Harald Sør-Reime er i dag eigar av huset, som onkelen Martin Sør-Reime budde i.
Harald Sør-Reime er i dag eigar av huset, som onkelen Martin Sør-Reime budde i.

Det raude huset, som ligg åleine nesten midt i vegen på Sør-Reime, har sett mange tragediar. I førre artikkel såg me korleis lósen Martin Hansson Sør-Reime forsvann på havet. Det var han som bygde huset i 1887. Det er eit hus som såg ungar døy, og brør utvandra til USA. Men under Den andre verdskrigen vart det skrive eit nytt dramatisk kapittel i soga om det raude huset.

Den 8. september 1941, samla sju personar seg i Obrestad hamn. Det var gått over eitt år sidan Noreg vart okkupert. Det var ingen av dei som var med i noko aktivt motstandsarbeid, men dei hadde bestemt seg for å kome seg over til Storbritannia.

Båten «Vikingen II» på 24 fot, kryssa Nordsjøen, og kom til Aberdeen etter omtrent 60 timar, 11. september 1941. Etter avhøyr i London, slik som alle måtte gjennom, hamna Martin Sør-Reime inn i Marinen. Brorparten av tenesta gjorde han på den norske jagaren «Glaisdale». Det vart dramatiske år.

I boka om «Glaisdale» siterer forfattaren Leif-Tore Langemyr frå eit brev, kor Martin Sør-Reime var underskriven. Her står det at han hadde tenestegjort på jagaren frå fyrste til siste dag. Men kva opplevde han på dei åra?

Eit sjeldent bilete av Martin Sør-Reime etter at han kom til Storbritannia, saman med andre som flykta frå Jæren. Me ser så vidt hovudet som nr. åtte frå venstre.
Eit sjeldent bilete av Martin Sør-Reime etter at han kom til Storbritannia, saman med andre som flykta frå Jæren. Me ser så vidt hovudet som nr. åtte frå venstre. Foto: Foto: Skjermdump: Det hendte i Rogaland.

Konvoi til Gibraltar

Den norske jagaren heiste kommandoen i Birkenhead utanfor Liverpool 1. juni 1942. Besetninga var på mellom 178–183 mann. Det var med andre ord eit fartøy med mange folk, som skulle bu i lag i storm, stille og krig.

Sør-Reime var såkalla utskriven dekksmann, altså blant dei lågare i hierarkiet. Hans teneste var på dekket på jagaren.

Frå Birkenhead sette jagaren kursen for Orknøyene og marinebasen Scapa Flow. 15. juli var dei klare for krigsteneste. Den fyrste tida gjekk dei som eskortefartøy i Den engelske kanalen, dei hadde flaks og kom ikkje i kontakt med fienden den fyrste tida.

I oktober var dei med på å senke den tyske hjelpekryssaren «Comet». I november fekk dei ei oppdrag å eskortere ein konvoi til Gibraltar i Middelhavet. Konvoi KX-5 bestod av 31 handelsflåtefartøy og 12 eskortefartøy.

Konvoien var ein del av den allierte invasjonen av Nord-Afrika, operasjon Torch. Overfarten sørover gjekk godt. Men etter at dei hadde nådd hamna i Gibraltar, skulle dei i ein ny konvoi attende til England.

Konvoien var i den søre enden av Portugal då ein tysk ubåt gjekk til angrep. Den senka tre skip, mellom anna det britiske hangarskipet «Avenger». For mannskapet på «Galisdale» handla det no om å plukke opp overlevande. Dei berga 533 mann, det største talet berga av eit norsk marineskip, skriv Langemyr.

Dei returnerte til Gibraltar med ei berga, før dei kom attende til teneste i Den engelske kanalen frå desember 1942. Det var i dette området at dei hadde ei særs dramatisk hendig i april 1943. Tyske S-båtar, det vil sei hurtiggåande torpedobåtar, gjekk til åtak på ein av konvoiane. Den norske jagaren «Eskdale» vart senka.

25 mann omkom.

Nordmannen på «Glaisdale» var i same området. Og dei som gjekk tapt der, var mannskap som hadde vore i trening, og truleg òg sosialt saman med Martin Sør-Reime og resten av mannskapet.

Den gamle lovebrua har sett betre dagar, men murane som vart lødde opp av familien Sør-Reime held stand.
Den gamle lovebrua har sett betre dagar, men murane som vart lødde opp av familien Sør-Reime held stand. Foto: Foto: Asgeir Ueland

Frå Sør-Reime til Normandie

«Galsdaile» dreiv òg eskorte for canadiarane som gjekk i land på Junostranda, ei av dei fem strendene kor dei allierte gjekk i land under invasjonen av Normandie, 6. juni 1944. Etter invasjonen haldt dei fram med eskorte over kanalen. 23. juni gjekk jagaren på ei mine.

Jagaren flaut og vart slept attende til Storbritannia for reparasjonar. Men Martin Sør-Reime hamna no over på minesveiparen «Oksøy». Han vart òg med den til Finnmark etter freden. Her jobba han til han vart demobilisert i 1946.

Etter fem år kom han attende til Huset på Sør-Reime.

– Då han kom heim sa Martin at han hadde håpa at nokre andre hadde teke over garden.

Jamvel om huset i dag står tomt, vert jorda rundt halden i hevd.
Jamvel om huset i dag står tomt, vert jorda rundt halden i hevd. Foto: Foto: Asgeir Ueland

Stille om stormen

I staden vart Martin Sør-Reime gåande som bonde og fiskar fram til han fekk krigspensjon, truleg etter ein reform i 1968. Martin Sør-Reime var då 56 år gammal.

Det vart nevøen Harald som tok over jorda, og dreiv garden til familien Sør-Reime så lenge han dreiv garden på Grødaland. I dag er jorda utlegd.

Martin Sør-Reime gifta seg aldri. Han snakka lite om kva han hadde vore gjennom i tida i Marinen. Men gitt skildringane i boka om «Glaisdale» er det truleg at han bar med seg mange traume.

Jærbladet fekk han i tale i 1995, den gong tala han om flukta til England. Tida i Marinen sa han ingenting om.

Etter at Martin Sør-Reime døydde, har det vore nokre leigebuarar i huset. Men det er over ti år sidan dei skrudde av straumen i huset, truleg for godt.

Tomt hus med mange soger

Huset som i dag er raudt, ber spor etter tidas tann. Det er og har vore eit spartansk hus. Slik det ligg i dag, rett i vegkanten, er det heller ikkje noko praktisk restaureringsobjekt.

– Det skulle nok vore flytta, seier eigaren Harald Sør-Reime i dag.

Sjølv er han 80 år no. Men han er ein av dei siste som kan hugse den gong lyset brann i vindauga hos familien Sør-Reime i huset rett i kanten av det folk framleis kallar riksvegen.

Men uansett kva som vil skje med huset i framtida, så har det vore eit hus med innhald. Eit hus med folk som har kjempa mot overmakta. Eit hus som har sett mange tårer, over døde born, farar, brør, og ein siste fastbuande som opplevde krigens gru.

Det er med andre ord eit uvanleg hus, som ligg der i vegkanten og som tusenar køyer forbi på veg nordover eller sørover på Jæren. Dei gamle veggane kan ikkje tale, men det finst spor folket som har budd her, både i aviser og bøker.

Og no kan de ofra dei folka som ein gong budde her, ein kort tanke neste gong de fer forbi.

Kjelder: Namnesøk på nb.no; Ragnar Ulstein, Englandsfarten bind 2; Torgeir Edland Gards og ættesoga for Nærbø; Harald Sør-Reime; Leif-Tore Langemyr – Jagaren Glaisdale; Jærbladet 8.5.1995; Krigsseilerregisteret.no.

Takk til Tor Bjørn Ueland, som spora opp kor dei som utvandra til USA hamna.