten månadar på å bevisa at dette er eit samarbeid me bør fortsetta, seier han.

Sirevågbuen har vore medlem av Brusand IL sidan han var sju år gammal.

– Eg har spilt fotball der sidan eg var liten. I tillegg har eg hatt ulike verv i mange år. Eg har vore i fotballstyret som materialforvaltar og leiar, eg har vore fotballtrenar for eit par generasjonar og nå er eg a-lagstrenar i tillegg. Så eg veit sånn nokolunde kva eg går til. Eg kjenner anlegget, seier han og ler.

Ny hall til 40 millionar kroner

I november begynner sjølve byggearbeidet på den nye turnhallen. Då skal frivillige grava og køyra vekk masser på dugnad.

– Me reknar med at det blir rundt ti månadar byggetid, seier Vold.

Turnhallen, som har ein venta pris på rundt 40 millionar kroner, skal òg ha plass til golfsimulator og treningssenter, i tillegg til sosialt rom og kontor. Hovudfokuset er likevel turnen, som står sterkt på Brusand.

– Dei er ei stor gruppe i idrettslaget. Me bygger for å gje dei betre plass og vilkår. Dette vil løfta turnen, seier Vold.

Det å jobba ut mot marknaden og potensielle samarbeidspartnarar blir nytt for han. Det vil seia, litt røynsle har han frå den perioden han var styreleiar i B-gjengen.

– Men det kan ikkje samanliknast med det eg skal ut på nå, seier han.

Vold har allereie lagt ein plan om å besøka ein viss «marknadsmessias hjå Bryne FK».

– Så får eg høyra med han om han har nokre triks han kan læra meg, seier han og ler.