Til hausten skal Hå få ny barnehagebruksplan. Den vil seia noko om korleis barnehagane i Hå skal organiserast dei neste åra.
Å laga rapporten er omfattande arbeid. Så pass omfattande, faktisk, at den nye skulebruksplanen, som eigentleg skulle vore lagt fram samtidig, har blitt utsett til neste år.
Politisk hand på rattet
Det er administrasjonen som utarbeider planen, men for å sikra at politikarane har moglegheit for å påverka prosessen undervegs, har dei blitt gjort kjende med ein del av grunnlagsmaterialet allereie.
– Ein god måte å jobba på, meinte ordførar Andreas Bjorland i formannskapet førre veke.
Tidlegare, sa ordføraren, har politikarane opplevd at barnehagebruksplanen kjem brått på, gjerne samtidig med skulebruksplan og budsjettarbeidet. Det har gjort dei sårbare for overraskingar i planen.
– Dette er betre. Me blir tatt med i arbeidet og får eigarskap til det. Å bli tatt med i prosessen til kommunedirektør og kommunalsjefar gjer at me forstår heilskapen betre enn når me får presentert ei ferdig pakke, sa Bjorland.
Oppskrift for barnehagebygg
Eit av dokumenta som blir lagt til grunn i den kommande barnehagebruksplanen, er det som heiter areal- og funksjonsplan for barnehagar i Hå.
Det er enkelt og greitt ei slags oppskrift for framtidas barnehagebygg og kva som skal leggast til grunn når gamle barnehagar blir bygde om.
– Målet er at dette skal sikra gode rammer for barns oppvekstmiljø og gode arbeidsplassar, sa konstituert barnehagesjef Lars Harald Heskestad då han først la fram planen for Utval for oppvekst og kultur i mai.
Planen er særleg viktig sett i lys av at fleire av modulbarnehagane i Hå, bygd billegast og fortast mogleg i ei tid der det aller viktigaste var å møta kravet om full barnehagedekning, er på overtid.
Større
Hovudbodskapet i areal- og funksjonsplanen er at framtidas barnehagar bør vera store, med plass til 120 barn eller meir. Dette er òg i tråd med føresegnene i dagens barnehagebruksplan.
Større barnehagar styrkar fagmiljøet og gjer drifta meir fleksibel, samtidig som det blir enklare å sikra at det er nok folk på jobb i møte med sjukefråvær og liknande.
Barn er lenger i barnehagen enn dei var før. Større barnehagar gjer det lettare å handtera at det er fleire barn igjen i barnehagen utanfor kjernetida.
For kommunen er kvar plass i ein stor barnehage monaleg billegare i drift, samanlikna med kor mykje drifta kostar per plass i ein liten barnehage.
– I snitt er prisforskjellen per plass 21.000 kroner, sa Heskestad.
Skal kjennast små
For å gjera det oversiktleg, gjenkjenneleg og trygt for ungane, bør barnehagane delast opp i mindre klynger, som igjen kan delast opp i avdelingar.
Kvar klynge bør, ifølge planen, ha eigne uteareal, garderobar og inngangssoner, faste vaksne og felles areal inne og ute.
Småbarnsavdelingane bør avgrensast til mellom ni og tolv barn per avdeling, medan avdelingane for dei på tre år eller meir kan vera på mellom 18 og 24 barn per avdeling.
Avdelingane kan, når høveleg, organiserast i mindre grupper.
– Store barnehagar skal opplevast som små, sa Heskestad:
– Det betyr at foreldre og barn skal oppleva nærleik og kontakt. Det skal ikkje opplevast som stordrift.
– Ingen skilnad på kvalitet
Då barnehagesjefen presenterte areal- og funksjonsplanen, la han vekt på at storleiken på ein barnehage i utgangspunktet ikkje er avgjerande for kvaliteten.
– Det som betyr mest er storleiken på gruppene og organiseringa, at det er stabile, nære relasjonar, nok bemanning og rett kompetanse, ei tydeleg leiing og god intern organisering, sa Heskestad.
Kommunen si foreldreundersøking frå i fjor viser at foreldre i Hå, jamt over, er godt nøgde med barnehagetilbodet barna deira får, uavhengig av storleiken på barnehagen.
Rett nok har enkelte barnehagar høgare søkartal enn andre, men ei sannsynleg forklaring på dette er, ifølge barnehagesjefen, geografisk plassering.
Det finst ulemper med store barnehagar, men desse kan, ifølge saksframlegget, vegast opp av god organisering og leiing.
Mindre rom
Areal- og funksjonsplanen handlar i stor grad om utforminga av sjølve barnehagen, inne og ute.
Nasjonale retningslinjer føreset at kvart barn over tre år i snitt har fire kvadratmeter leike- og opphaldsareal tilgjengeleg inne og rundt 24 kvadratmeter ute. For dei under tre år, er dei tilsvarande tala 5,3 kvadratmeter inne og i overkant av 30 kvadratmeter ute.
Sjølve utforminga er i større grad opp til kommunen sjølv.
Areal- og funksjonsplanen, som skal opp til godkjenning i kommunestyret seinare denne veka, legg vekt på universell utforming, fleksible planløysningar, oversiktlege og ryddige rom og transparens, for å nemna noko.
I planen heiter det at det er eit styrande prinsipp for pedagogisk kvalitet « ... er at byggets utforming skal legge til rette for at ansatte kan være minst mulig borte fra barna i det daglige».
Barnehagebygg bør ikkje vera basert på store basesoner, men heller bestå av mindre, tydeleg avgrensa rom.
Romløysingane skal vera utan blindsoner, slik at dei vaksne til ei kvar tid kan halda oversikta.
Barnehagen bør òg ha små, funksjonelle rom tilgjengeleg for bruk av mindre grupper.
Leikeareal bør organiserast i tydelege og varierte soner for ulike typar leik, og utstyr og leiker skal vera lett tilgjengeleg, gjerne plassert på opne, godt organiserte hyller i barnehøgde.
Støttefunksjonar, som stellerom, kvilerom, garderobe og kjøkken bør ligga tett på. Dette, saman med at utstyr som ofte er brukt skal lagrast tett på, er med på å sirka kontinuerleg vaksen-nærvær.
Storkjøkken
Planen legg opp til at kvar barnehage skal ha eige storkjøkken. Dette skal ha kapasitet til å produsera mat til alle avdelingane samtidig, men kvar avdeling ha ei enkel kjøkkenløysing i tillegg.
Tanken er at eit storkjøkken kan avlasta det pedagogiske personalet, samtidig som det fører til meir effektiv drift og redusert matsvinn. Med eigne kjøkkentilsette, kan barnehagane òg få spesialisert kompetanse på dette feltet.
Samtidig skal det leggast til rette for at ungane i barnehagen skal kunna delta i matrelaterte aktivitetar.
Variert uteareal
Også utearealet i barnehagens skal vera universelt utforma, med god oversikt og tydelege soner, til dømes eigne soner for aktivitet og kvil. Dei yngste skal ha sine soner nærast inngangen.
Terrenget må vera variert og innehalda trær, buskar, steinar og anna naturmateriale. Poenget er at utearealet skal stimulera til fantasi og fysisk utfolding.
Det skal òg vera eigne samlingsplassar og areal for sosialt fellesskap. Ved inngangane bør det etablerast overbygde soner med sittemoglegheiter der det er rom for måltid, matlaging og felles aktivitetar.
Bygget og tomta skal formast ut slik at det går an å levera varer trygt og effektivt, utan at vareleveringa kjem i konflikt med leikande barn.
Seks-sju tilsette per avdeling
Barnehagen er òg ein arbeidsplass. Om ein inkluderer støttefunksjonar som reinhald og vaktmeister, kan ein rekna seks til sju tilsette per avdeling. Desse bør ha tilgang på rom og areal som bidrar til god arbeidsflyt og eit trygt og funksjonelt arbeidsmiljø.
Planen legg òg opp til at kvar avdeling skal ha eigne garderobeløysingar og skap for arbeidstøy.
I tillegg må det gjerast plass til eigna lokal for administrativt arbeid, møter med foreldre og andre. Det må òg vera plass til personalmøte og liknande. Planen tilrår rom av ulik storleik, eventuelt rom der det går an å justera storleiken, til dømes ved bruk av foldedører.
– Skummelt
Då den konstituerte barnehagesjefen la fram forslaget til areal- og funksjonsplan oppsummerte han planen med å seia at han peiker framover mot ein struktur med færre og større barnehagar.
For nokon, sa han, kan det høyrast ut som eit litt skummelt prosjekt.
– Men me har gjort det allereie, sa Heskestad.
Heskestad viste til Vigrestad, der det for 20 år sidan var mange små barnehagar. Nå er det to: ein på Vigrestad og ein i Stokkalandsmarka.
– Nå er det to store, fine velfungerande bygg der. Eg trur ikkje nokon vil tilbake der me var for 20 år sidan, sa han.
– Smart
I formannskapet støtta ordførar Andreas Bjorland opp om tanken om større barnehagar. Han meinte ei slik organisering kan vera til gunst både for ungane og dei tilsette.
– Det sikrar jamnare og god kvalitet. Eg trur det er eit smart grep. Og så er det bra å bygga ein stor barnehage og å dela han opp, slik at han kjennest liten for den avdelinga du er på, sa Bjorland.
Jan Harald Forsmo (Uavhengig) er leiar i Utval for oppvekst og kultur, som har vore på besøk i alle modulbarnehagane i Hå.
– Eg kan forstå at foreldra er nøgde med tanke på alle dei varme folka som jobbar der, men dei er jo ikkje noko særleg til bygg, sa han.
Forsmo meinte areal- og funksjonsplanen handla om rammene rundt dei yngste innbyggarane i Hå.
– Det er i barnehagane den universelle, tidlege innsatsen kan gjerast. Derfor må me ha gode bygg og gode folk som jobbar der, sa han.
Elin Hetland Mong frå Hå-lista var samd. Ho la særleg vekt på det det kan gjera for arbeidsmiljøet og fleksibiliteten.
– Det er mange ressursar å henta ut der, sa ho.
Geir Undheim (Frp), som òg sit i Utval for oppvekst og kultur, fortalde at rundturen i dei ulike barnehagane hadde gjort inntrykk.
– Dei som jobbar i desse modulbarnehagane gjer ein kjempeinnsats. I nokre av dei er det ikkje ein gong råd til å laga små soner til dei minste, sa Undeim, som hadde landa på at når det kjem til morgondagens barnehagar, er det ein fordel å tenka større.
Vil unngå for mykje gangareal
Partifella hans, Marianne H. Osmundsen, som sjølv jobbar i barnehage i Hå, var opptatt av utforminga. Vend til kommunedirektøren sa ho at ho håpa administrasjonen vil vera tydeleg på at barnehagen må teiknast med for mykje gangareal.
– Det må ikkje bli slik at du må gå gjennom fleire avdelingar for å komma til fellesareal. Det må bli ein annan måte å teikna barnehage på, tenker eg, sa Osmundsen.
Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims stadfesta at dei tenker nytt rundt gangareal og fellesareal.
– Me har gått mange rundar administrativt for å kvalitetssikra dette før me la fram saka. Me er ganske trygge på at det som ligg her, er den måten me bør bygga barnehagar på, sa ho.
Basert på det som blei lagt fram i formannskapet, såg Njål Sikveland (Ap) fram til å behandla barnehagebruksplanen når den kjem til hausten. Han minna samtidig om at det er mange små og gode fagmiljø i dagens barnehagar.
– Når me nå gjer dette, håpar og trur eg at me vil legga til rette for ikkje å bryta opp desse miljøa, sa han.
Areal- og funksjonsplanen blei godtatt av eit samrøystes formannskap. Torsdag 11. juni skal planen opp til endeleg godkjenning i kommunestyret.