– Eg føler eg er med og skapar litt liv i Bryne, seier Olinda Håland.
Når det gjeld Storgata 15, er dette i alle fall ikkje å ta for hardt i: I lengre tid har desse lokala stått gapande tomme, midt i den oppgraderte hovudgata. Det er lenge sidan dei husa Erland Maskin, SR-Bank og Jæren Spa.
Frå 1. september blir det ikkje tomt. Då glir dørene opp til Olinda Håland sitt univers, som også blir kraftig utvida etter flyttinga frå Torget 3:
Der blir framleis stoff som metervare, eigensydd barnetøy – og modellbilar i lange baner. Ho vil fortsetja å selja supporterutstyr for Bryne FK.
Men der kjem òg eit sortiment av lokalproduserte varer som spenner frå jærfjølar til honning til kaffi.
Fellesnemnaren er «lokalt», seier Håland.
Takkar Solvik-Olsen
Inne i det 300 kvadratmeter store rommet er ein gjeng i full gang med å stabla modellbilar i avdelingane der dei høyrer heime: Eitt tidlegare kontor er blitt til BMW- og Mercedes-avdeling, eit anna til Opel-avdelinga og eit tredje skal bli eit fransk hjørne, fortel Håland.
Det var i fjor haust at ihuga modellbilsamlar og tidlegare samferdselsminister for Frp, Ketil Solvik-Olsen, var innom Olinda sin hobby for å kjøpa Bryne-drakt til sonen. På same tida hadde det blitt klart at Solvik-Olsen skulle selja unna ein del av den enorme modellbil-samlinga si.
Han og Olinda Håland kom i drøs, og der og då kom avtalen i stand om at ho kunne selja ein del av det Solvik-Olsen ville bli av med.
Det har gått over all forventning, ifølge Olinda Håland, som meiner ho i alle fall har den største samlinga av modellbilar i Rogaland.
– Bilane er kjempepopulære. Det har teke heilt av. Og sidan eg fortset å selja, har Solvik-Olsen fortsett å kjøpa. På grunn av bilane går det mykje betre for meg òg, så eg må verkeleg takka han, seier ho.
Bilkundane er samlarar, og dei kjem frå heile landet, fortel ho. Nokre sender ho varene til, andre kjem sjølv.
– Ein kom frå Porsgrunn, og han hadde snakka så mykje om Olinda heime at han ville ha kona med for å treffa meg, seier Håland.
Midt i lokalet er det likevel sybordet til innehavaren som skal få plass. Og om dei fleste modellbil-kundane er menn, er eigensydde klede og stoff i metervare noko som mest appellerer til kvinner.
– Det er blitt veldig populært å sy sjølv. Særleg unge jenter er opptatt av gjenbruk og redesign, seier Håland.
– Lever du av dette nå?
– Eg har ikkje tatt ut så mykje løn. Men alt er kjøpt og betalt, eg har ikkje gjeld. Eg skal vel ta ut litt etter kvart, men eg lever nøkternt. Når ein trivst godt med noko, er ikkje pengane det viktigaste, meiner Håland.
- Viss helsa held, skal eg jammen stå på!