– Me har ein handlingsregel: Saman skapar me positiv energi.
Det har komme ein ny kokkelærling i Sporafjell barnehage. I dag har han fått i oppdrag å stella i stand Afternoon Tea.
Inne på eit pauserom er stemninga høg blant dei tilsette som koser seg med bakst i ulike former.
– Det er sånn me har det i store barnehagar, seier Reidunn Vasshus Reiestad og Trude Evje og ler.
Størst i Klepp
Sporafjell barnehage er den største i Klepp. Her går det 168 barn.
Jærbladet er med Hå-politikarar frå Utval for oppvekst og kultur på barnehagebesøk i nabokommunen, men blir i forbifarten praia av styraren og den assisterande styraren i barnehagen, Trude Evje og Reidunn Vasshus Reiestad.
Det er dei som fortel om handlingsregelen sin og vil gjerne ha Jærbladet til å smaka på det lærlingen har stelt i stand. Dei vil òg gjerne ha fram kor godt dei trivst i Sporafjell barnehage.
Sporafjell barnehage blei bygd for å ta unna behovet for fleire barnehageplassar i Verdalen og for å frigjera kapasitet i dei andre barnehagane, men òg for å ta imot barn frå sju andre barnehagar som nå er lagt ned.
Det var ulike grunnar til nedleggingane. I nokre av tilfella handla det om at det ikkje var nok søkarar, eller at det var vanskeleg å rekruttera fagpersonale til dei.
I eit forslag til ny barnehagebruksplan legg kommunedirektøren opp til å ta liknande grep i Hå.
Til saman foreslår ho å legga ned fire barnehagar på Nærbø og to på Varhaug, og erstatta desse med to nye barnehagar. Den på Nærbø skal ha plass til 150 barn, den på Varhaug skal ha plass til 120.
Nyleg intervjua Jærbladet foreldre og FAU-representantar frå dei nedleggingstrua barnehagane i Hå. Dei var skeptiske til planane, blant anna fordi dei fryktar einsretting og at barna ikkje får same tilhøyrsle i store barnehagar som dei gjer i små. Dei var òg redde for at det kan bli vanskeleg å rekruttera folk til å jobba i store barnehagar.
Reiestad og Evje har fått denne saka med seg og har lyst til å komma med nokre ord som tryggar.
– Denne barnehagen kjennest mindre enn dei små, hevdar dei.
Nøgde foreldre
Det er eit poeng barnehagesjefen i Klepp, Alvhild Aksnes, òg kjem inn på når ho fortel dei gjestande politikarane om Klepp kommune sine erfaringar med storbarnehage.
Ved Sporafjell er barna delt inn i avdelingar, som igjen kan bli delt inn i mindre grupper gjennom dagen. Alle avdelingane har eigne, faste inngangar dei bruker. Foreldre leverer og hentar alltid ungane ved den same døra.
Reiestad og Evje seier barnehagen dei jobbar i gjer det godt, både på medarbeidarundersøkingar og foreldreundersøkingar. Dei to fortel at det var mykje skepsis blant foreldra i Horpestad barnehage då denne blei lagt ned og ungane overført til Sporafjell.
– Nå er det dei som er mest nøgd av alle, seier Reiestad.
Ho trur det handlar om frykta for det ukjende.
– Men realiteten og fakta viser at det gjekk enormt godt, seier ho.
– Bra for rekrutteringa
50 tilsette fordelt på 40 årsverk jobbar ved Sporafjell barnehage. Trivselen er høg, skal ein tru dei styraren og den assisterande styraren.
– Det er fokus på arbeidsmiljøet her. Og så er det utruleg kjekt å vera ein del av ein stor organisasjon, seier dei.
Det er eit poeng Alvhild Aksnes gjentar overfor dei gjestande Hå-politikarane. Ho seier fagmiljøet blir større og sterkare.
– Sjansane er store for å finna nokon andre som har same utdanning som ein sjølv. Når ein har kontortid, er det sjeldan ein sit åleine. Då er det fort gjort at ein snakkar saman om korleis ein skal løysa ting, seier Aksnes.
Ho legg til at eit større fagmiljø gjer terskelen lågare for å setta i gang intern kursing.
Det var fleire tilsette som på førehand var skeptiske til å jobba i ein så stor barnehage som Sporafjell.
– Men når det kom til stykket trur eg det var 80 prosent av dei som var skeptiske som enda opp med å søka seg hit, fortel Aksnes.
Ho hevdar storleiken verkar positivt inn på rekrutteringa.
– Ein god pedagog vil jobba i eit stort miljø. Slik er det berre i dag, slår Aksnes fast.
Ho trekk fram eit poeng som kommunedirektøren i Hå er inne på i forslaget til ny barnehagebruksplan: Dei store barnehagane er mindre sårbare ved fråvær.
– Under sommaravviklinga kunne berre det å få avvikla vaktskiftet vera eit problem i dei minste barnehagane, fortel Aksnes.
– Lurt å ikkje einsretta
Reidar Håland (Hå-lista) lurer på om det er skilnad på sjukefråværet mellom dei små og dei store barnehagane i Klepp. Svaret han får er at snittet er 8 prosent fråvær, men at det er store variasjonar, utan at desse fell saman med storleiken på barnehagen.
Aksnes innrømmer at ho på førehand hadde trudd at fråværet ville vera lågare i store barnehagar, men så langt har ikkje dette slått til.
Aksnes seier tilbakemeldingane dei får frå foreldra er at barna kjenner sterk tilhøyrsle til avdelinga si og dei faste vaksne dei forheld seg til i kvardagen.
– Dei opplever ikkje dette som eit stort bygg, seier ho.
Kluet er tilhøyrsle. Faste og kjende omgjevnadar, trygge og faste vaksne og mindre grupper er viktige ingrediensar for å få det til.
Det er likevel ikkje slik at alle barnehagane i Klepp er store. Aksnes trekk fram Orre barnehage og Vasshus gardsbarnehage.
– Eg trur det var lurt at me valde å behalda dei. Det gjev moglegheiter for dei som har lyst til å gå i ein annan type barnehage, seier ho.
Imponerte håbuar
Dei gjestande politikarane får ei omvising i barnehagen og får sjå alt frå det hyppig brukte vassrommet, der barna kan læra seg å bli trygge i vatnet, til eit eige leserom, vognrommet og ei av småbarnsavdelingane.
Her er det eit hovudrom, eit grupperom og ei lita kjøkkeneining. Garderoben deler dei med naboavdelinga. Dei to avdelingane deler òg same inngang. Det er desse områda foreldra først og fremst forheld seg til.
– Du kan sjå at det ikkje kjennest stort ut, bryt Geir Undheim (Frp) ut.
– Fantastisk, stemmer Reidar Håland (Hå-lista) i.
– Kjekt å sjå, seier Ingrid Opstad Njærheim (H).
Hå sin nye barnehagebruksplan er nå ute på høyring. Fristen for å komma med innspel er 1. oktober.