Dagleg leiar Mette Vigre (t.v.) og hotellsjef Else Strøm Larsen ved Jæren Hotell er glade for å vera i gang. Allereie til julebordsesongen skal dei få meir plass til selskap, og på nyåret kan gjestene ta i bruk 19 nye hotellrom.
Dagleg leiar Mette Vigre (t.v.) og hotellsjef Else Strøm Larsen ved Jæren Hotell er glade for å vera i gang. Allereie til julebordsesongen skal dei få meir plass til selskap, og på nyåret kan gjestene ta i bruk 19 nye hotellrom. Foto: Åge Bjørnevik

Fredag gav Time kommune tommel opp til Jæren Hotell sine utvidingsplanar, og allereie i løpet av pinsehelga begynte stillaset å koma opp.

– Me har venta på dette, seier dagleg leiar Mette Vigre med eit smil.

Skal byggjast raskt

Hotellet skal utvida i med ein etasje i høgda på den vestlegaste delen, og kjem til å få flatt tak. Då får dei 19 nye hotellrom – inkludert to nye juniorsuitar.

Loftet under dagens skråtak – som har blitt brukt som selskapslokale, med plass til 40 gjester – blir også utvida og oppgradert. Med nye, store vindauge ut mot Bryne sentrum og full takhøgd over heile flata, blir der plass til selskap med inntil 120 gjester, eventuelt fleire mindre selskap parallelt.

– Me har hatt særleg stort behov for meir plass til selskapslokale, så det gler me oss veldig til å få på plass, seier hotellsjef Else Strøm Larsen.

Selskapslokala skal vera klare allereie til julebordsesongen mot slutten av dette året. Dei nye hotellromma skal overleverast rett på nyåret, og så må hotellet ha nokre veker på seg til å få på plass innreiinga før dei første gjestene kan overnatta.

Med den nye utvidinga er dei oppe i 114 hotellrom.

– Det er kjekt å bikka 100-grensa, seier Mette Vigre.

Ho håpar og trur at utvidinga skal generera meir aktivitet, og dermed fleire arbeidstimar, hos det som allereie er en stor arbeidsgjevar på Bryne. Jæren Hotell har i dag 65 tilsette, i større og mindre stillingar.

Har fått tillating til den eine delen

Det er byggmeister P. Undheim som har ansvaret for byggjeprosjektet, akkurat som det var ved sist utviding av Jæren Hotell, som sto klar i 2023.

P. Undheim har knytt til seg ulike underleverandørar. Då Jærbladet var på besøk onsdag, var folk frå Rogaland Miljøsanering AS i full gang med å riva det gamle taket.

Slik skal den nye fløya ved Jæren Hotell sjå ut, ifølge illustrasjonane som følgde med byggjesøknaden. Dei to nedste etasjane i delen som får flatt tak, pluss delen lengst borte (med skrått tak), er del av dagens hotellbygning.
Slik skal den nye fløya ved Jæren Hotell sjå ut, ifølge illustrasjonane som følgde med byggjesøknaden. Dei to nedste etasjane i delen som får flatt tak, pluss delen lengst borte (med skrått tak), er del av dagens hotellbygning. Foto: Foto: Arkitekton

Time kommune hadde ei rekkje spørsmål og innvendingar på den første søknaden om utviding av hotellet, og 12. mai sende prosjekteringsselskapet Vial AS inn utfyllande informasjon. Der blir det mellom anna forklart kvifor det er valt flatt tak og ikkje saltak.

Dei går også meir i djupna om utforminga av fasadane og om materialval. Dei held på den etablerte teglfasaden i dei to nedste etasjane, som dei reknar som ein viktig identitetsmarkør på Bryne, medan tilbygget oppå skal byggjast i tre. Fargetonane skal vera i mørkt grått, slik at bygninga ikkje stikk seg for mykje fram i konkurranse med naboen Bryne kyrkje.

Samstundes søkte utbyggjar om dispensasjon frå reguleringsplanen for det planlagde mellombygget, som skal binda saman det nye tilbygget med den delen av hotellet der resepsjonen ligg. Bakgrunnen er mellombygget blir 2,6 meter høgare enn det som ligg inne som maksimal høgd for denne delen av bygget i reguleringsplanen.

Time kommune har førebels berre gjeve byggjeløyve for utvidinga av hotellfløya. Søknaden om dispensasjon til mellombygget er ikkje behandla i vedtaket av 22. mai, og kommunen skriv at dette eventuelt må sendast inn som ein søknad om endring i etterkant.