Jærbladet har tidlegare skrive om at det er lite bygging av nye bustader på Varhaug.
Det har blant anna å gjera med at det som skulle vera den neste store utbygginga, Leksaren, stangar i rekkefølgekrav som er så omfattande at utbyggaren så langt ikkje har sett syn på å gå i gang.
Nå seglar eit nytt alternativ opp: Optimera vurderer å utvikla Reiestadmarka, eit område rett vest for Leksaren, for bustadbygging.
Delar av området er allereie sett av til bustadformål i kommuneplanen.
Terje Knag er leiar for tomteutvikling i Optimera. Han kallar det eit spennande område.
– Me har hatt ein opsjonsavtale der ganske lenge, seier han.
Vil til Jæren
Optimera har hatt ein god del tomter i Sandnes, Sola og Time og jobbar nå med, som Knag formulerer det, «å strekka seg litt lenger ut.»
Knag seier det skjer ting på Jæren.
– Me ser at det er ein del andre aktørar som jobbar i området. Det er mykje aktørar me allereie har kontakt med. Nå prøvar me å ta saka vidare og sjå på kva moglegheiter som ligg for detaljregulering og eventuelle samarbeid med andre aktørar i området, seier han.
Optimera er opphavleg ein byggevareleverandør, men etter kvart er dei òg representerte i ein god del byggutviklingsselskap.
– For oss er det interessant å komma tidleg inn i verdikjeda. Me leverer tomter til kundane, mot at dei kjøper materialar frå oss. Det er noko me vil fortsetta med og sjå om me kan levera tomter til dei byggmeistrane som er i regionen, seier Knag.
– Utviklinga av Leksaren har stagnert på grunn av det utbyggaren der meiner er rekkefølgekrav som vert for dyre. Dei same rekkefølgekrava kan fort verta ein del av reguleringa av Reiestadmarka, òg. Kva tankar har de gjort dykk om dette?
– Me har ikkje gjort oss så mange tankar om rekkefølgekrav. Nå handlar det først og fremst om å få klarlagt dette med kommune, Statsforvaltar og dei andre som har noko dei skulle ha sagt i dette.
Knag legg til at mykje likevel vil handla om samarbeid med andre aktørar.
– Om rekkefølgekrava er noko som tener alle, er det heilt vanleg at kostnadane vert fordelt. Men først må me sjå kva kommunen seier, og så får me sjå på kva moglegheiter som finst for samarbeid med andre, seier Knag.
Målet, seier han, er å finna ei god løysing som kan tena både kommunen og framtidige utbyggarar på området.
Vil flytta barnehage
Nyleg fekk politikarane i Hå servert ein moglegheitsstudie for Reiestadmarka, utarbeida av kommuneadministrasjonen. Studien viser korleis området kan byggast ut over tid.
Moglegheitsstudien er ein nødvendig føresetnad før området eventuelt kan regulerast til bustadbygging.
Kommunen ser i studien føre seg Reiestadmarka som eit område bunde saman av gatetun og grøntstrukturar og som kan byggast ut over fleire trinn.
Det freda gravfeltet frå jernalderen som ligg mot Leksaren, skal opparbeidast som eit friområde. I tillegg skal flaumsikringa for Varhaug sentrum nyttast til grønt uteområde med leike- og møteplassar.
I første omgang er det aktuelt å bygga ut eit område på 13 dekar i aust, nær Leksaren.
Kommunedirektøren ser for seg mellom 74 og 90 bueiningar, fordelt på anten rekkehus, åtte- og firemannsbustadar eller leilegheitsbygg i ulike kombinasjonar, alt etter kor tett ein ønsker å bygga.
I dag er det, i tillegg til noko bustadar, regulert inn ein barnehage her. Den føreslår kommunedirektøren å flytta lenger vest, til ein del av Reiestadmarka som uansett ikkje er aktuell å bygga ut i første omgang, ettersom det her er regulert til landbruks-, natur og friluftsformål (LNF).
Det gjer at det ikkje er sikkert at ein eventuell barnehage på vestsida av Reiestadmarka lar seg realisera i det heile tatt. Likevel tilrår kommunedirektøren dette grepet. Grunnen er enkel: Det er overkapasitet på barnehageplassar på Varhaug. Om dette i framtida skulle endra seg, finst det uansett eit ferdig regulert område til ny barnehage i Bratlandsmarka.
Størst i vest
Den vestlege delen av Reiestadmarka er den største. Området er på 71 dekar, noko som kan gje plass til meir enn 250 bueiningar.
Her er tanken at området skal sentrerast rundt eit torg med urban leikeplass og uteområde som kan koplast saman med den framtidige barnehagen. Ettersom barnehagen vert liggande rett ved torget, kan det vera naturleg å nytta han til felleshus for nabolaget. Barnehagen skal òg kunna nytta den blågrøne strukturen som går gjennom Reiestadmarka til eit utvida leikeområde.
Også den vestlege delen av Reiestadmarka skal koplast saman av eit gatetun med fartsdempande utforming og sambruksområde.
Kommunedirektøren føreslår òg å laga til eit turdrag rundt heile Reiestadmarka.
Her kan det likevel vera på sin plass å ta atterhald. Den vestlege delen av Reiestadmarka er sett av til LNF-føremål i kommuneplanen. Området ligg innafor den langsiktige grensa for jordvern, men sidan den grensa vart teikna opp, har det kome strengare føringar for omregulering av jordbruksjord. Dermed er det ikkje sikkert at overordna styresmakter vil gje grønt lys til omreguleringa, trass i at dei tidlegare har gjeve tommel opp til kommuneplanen.
Fleire til å betala
Magnus Ånestad (KrF) er leiar i Utval for samfunn i Hå. Dei hadde moglegheitsstudien på bordet i førre veke. Tysdag denne veka var saka oppe i kommuneplanutvalet.
Ånestad karakteriserer studien som «gode nyheiter».
– Det er veldig gode nyheiter. Absolutt. Det er mange år sidan det har skjedd noko der, seier Ånestad.
Han meiner tiltaka som vert løfta fram i moglegheitsstudien, inkludert flyttinga av barnehagetomta, er gode. Han viser til at barnehagedekninga på Varhaug er god.
– I tillegg har me andre ledige tomter til å bygga ut meir barnehage på. Eg tenker det er fornuftig at me ikkje bandlegg denne tomta til barnehage nå, seier Ånestad.
Utvalsleiaren håpar det som nå kan vera i ferd med å skje i Reiestadmarka òg kan vera gode nyheiter for Leksaren, og at det vert fleire til å betala for rundkøyring i og undergang under Varhaugvegen, som er noko av det som har gjort at det har stoppa opp i Leksaren.
I saksframlegget sitt er kommunedirektøren inne på same poeng. Grepet med å flytta barnehagen sørger for plass til fleire bustadar, som igjen kan vera med på finansieringa av rekkefølgekrava.
– Kan henda kan me, når reguleringsplanen kjem opp, tenka litt likt som me gjorde på Nærbø og laga ein fordelingsnøkkel fordelt på talet på bueiningar, seier Ånestad.
På Nærbø har det kome på plass ei refusjonsordning. Der har kommunen tatt på seg å legga ut for ei rundkøyring som er eit rekkefølgekrav for utbygging på fleire eigedommar i nærleiken.
Tanken er at kommunen skal krevja refusjon frå eigedommane som kan byggast ut som følge av den nye rundkøyringa. Kor stor del av kostnaden kvar enkelt eigedom må bera, kjem an på kor mykje dei kan byggast ut.
Må regulera vekk tre dekar LNF
Moglegheitsstudien for Reiestadmarka legg opp til at den austlege delen vert litt større enn det han er i dagens kommuneplan.
I utgangspunktet betyr det at om lag tre dekar med LNF-område går tapt.
Kommunedirektøren meiner dette kan forsvarast, då dei tre dekara ikkje vil gå til bustadbygging, men til infrastruktur, flaumveg og grøntstruktur.
Kommunedirektøren skriv at dette må avklarast i regionalt planforum, der både fylket og Statsforvaltaren i Rogaland er representert, før reguleringsarbeidet eventuelt kan begynna.
Utvalsleiar Ånestad understrekar overfor Jærbladet at i praksis vil ikkje omreguleringa føra til nedbygging av noko som ikkje allereie er sett av til bustadar.
– Det er berre snakk om flaumsikring, seier han.