Regine Refsnes, Vilde Bilstad og Karoline Fosse er blant dei som har fått i oppgåve å måle skilt, lage bardisk og klargjere diverse rekvisita, som skilt og portalar, på leirområdet.
Regine Refsnes, Vilde Bilstad og Karoline Fosse er blant dei som har fått i oppgåve å måle skilt, lage bardisk og klargjere diverse rekvisita, som skilt og portalar, på leirområdet. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Måndag morgon, mindre enn tolv timar etter Norges bragd mot Brasil, er det ikkje urimeleg å tenke at dei fleste som har moglegheita søv litt ekstra frampå.

Men for mange ungdommar på Jæren var det ikkje dagen for å slumre.

Karoline Fosse er i gang med målerulla.
Karoline Fosse er i gang med målerulla. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Klokka 10 skal det ha vore mellom 50 og 60 engasjerte på plass for å bidra med gratis arbeidskraft på Øksnevad videregående skole. Den neste veka skal dei, og nokon fleire, vere med og gjere området klart til festivalen som skjer frå 14. til 19. juli.

Dugnadsarbeidet starta så vidt fredag.

Liv Slettebø, Gunnar Tunheim, Karine Berge og Emma Brattebø i aksjon.
Liv Slettebø, Gunnar Tunheim, Karine Berge og Emma Brattebø i aksjon. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Me brenn for dette. Det er givande å gjere noko utan lønn, å gjere noko for folket – for at me kan samlast og vere ein stor gjeng og ha det gildt, seier Regine Refsnes, leiar for Orre Bygdeungdomslag.

Kribla etter å kome i gang

Det årlege stemnet blir arrangert på ulike stader i landet, og skal no til Rogaland for første gong på 15 år. På programmet står konkurransar, konsertar, aktivitetar og sosialisering.

Gunnar Tunheim søv i ei campingvogn på området i tre veker – både under opprigg, festivalveke og nedrigg. Om rundt ei veke vil det vere eit fleirsifra antal slike tilhengarar på området bak skulen.
Gunnar Tunheim søv i ei campingvogn på området i tre veker – både under opprigg, festivalveke og nedrigg. Om rundt ei veke vil det vere eit fleirsifra antal slike tilhengarar på området bak skulen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Deltakarane søv i telt og campingvogner på kjelvene bak skulen.

Tidlegare i år sa komiteen til Jærbladet at dei ventar seg mellom 2.000 og 3.000. Åtte dagar før festivalstart anslår Gunnar Tunheim, som har hovudansvar for leir og teknisk, at det har kome inn rundt 1.000 påmeldingar – utan at dette er ei kjelde til stress for han.

– Me manglar ein del, men dei kjem som regel siste veka. Jærbuane er dei som har kjøpt minst. Der har me så vidt bikka 100. Her er me spontane, så dei kjøper på dagen, tippar eg.

Saman med resten av komiteen, tar Gunnar Tunheim utfordringa med å organisere den årlege begivenheita på strak arm. Her står han framfor det som skal bli eit 2.000 kvadratmeter stort hovudtelt på plassen.
Saman med resten av komiteen, tar Gunnar Tunheim utfordringa med å organisere den årlege begivenheita på strak arm. Her står han framfor det som skal bli eit 2.000 kvadratmeter stort hovudtelt på plassen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Veka før festivalen skal ungdommane setje opp 2.500 meter med byggegjerde, leggje grus, få kopla straum, klargjere eit hovudtelt på 2.000 kvadratmeter og organisere mat, aktivitetar, konsertar og langt meir.

– Me har berre kribla etter å kome i gang. Me veit ikkje heilt kva me går til, då me aldri har gjort det før, så det blir å prøve å gjere det beste ut av det, seier Tunheim.

Kjetil og Vegard Søyland lagar barelement.
Kjetil og Vegard Søyland lagar barelement. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er hovudsakleg frivillige ungdommar som står bak arrangementet, men undervegs vil også for eksempel Norges Bondelag og Norges Bygdekvinnelag vere delaktige, i tillegg til foreldre og andre som stiller opp.

150 benker blei bygga for anledninga tidlegare i år.
150 benker blei bygga for anledninga tidlegare i år. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Du får igjen for det

Ronja Hadland er blant dei frammøtte måndag morgon. Ho skal køyre maskinar og setje opp byggegjerde rundt leiren.

– Det er gildt. Du får jo igjen for det, og folk snakkar om det i etterkant, seier ho.

Gunnar Tunheim anslår at det gjennom veka før leir blir 70 frivillige ungdommar, utanom komiteen på 13. Ronja Hadland er éin av dei.
Gunnar Tunheim anslår at det gjennom veka før leir blir 70 frivillige ungdommar, utanom komiteen på 13. Ronja Hadland er éin av dei. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Olav Goa, hovudansvarleg for straum, vedgår at det er tidkrevjande, men synest det er veldig kjekt å bidra til å lage eit såpass stort arrangement.

– Det er også eit ork og eit slit, men ein får ikkje gjort noko utan det, seier han.

Olav Goa (til høgre) får hjelp av Einar Grude til elektronikken.
Olav Goa (til høgre) får hjelp av Einar Grude til elektronikken. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim