Er det éin ting me veit om livet her på Vestlandet så er det regnar.
Av litt nyare dato er kunnskapen om at regnskura blir kraftigare enn før, samtidig som det er færre flater som kan absorbera alt vatnet.
Nye røyr
Overvasshandtering er viktigare enn nokon gong.
Kommunar over heile landet grev for harde livet. Dei må byta røyr, ikkje berre fordi dei er gamle, men òg fordi det trengst større overvassrøyr enn før.
I Hå har turen nå komme til dei austre delane av Varhaug sentrum.
Her skal kommunen byta røyra som går nedover Dublandsvegen og renn ut i Brattlandsåna på nordsida av tettstaden.
Dei begynner med slutten, altså i Brattlandsåna. Jobben ligg allereie ute på anbod, medan ein søknad om å få grava i bekken er til behandling hos Statsforvaltaren i Rogaland.
Av omsyn til naturmangfaldet er det i utgangspunktet berre lov å grava i bekken mellom juli og oktober, men kommunen har eit håp om å få eit unntak.
– Om Statsforvaltaren seier me ikkje får lov, må me venta i eit halvt år, til slutten av juli, sa utbyggingssjef Terje Lerbrekk då han orienterte politikarane i Utval for samfunn torsdag.
Sidan det handlar om å berre byta ut røyret som allereie ligg i bekken, håpar dei, at dei får løyve. I så fall kan gravinga starta allereie i april.
Dagens røyr går over eigedommen til Felleskjøpet Rogaland Agder. Nå skal kommunen legga røyra i ein ny trasé som går utanom eigedommen.
Ifølge Lerbrekk gav dei fint uttrykk for at det hadde vore fint om dei slepp meir graving på eigedommen sin. Dessutan skal dei flytta. Kva som skal skje på tomta i framtida er ikkje klarlagt.
Frå bekken er det meininga å grava seg forbi Felleskjøpet, i grøntdraget langs Møllevegen, ned Opstadvegen og inn Skulegata og over krysset til Dublandsvegen. Då er dei ferdige med del 1 og kan begynna å planlegga neste del av prosjektet.
Strammar opp Dublandsvegen
Då skal dei vidare opp Dublandsvegen og eit stykke inn i Opstadvegen i retning ungdomsskulen.
Lerbrekk varsla at det i Dublandsvegen ikkje berre blir graving og nye røyr, men at òg ei lita «oppstramming» kan bli aktuelt. Målet, sa han, er ein slags «lightversjon» av Torggata på Nærbø, der det så vidt skal vera mogleg å smyga to lastebilar forbi kvarandre.
Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) skøyt inn at under tryggleiksvandringar i nabolaget har det komme fram at folk er uroa for trafikken på vegen som strekk seg frå jernbanestasjonen og Bøen og opp til Opstadvegen.
– Det er reine dragracestripa oppover der. Folk var meir uroa for køyringa i Dublandsvegen enn dei var for skyting med fyrverkeri og slikt, sa Ånestad.
Lerbrekk meinte det var eit viktig poeng.
– Dette blir ei hovudfarståre når Skulegata og Ånestadvegen blir stengt mot Buevegen, sa han.
Utbyggingssjefen fortalde at dei i alle fall har ein tanke om å få inn ei trerekke langs vegen.
– Me må sjå kva me kan få til. Me må ha minimum seks meter vegbane, men de skal få sjå før me gjer noko, lova han politikarane.