Onsdag sat Mattea Skjeldal Kindervaag i landskapet ho deler med fire kollegaer i Kulturbanken.
Ho las i Jærbladet om småbarnsmora Ellen på Bryne og mangelen på fritidstilbod i Time for små barn med nedsett funksjonsevne, mellom andre Ellens dotter på seks år.
«Hårreisande!» braut ho ut.
Kort prosess
Derifrå tok det nokre små timar før Kulturbanken hadde gjort eit vedtak. Til avisa kom denne e-posten frå Kindervaag:
24-åringen frå Tu begynte i jobben som avdelingsleiar for dans i Kulturbanken etter påske.
Sidan ho sjølv vanka i dette miljøet som tenåring, har ho rokke å gå to år på folkehøgskule med dans som spesiale, og å ta bachelorgrad i dansekunst og koreografi ved Høyskolen for dansekunst i Oslo.
Dans for alle
Der var ho òg med då skulen samarbeidde med Kompani D, eit dansekompani av utøvarar med og utan nedsett funksjon.
– Det var enormt spennande og tende gnisten min for å jobba med tilrettelagt dans. Mange av deltakarane hadde ikkje verbalt språk. Likevel kommuniserte me. Dei brukte kroppen og sansane på andre måtar, friare. Eg lærte sjukt mykje av dette, seier Mattea Skjeldal Kindervaag.
– Alle skal ha like sjansar til å vera med, legg ho til.
– Vondt å berre sjå på
Det synet deler ho hundre prosent med Ellen Caroline Granlund, småbarnsmora på Bryne som ga uttrykk for kor vondt og einsamt det er å sjå sitt eige barn måtta vera passiv tilskodar til alt funksjonsfriske barn driv med.
Dottera hennar er seks år og har ifølge mora ein sjeldan genmutasjon som gir kognitive, motoriske og språklege utfordringar.
– Ho passar ikkje inn i ein ordinær fotballklubb eller på bowling. Men eg vil at ho skal høyra til, like mykje som andre barn. Det ho treng, er å sitta rundt eit bord saman med andre og putla med noko, vera ute og grilla, eller andre aktivitetar der ho blir sett og inkludert, sa Granlund.
Ho er også aktiv i Løvemammaene, ein organisasjon som kjempar for rettane til barn og unge med sjukdom og funksjonsvariasjon og deira familiar.
Ny lov forpliktar kommunen
Frå i år har desse barna eit nytt vern i lovverket, etter at Norge bakte konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, CRPD, inn i menneskerettslova.
Men i Time finst ingen tilrettelagde fritidstilbod for born under 12 år, vedgjekk fritidssjef Stian Langeland i Time kommune. Han meinte likevel at slikt burde finnast og opplyste at han jobbar med saka.
Møteplass for foreldre
Nå kjem Kulturbanken kommunen i forkjøpet.
– Me vil gjerne få til ein kulturklubb som kan innehalda alt mogleg innanfor kunst og kultur. Me kan ha musikksamlingar, sanseopplevingar, me kan måla på svært lerret, og me kan dansa i lag. Me kan tilpassa oss det ungane har lyst til, seier Mattea Skjeldal Kindervaag.
Dessutan må det bli ein møteplass for foreldre, understrekar ho.
– Det er like viktig. Mange føler seg så aleine.
Treng påmeldingar
To ting trengst før alt kan setjast i gang: Minst åtte deltakarar. Og pengar.
– Viss me får dette på plass i løpet av sommaren, er det ingenting i vegen for å starta til hausten, meiner Kindervaag, som også har kontakt med ein spesialpedagog som kan bidra.
Nok deltakarar blir neppe eit problem, meiner Ellen Caroline Granlund.
Ho blei tindrande glad då Mattea Skjeldal Kindervaag tok kontakt etter å ha lese saka om henne og dottera.
– Det er så rørande at dei hiv seg rundt på denne måten, seier Granlund. Ho meiner likevel at kommunen har plikt etter lova til å bidra til at tilbodet kjem opp og stå.
Fleire andre foreldre har meldt seg til henne og vore samd i at det trengst eit tilrettelagt fritidstilbod for barna deira. Ho vil også orientera andre i Løvemammaene i regionen om Kulturbankens plan, seier ho.
Sjølv gler Granlund seg til å sjå sin eigen seksåring få leika og dansa saman med andre.
– Dette er heilt fantastisk! Eg gler meg til ho kan starta!
– Pengar finst
Over 200 barn går på fritidstilbod i Kulturbanken, og i løpet av eit år har organisasjonen over 5.000 besøkande, opplyser Iren Førland, eldsjel og dagleg leiar.
Til nå har dei likevel ikkje hatt noko spesielt tilrettelagt tilbod for barn med nedsett funksjon.
– Me er avhengige av at nokon tar kontakt og fortel at dei treng det. Sånn er det andre stader òg: Viss nokon hadde ringt til tennisen, ville dei sikkert òg ha tatt grep, trur ho.
I Kulturbanken meiner dei òg at kommunen har eit ansvar.
– Me oppfordrar kommunen til å gi beskjed om så prekære behov. Dei må spela mykje meir på frivillige lag og foreiningar viss framtida skal bli trygg, seier Førland.
Viss dei får nok deltakarar, vil dette med pengar ordna seg, ifølge dagleg leiar.
– Der finst mange støtteordningar, statlege, fond, stiftelsar og legat. Dessutan er næringslivet her dritgode når me spør. Dei forstår verdien av mangfald og fritid, seier Iren Førland.