Dei får prisen for arbeidet dei har gjort med å ta vare på og restaurera to av dei eldste bygga i Storgata, Steinslandshuset frå 1918 og Aarresmiå frå 1890-talet.
Dei to husa er dei einaste som står att frå pionertida etter etableringa av jernbanestasjonen i 1878, då Bryne vaks fram som handelsstad.
Då dei tok imot prisen, fortalde snakka Underhaug om foreldregenerasjonen som bygde Mølleparken på dugnad.
– Av og til gjer du ting, uavhengig av om dei løner seg eller ikkje. Då er det andre grunnar, sa Underhaug.
– Me er glade i Bryne, la han til.
Bevara tradisjonar
Carlsen og Underhaug har drive restaureringsarbeidet saman, gjennom det felles firmaet Smieparken AS.
Underhaug fortalde at arbeidet har tatt rundt fem år. Først heilt nyleg kunne dei markera etter å ha mottatt den siste ferdigattesten. Feiringa var sjølvsagt på Smiå Café, som held til i Smiegården.
I Steinslandshuset vegg i vegg er det butikk og neglesalong. To ukrainske familiar bur i leilegheitene.
Mykje av bykonferansen handla i år om byfornying, med innlegg frå blant anna byantikvaren i Sandnes, Gro Persson, og Even Smith Wergeland, som er førsteamanuensis ved Institutt for arkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
– Det er bra de tar opp byutvikling og kva me gjer med desse gamle husa, sa Carlsen.
Han fortalde at han tidvis har vore lei seg over at det tydelegvis har vore så lett å riva.
– Men eg ser at nå er det stor interesse for å bevara tradisjonar, sa han.
Viktige for utviklinga av byen
Carlsen poengterte at Steinslandshuset og Aarresmiå ikkje berre er fiksa opp.
– Det er ny isolasjon, teknologi og materialbruk som gjer at dei er klare for nye hundre år, sa han.
Det er andre gong Reier Carlsen får Byutviklingsprisen. Carlsen fekk òg prisen i 2003, første året han vart delt ut.
Det var Time-ordførar Andreas Vollsund (H) som delte ut årets pris under Bykonferansen i Bryne kino torsdag.
Saman med Bryne Næringsforening og Brynes vel har Time kommune sidan 2003 delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».
Juryen for årets pris var Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Odd Ivar Nese, kommunikasjonssjef i Time kommune.
I grunngjevinga for å gje prisen til Carlsen og Underhaug heiter det at prisvinnarane i mange år har vore engasjert i korleis Bryne sentrum kan utviklast best mogleg.
«Dei har både saman, og kvar for seg, hatt prosjekt som har vore viktige for utviklinga av byen vår», skriv juryen.
«Gjennom sitt arbeid med dei to historiske bygningane har årets prisvinnarar både teke vare på to kulturminner på ein god måte, og samtidig gitt dei nytt liv. Dette er bra for både identiteten til byen vår, og for framtida til Storgata», heiter det i grunngjevinga.
For eitt år sidan starta Sophia Edbäck Smiå Café i Aarresmiå. Dette har juryen merka seg og slår fast at den nye bruken av den gamle smia trekk både timebuar og folk utanfrå kommunen til Bryne.
I oktober i år fekk Aarresmia byggeskikkprisen.
«Det er ingen tvil om at årets prisvinnarar har brukt både tid, krefter og penger for å gjennomføra prosjektet, og det er heller ingen tvil om at resultatet er viktig for utviklinga av Bryne», konkluderer juryen for årets byutviklingspris.