Oslo  20181206.
Illustrasjonsbilder, barnehage.
barn, barnehage, lek, leke, utfoldelse, utvikling, oppvekst, dyr, plastleker, plast, ku, giraff, lekekasse

Modellklarert til redaksjonell bruk.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Det kan gå mot slutten for Lensmannsgarden opne barnehage i Hå. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB

Kvar mandag og torsdag mellom 08:30 og 12:30 har det vore open barnehage i matsalen til Varhaug misjonshus i Hå. Lokala er leigde; det er kommunen som driv det som offisielt heiter Lensmannsgarden opne barnehage.

Opne barnehagar har ikkje plassar. I staden kan foreldre møta saman med barna når det passar. Her er det leik, samling og aktivitetar tilpassa barnet sin alder. For dette betalar dei 30 kroner per barn kvar gong.

– Lite nytta

Men ikkje mykje lenger, ser det ut til. Politikarane har fått råd frå kommunedirektøren om å legga ned tilbodet frå 1. august.

«Lensmannsgarden open barnehage vert lite besøkt og det er vanskeleg å forsvare bruk av 400.000 kroner per år for å oppretthalde eit så lite nytta tilbod», skriv kommunedirektøren.

Dei siste åra har besøket i snitt vore fem til sju besøkande per gong. Samtidig må kommunen betala leige av lokala og lønn til to tilsette. Til saman jobbar desse i ei 40 prosent stilling. Blir tilbodet lagt ned, vil desse få tilbod om jobb ved ein annan barnehage i kommunen, sannsynlegvis Lennsmannsgarden.

Då saka var oppe i Utval for oppvekst og kultur, var Geir Undheim (Frp) snar med å slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren. Han kunne ikkje forstå kvifor kommunen skal betala tilsette for å driva ein open barnehage som, slik han forstod det, for det meste blir nytta av folk som elles går heime med kommunal kontantstøtte.

– For meg blir det litt sånn at du skal ha open bar på Nærbø og så er det kommunen som betalar bartenderen, spissformulerte munnrappe Undheim.

Av diskusjonen som følgde kom det fram at det nok ikkje er heilt sånn. Open barnehage blir til dømes nytta av dei som er heime i foreldrepermisjon eller som berre har deltidsplass i vanleg barnehage.

– Open barnehage er eit fantastisk tilbod, sa Ann Helen Østrem (KrF), som sjølv er brukar av dette.

Vil droppa tilleggsoppgåve

Kommunalsjef Atle Straume minna om at det uansett finst eit anna, ideelt tilbod som kommunen støtter med ein million kroner i året: Noas ark open barnehage i Nærbø kyrkje.

– Me ser at dei køyrer frå Vigrestad, Varhaug og andre plassar for å nytta seg av Nærbø, så me tenker det vil vera eit godt tilbod i Hå sjølv om den på Varhaug blir lagt ned, sa Straume.

Han sa at kommunen kan spara 400.000 kroner på å legga den opne barnehagen, men at sjølv om tenesteområdet hans er nøydd til å omstilla seg, er det ikkje pengar som er hovudmotivasjonen.

– Initiativet kjem frå Lensmannsgarden barnehage. Nå skjer det mykje der, så det er positivt å letta dei for denne tilleggsoppgåva, sa han.

Ifølge Straume har kommunen jobba aktivt for å rekruttera fleire brukarar til Varahug opne barnehage, utan å lukkast.

Barnehagane i Hå har lenge hatt lågare dekningsgrad enn dei i nabokommunane. Nå er den avstanden i ferd med å bli mindre.

– Det er fleire som nyttar seg av det ordinære barnehagetilbodet, sa Straume.

Ser til Time

Vegard Ask (KrF) var langt på veg samd i kommunedirektøren sitt resonnement, men fortalde at han hadde vore i kontakt med både brukarar og tilsette som tenkte annleis rundt saka. Ask følte derfor for å nyansera saka litt.

Han viste til Time, som la ned den kommunale opne barnehagen på Nyland. Samtidig som dei gjorde det, opna dei for at private eller ideelle aktørar kunne ta over.

Blå Kors slo til og opna «Blå Kors Sammen», eit tilbod til same målgruppe.

– Erfaringa frå Time er at når dei gav det over til andre, blei det ein mykje større suksess enn når dei dreiv det sjølv, sa Ask.

Basert på det, la han fram eit forslag til eit tilleggspunkt til kommunedirektøren sitt forslag om nedlegging, nemleg at om ein privat eller ideell aktør ønsker å opna eit slikt tilbod på Varhaug i framtida, skal kommunen vera positiv til det.

Ask innsåg at det er langt frå sikkert at det er nokon som er interessert.

– Men er det nokon, skal me vera opne for det, sa han.

Kommunedirektøren sitt forslag om å legga ned den opne barnehagen blei samrøystes vedtatt. Det same blei Ask sitt tilleggspunkt om at kommunen skal vera positiv om andre vil opna noko liknande på Varhaug.

Då saka var oppe i formannskapet tysdag, slutta dei seg til innstillinga frå utvalet.

Saka er likevel ikkje endeleg avgjort. Først må ho opp i kommunestyret.