Nærbø ishockeyklubb har ikkje hatt is å trena på sidan i mars, då dette bildet vart tatt. På eit ekstraordinært årsmøte onsdag, vedtok dei å likevel halda liv i klubben.
Nærbø ishockeyklubb har ikkje hatt is å trena på sidan i mars, då dette bildet vart tatt. På eit ekstraordinært årsmøte onsdag, vedtok dei å likevel halda liv i klubben. Foto: Tarjei Sel (arkiv)

Onsdag var det ekstraordinært årsmøte i Nærbø ishockeyklubb – betre kjend som Nærbø Farmers. På agendaen sto ei sak: Vegen vidare.

Lev vidare

Klubben, som vart skilt ut frå Nærbø idrettslag i 2023, vart i mars kasta ut frå ishallen i Nye Loen på Nærbø. Bakgrunnen var, kort fortald, usemje om pengar, knytt til leige og straumkostnadar.

Usemja enda med at Nye Loen terminerte leigekontrakten med klubben.

Sidan det har ikkje medlemmane av Nærbø ishockeyklubb hatt plass til å utøva sporten sin og framtida har vore uviss.

Onsdag kveld vart dei som møtte fram på årsmøtet einige om at klubben ikkje skal leggast ned.

– Årsmøtet har bestemt at klubben skal eksistera vidare. Ei gruppe har blitt sett ned. Gruppa har fått mandat til å, saman med styret, sjå på alternativa, seier kasserar Heidi Ege.

Kva desse alternativa er, vil ho ikkje gå nærare inn på. For ytterlegare kommentarar viser ho til leiar Tom Flesvik.

Vil i ny dialog med Nye Loen

Flesvik seier at dei skal i kontakt med Nye Loen AS for å sjå om dei kan få til eit alternativ der.

– Til sjuande og sist er det dei som avgjer, seier han.

Nye Loen er i hovudsak eigd av Nærbø idrettslag, som sit på 70,39 prosent av aksjane. Nærbø samfunnshus har 13,99 prosent av aksjane, medan Tryggheim Skular eig 5,95 prosent. I tillegg er det fleire andre småaksjonærar.

Flesvik håpar hockeyklubben kan finna ei løysing saman med Nye Loen AS.

Han legg til at klubben òg har vore i kontakt med idrettsrådet og Rogaland ishockeykrets.

– Men først må me finna ut kva som er status, og kva som skal til for at me kan behalda ishallen, seier han.

Flesvik meiner det er straumbruken som er hovudutfordringa med ishallen.

– Hadde dei fått bytta det 18 år gamle anlegget, ville det i alle fall kutta utgiftene til det halve, seier han.

Arbeidsgruppe vil bygga om

Same dag som det ekstraordinære årsmøtet i ishockeyklubben, gjekk Nærbø IL, Nærbø Turn og Nye Loen AS ut og inviterte til felles informasjonsmøte om korleis arbeidsgruppa dei har sett ned, ser føre seg å disponera hallen.

Sjølv om informasjonsmøtet ikkje skal vera før om ei dryg veke, røpa dei likevel konklusjonen: Arbeidsgruppa tilrår å bygga om ishallen i 2026.

Flesvik seier han har fått med seg utspelet.

– Eg trur folk vert litt demotivert når dei ser det. Klart ein tenker på om det kan vera spikaren i kista. Men ein må vera optimist fram til det motsette er bevist, seier han.

Trur spelarane kan komma tilbake

Under det ekstraordinære årsmøtet var det berre 15 personar til stades. Det er ikkje nokon løyndom at fleire spelarar har meldt overgang til Stavanger for å få tid på isen.

– Får me til vidare drift, vil dei fleste komma tilbake, trur han.

Den næraste andre ishallen er i Stavanger, og der er kapasiteten, ifølge Flesvik, sprengt.

– Eg snakka nyleg med ei mor som har eit born som ikkje får begynna å spela i Stavanger. Det er ikkje plass. Det er tragisk, seier han.

Flesvik poengterer at om det vert slutt på ishallen, er det ikkje berre ishockeyspelarane som mister eit tilbod:

– Kommunen disponerer ishallen om lag 300 timar i året. Då er det stort sett skular og barnehagar som brukar han.