– Det er eigentleg «hål i håve» å stenga Frøyland helsestasjon. Der bur ganske mange nye foreldre, og der blir det bygd ganske mykje nytt. Å ha alt i dette lokalet på Bryne som ikkje er stort nok, gir lite meining. Det er mykje som går. Men optimalt er det ikkje, seier Karoline Haga.
Denne morgonen sit ho på golvet på Bryne helsestasjon saman med dottera Julie, som skal på 18-månaderskontroll. Hit har ho køyrt i bil.
Alternativet blir tungvint: Mellom Kvernaland og Bryne går det to bussar til dagen. Med tog frå Øksnavadporten må ein først ta seg dit, forklarer ho.
Før kunne ho gå til helsestasjonen, seier Haga.
– Det gjorde dei fleste.
Protesterte forgjeves
Tobarnsmora var ei av 371 foreldre som i fjor mobiliserte i protest mot planane om å legga ned Frøyland helsestasjon, eller å samlokalisera den med Bryne helsestasjon, som er verbet på kommunalt omstillingsspråk.
Dei nådde ikkje fram.
I sommar stengde det lokale tilbodet, og 291 barn mellom null og fem år blei overført til helsestasjonen på Bryne.
Større utgifter enn inntekter
Bakgrunnen er at Time kommune har hatt overforbruk i forhold til budsjett i fleire år, og at skatt og andre inntekter ikkje held tritt.
Det må kuttast i budsjetta.
Dei folkevalde har vedtatt ein økonomiplan som fram mot 2029 skal redusera kommunens utgifter med til saman 45 millionar kroner.
Vondt, men nødvendig, meinte politikarane.
Planen blei konkretisert til kutt i driftsutgiftene i helse og velferd med to millionar kroner i 2026, fire millionar i 2027 og 6,75 millionar i 2028 og i 2029.
I dette dragsuget av innsparingar gjekk Frøyland helsestasjon med.
Omsorgssenteret vegg i vegg trong større kapasitet, og det ville ha kosta mykje meir å få til nytt lokale for helsestasjonen i nærmiljøet, enn å flytta tenesta til Bryne.
Frå i sommar har dermed foreldra til småbarn frå Frøyland måtta legga om ruta til helsestasjonen.
Nå ligg den, som for alle 1.422 barn i Time i alderen null til fem – unntatt dei på Undheim – i Hulda Garborgs veg 8 i Bryne sentrum.
Kjende fjes
På Bryne helsestasjon treff Karoline Haga og vesle Julie i alle fall dei same blide fjesa som dei kjenner frå Frøyland:
To helsesjukepleiarar, ein helsesekretær og jordmor som var der ein dag i veka.
– Brukarane får akkurat det same tilbodet her, forsikrar Marianne Nesbø, leiar for helsestasjonstenestene i Time.
I dag er det helsesjukepleiar Liv Thu Oftedal som måler Julie si vekt og lengde, undersøker kropp, høyrsel og syn, språk, kontakt og rørsler.
Det skjer utan skrik eller skrål frå Julie si side.
Fleire heimebesøk
Helsesjukepleiarane treivst òg godt på Frøyland. Men nå gjer dei det beste ut av den nye situasjonen.
Mellom anna går dei på fleire heimebesøk til nyfødde i dette området, enn før.
– Alle får heimebesøk etter fødsel. Men nå køyrer me òg heim til folk for å følga opp vekta til barnet den første tida, seier Thu Oftedal.
Ho og kollegaen merker likevel at ein del er frustrerte over flyttinga.
– Dei fleste brukarane har sagt at dei saknar Frøyland, seier helsesjukepleiar Inger Helen Torheim.
Nokre av familiane har berre ein bil, og det har ført til at det finst fedrar som må ta fri frå jobben for å køyra.
Dessutan vil dei fleste ha time tidleg eller seint på dagen når dei skal ta seg til Bryne, ifølge helsesjukepleiarane.
Andre er tilflyttarar med lite sosialt nettverk på Frøyland og har hatt glede av å bli kjent med nærmiljøet i venterommet på helsestasjonen.
– Det blei fort til at ein kom i snakk om kva barnehage ungen skulle gå i, seier Karoline Haga.
Den grøne sofaen frå venterommet på Frøyland er blitt med til Bryne.
Men kanskje er terskelen for å ta initiativ til samtale blitt høgare, trur både tobarnsmora og helsesjukepleiarane.
Same stab, likt tilbod
Tilbodet etter samanslåinga fungerer bra, meiner Marianne Nesbø.
Leiaren for helsestasjonstenestene har sjølv kontor på helsestasjonen og ser den daglege straumen av spedbarn og smårollingar med foreldre.
Nå har ho alle på helsestasjonen under eitt tak: Sju helsesjukepleiarar, fire legar og to helsesekretærar.
– Me har akkurat like mange årsverk og akkurat likt tilbod som før, seier ho.
Men ei sentralisering er det, og ho skjønnar at foreldre på Frøyland ikkje likar endringa.
– Dette er jo ein overgang og eit resultat av omstilling. Når kommuneøkonomien ikkje er betre, må me forhalda oss til det, seier Nesbø.
Time er ikkje den einaste kommunen der helsestasjonar blir lagt ned, påpeiker ho:
Klepp har berre ein helsestasjon, og Sandnes har samla tilbodet på to stasjonar i sentrum.