Gjesdal kommune innførte i haust noko dei kallar «livsfasepolitikk».
Eitt av grepa i denne politikken er å tilby småbarnsforeldre som jobbar full tid i kommunen ekstra feriedagar.
Dei med to barn under tolv år får to ekstra feriedagar i året, medan dei med tre eller fleire barn under tolv, får fire ekstra feriedagar.
Ifølge kommunedirektøren i Gjesdal, er det nettopp småbarnstida som er den travlaste. Samtidig er det dei kommunalt tilsette i 30-40-årsalderen som har det høgaste sjukefråværet.
Tanken er at ei ordning som dette kan gjera kommunen til ein meir attraktiv arbeidsgjevar.
Torsdag tok kommunestyrepolitikaren Vegard Ask (KrF) til orde for at Hå bør sjå på ei likande ordning.
Ask vil gje småbarnsforeldre som er fulltidstilsette i kommunen ei ekstra ferieveke.
Vil gjera Hå meir attraktiv
I ein interpellasjon på slutten av torsdagens kommunestyremøte slo han fast at Hå er kjend for å vera ein attraktiv kommune å etablera seg i for småbarnsforeldre.
– Dette skuldast mellom anna gode kultur-, idretts- og fritidstilbod, dyktige tilsette i skular og barnehagar og ordninga med kontantstøtte, som gjev foreldre og barn meir fleksibilitet og valfridom i kvardagen, sa han.
KrF-politikaren viste til at både foreldre og barn kjenner på tidsklemma når foreldra er i full jobb.
I ei undersøking gjennomført av barneombodet, seier eit av tre barn at det er viktig at foreldra jobbar mindre og har meir tid til barna.
I same undersøking går det fram at annankvar niåring meiner at meir tid med foreldra er ein av dei viktigaste faktorane for om dei har det bra i familien sin eller ikkje.
– Korleis kan så me i Hå legga til rette for at barnefamiliane i kommunen vår skal ha det bra? Er det grep me kan ta for å gje barn og foreldre meir tid saman? spurde han.
Svaret til Ask var at kommunen bør sjå på ei liknande ordning som den som nyleg vart innført i Gjesdal.
Ask bad ordføraren sørga for at kommunestyret får ei nærare vurdering av ei ordning med ekstra fridagar for småbarnsfamiliar.
– Ei slik ordning vil både kunna bidra til å gjera kvardagen litt enklare for fleire småbarnsfamiliar og gjera Hå til ein endå meir attraktiv plass å både få seg jobb og stifta familie, slo Ask fast.
Treng gjennomgang av livsfasepolitikken
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) roste Ask for engasjementet, men meinte kommunestyret burde løfta blikket.
Bjorland viste til at dei tidlegare same kveld hadde diskutert ein forvaltingsrapport som mellom anna viser at Hå slit med å rekruttera sjukepleiarar og kvalifiserte lærarar og barnehagelærarar.
– Dette er ei utfordring me veit ikkje vert lettare framover, sa ordføraren.
er i endring, både i Hå og resten av landet: Det vert færre yrkesaktive og fleire pensjonistar.
Dermed må det endringar til om kommunen i framtida skal klara å levera tenester på nokolunde same nivå som i dag, fastslo ordføraren.
– Det er avgjerande at me allereie nå begynner å vurdera korleis me arbeider og organiserer oss, sa Bjorland.
Han la vekt på at for å vera ein god arbeidsgjevar, må kommunen legga til rette for tilsette i ulike livsfasar.
– Me treng ein gjennomgang av livsfasepolitikken for å sikra at me er attraktive for dei som nærmar seg pensjonsalder, slik at me stimulerer til å stå lenger i jobb, sa han.
Samtidig må kommunen halda fram med arbeidet for heiltidskultur, slik at dei utnyttar dei ressursane dei allereie har, meiner Bjorland, som òg var opptatt av eit godt samarbeid med dei tillitsvalde.
Han ønska ikkje å ta standpunkt til konkrete ordningar, men slo fast at det kan trengast ein gjennomgang av velferdstiltaka i kommunen og om desse fungerer etter intensjonen.
2,3 arbeidstakarar per pensjonist
Så gav han ordet vidare til kommunedirektør Anne Berit Berge Ims, som sit med det daglege ansvaret for personalpolitikken i kommunen.
Ims starta med å minna politikarane om tal dei etter kvart bør vera godt kjende med frå før:
- I dag er det 4,3 yrkesaktive håbuar per pensjonist.
- I 2050, om berre 25 år, vil det talet vera nede på 2,3 yrkesaktive per pensjonist.
Det betyr at kommunen må rekna med å ha halvparten så mange tilsette per brukar.
I ein slik situasjon, sa Ims, må kommunen jobba for å rekruttera folk med rett kompetanse og halda på dei han allereie har.
Kommunedirektøren nemnde heiltidskultur, inkluderande arbeidsliv, nærvær på jobb og tilrettelegging for vidareutdanning som viktige stikkord.
Ho kom òg med det ho såg på som ei gladnyheit. Jærbladet har fleire gonger tidlegare skrive om at den øvre aldersgrensa i offentleg sektor er 70 år. I utgangspunktet har ikkje kommunetilsette lov til å jobba etter fylte 70, sjølv om dei vil. Det er i ferd med å endra seg.
– Etter det nye pensjonsforliket har tariffpartnarane i kommunal sektor vorte einige om at den øvre aldersgrensa vert heva frå 70 til 72 år, sa Ims.
For kommunen passar det bra.
– Me treng fleire folk på jobb og me har folk som begynner å verta vaksne, men som vil stå i jobben lenger, sa Ims.
Kommunedirektøren sa at livsfasepolitikk er eit komplekst område, og at det er nødvendig å sjå nærare på utfordringar, moglegheiter, kostnadar og gevinstar.
– Kva for erfaringar har me, og kva for erfaringar har naboane våre? Korleis kan me tenka nytt og utanfor boksen? Kva bør me gjera meir av og – ikkje minst – kva bør me gjera mindre av? spurde Ims.
Kommunedirektøren avslutta med å invitera politikarane til eit møte med dei hovudtillitsvalde for å høyra kva dei tenker rundt problemstillingane som vart tatt opp.
– Spennande
Vegard Ask takka for svar og sa at han òg meiner det ville vera naturleg å sjå forslaget om ei ekstra ferieveke i eit større perspektiv, saman med andre velferdsgode.
– Det var nettopp det dei gjorde i Gjesdal, sa Ask, og poengterte at utgangspunktet i Gjesdal hadde vore at dei totale kostnadane ikkje skulle auka.
Dette vart løyst med å fjerna ei ordning med ekstra feriedagar for arbeidstakarar over 62 år. Dette har vore ei lokal ordning i Gjesdal, som har komme på toppen av den lovpålagde ferieveka for alle arbeidstakarar over 60 år.
Ifølge Ask er Gjesdal sine kostnadar med den nye ordninga omtrent dei same som med den gamle.
Ask tok atterhald om at Hå kan henda har andre typar velferdsordningar og at det ikkje er sikkert akkurat det same grepet vil fungera like godt her.
– Men eg synest det er såpass spennande at me skal sjå på det, sa Ask.
Det vart starten på ein engasjert debatt.
– Legg vekk telefonen
Først til å ta ordet, var Geir Undheim (Frp). Han starta med å slå fast at Vegard Ask er ein god mann, at dei er einige i mykje, men at på dette punktet var dei, moglegvis på grunn av aldersskilnaden, ikkje på bølgelengde.
Undheim argumenterte med at om småbarnsforeldra skal på ekstra ferie, vert det opp til dei ulike avdelingane å henta inn vikarar, og at vikarmangel allereie i dag er eit problem i fleire kommunale avdelingar.
– Frp vil heller sjå på andre tiltak, som etterutdanning, kompetanseheving og privat helseforsikring. Det trur me er smartare, sa Undheim, som oppmoda kommunedirektøren til å «setta på bremsen» og konsentrera seg om det viktigaste.
Han kunne heller ikkje forstå kvifor akkurat kommunalt tilsette skulle gjera seg fortente til ekstra feriedagar.
– Dei småbarnsforeldra som jobbar i privat sektor har det vel minst like travelt, meinte han.
Undheim, som har lagt småbarnsfasen bak seg, kom òg med eit godt råd til dei som kjenner på tidsklemma.
– Eg er trebarnsfar. Både eg og kona jobba fulltid då dei var små. Kona var i tillegg handballspelar på høgt nivå. Eg valde å engasjera meg hundre prosent i ungane sine idrettsaktivitetar. Det gav både ungane og meg mykje. Det samhaldet du etablerer med barna i dag, får du hundre prosent igjen for, sa Undheim.
Handballtrenarveteranen klarte heller ikkje halda seg frå å komma med ei oppmoding til dagens småbarnsforeldre om å bruka litt mindre tid på telefonen og litt meir på felles aktivitetar.
– Det kan de få mykje igjen for, sa Undheim.
SV: – Bør ikkje gjera som Gjesdal
Jeanette Lea Romslo, SV sin eine representant i kommunestyret, sa at partiet hennar var glade for at Ask løfta problemstillinga.
– Tidsklemma er ein del av kvardagen for mange småbarnsfamiliar. Dette er eit grep som kan vera med på å letta børa, om enn berre litt, sa ho.
SV-politikaren slo fast at det òg ville vera eit signal om at ein i Hå ønsker å legga mest mogleg til rette for småbarnsforeldre.
– Men det er eit spørsmål om prioritering og pengar, sa Romslo.
Ho viste til at Gjesdal fann plass til å gje dei ekstra fridagane til småbarnsforeldre ved å ta dei frå dei som er over 62 år gamle.
– Om me skal vera ein kommune som tar vare på alle, er det eit døme me ikkje bør følga, sa Romslo.
Ho meinte dei ekstra fridagane må sjåast i samanheng med budsjettet, men òg kva følger dei kan få for dei ute i tenestene.
– Løysinga kan ikkje vera å ha mindre folk på jobb, ta fridagar frå seniorar eller driva meir innleie, sa Romslo.
SV-aren sa at dei tilsette i kommunen står overfor reelle utfordringar, og åtvara mot at nokre få fridagar til ei bestemt gruppe kunne dekka over desse.
– Me må gjera det mogleg å stå i heile stillingar i alle livets fasar, sa Romslo.
Etter hennar syn, vil fire dagar i året uansett ikkje løysa tidsklemma.
– SV meiner me bør løfta blikket og tenka større og meir radikalt. Me må skapa eit arbeidsliv tilpassa dei som står i det, la ho til og trakk fram sekstimarsdagen som eit døme på noko som kan gje betre balanse mellom jobb og familieliv.
– Meir fri for nokon betyr meir belastning for andre
Sefany Mesfin (Hå-lista) var òg skeptisk.
– Kommunen har eit stramt budsjett. Barnehage og skule og helse manglar fleire hender. Om tre-fire småbarnsforeldre på kvar arbeidsplass i kommunen får ekstra fridagar, vart det fort tolv-seksten ekstra fridagar i året på den avdelinga. Dei kjem i tillegg til feriar og fridagar i samband med tilvenning til barnehage og skule, sa han.
Mesfin, som jobbar som styrar i ein kommunal barnehage, sa at færre hender på jobb, betyr meir stress for dei som er igjen.
– Det er det barna, og særleg dei sårbare barna, som betalar prisen for. Det vert mindre tid til oppfølging. Eg har respekt for Vegard si meining, men er skeptisk til utfallet. Ekstra fridagar for nokon, kan fort verta til ei belastning for andre, sa han.
Jan Harald Forsmo (H) sa det ikkje er tvil om at småbarnsperioden kan vera krevjande og at det er viktig at kommunen opnar for tiltak som kan bidra til ein god balanse mellom jobb og familieliv.
– Men me må vera realistiske og ansvarlege, sa han.
Forsmo, som er leiar for Utval for oppvekst og kultur, sa han hadde fått tilbakemeldingar frå leiarar i ulike tenesteområde i forkant av møtet.
– Dei hadde sett overskrifta på interpellasjonen, og reagerte sterkt på forslaget. Dei står i ein stressa kvardag. Dei kjenner òg på ei tidsklemme. Dei opplever det allereie som krevjande å få tak i vikarar. Ekstra fridagar vil legga ytterlegare press på kollegaer og tenester, sa Forsmo.
Høgre sitt syn er at kommunen heller bør jobba meir med tenesteutvikling.
– Me har mange tilsette i ulike situasjonar. Ei ordning som gjev ekstra fridagar til éi gruppe, kan oppfattast urettferdig og skapa misnøye. Me må heller sjå på heilskapen og korleis me kan vera ein god arbeidsgjevar gjennom ulike livsfasar, sa Forsmo.
Njål Sikveland (Ap) kalla debatten «kjempeviktig», og sa at Ask sitt forslag må vegast opp mot konsekvensane ute i organisasjonen, både for brukarane og for dei tilsette.
Som Forsmo, gav han ros til ordføraren og kommunedirektøren for deira tilnærming.
– Det er viktig at me tar arbeidstakarorganisasjonane med på dette. Hå skal ha ein god personalpolitikk, sa han.
Sikveland la seg på same linje som SV når det gjaldt løysinga dei har funne i Gjesdal.
– Der tok dei fridagar frå ei gruppe og gav til ei anna.
Småbarnspolitikk i bank og tenketank
Ask takka for innspela og det han meinte hadde vore ein god debatt.
– Det er heilt naturleg å sjå dette i ein større samanheng, så eg ser fram til å få ei sak om livsfasepolitikk, sa han.
Ask merka seg at mange åtvara mot å gjera som Gjesdal, der dei tok vekk ekstra fridagar frå ei bestemt gruppe.
– Om det er slik at ein tenker at desse fridagane har hatt positiv effekt for denne gruppa, må jo ekstra fridagar ha ein positiv effekt for småbarnsforeldre òg, resonnerte han.
Ask la til at andre har vore inne på det same.
– Jonas Gahr Støre tok til orde for ei slik ordning for nokre år sidan, sa han.
Til Geir Undheim sitt poeng om privat næringsliv, svarte han at både Sparebanken Øst og den borgarlege, liberale tankesmia Civita har innført ei liknande ordning.
– Eg ser fram til å få drøfta dette endå meir, og så vil tida vise om det er engasjementet mitt eller skepsisen dykkar som er overilt, sa Ask.
– Forsterkar kjønnsskilnadar
Men debatten var framleis ikkje heilt ferdig. Gunn Dalen Håland (H) hadde eigentleg ikkje tenkt å seia noko, men ho er kvinnepolitisk leiar i Rogaland Høgre, og sakna at nokon tok opp likestillingsaspektet ved forslaget.
– Det er flest kvinner som jobbar i offentleg sektor. Det betyr at eit kvart tiltak som rører ved arbeidstid og familie i praksis først og fremst råkar kvinnene, som er dei som tar den største delen av omsorgsansvaret og jobbar deltid for å få kvardagen til å gå opp. Når me peiker på kvinnene som løysing, forsterkar med kjønnsskilnadane i staden for å jamna dei ut, meinte Håland.
Til slutt var det Arne Husveg (Konservativt) som gjekk opp på talarstolen. Husveg sa han syntest det var gildt at interpellasjonenvekte så mykje debatt. Han hausta latter då han slutta seg til dei som eigentleg ikkje hadde tenkt å seia noko om saka.
Husveg rosa Ask for ein god idé, men åtvara om at han ville vera kostbar.
– Eg har komme fram til at det vil kosta ein plass mellom 4,2 og 6,8 millionar kroner i året, alt etter kva faktorar som slår inn. Gjer me det slikt, vil det vera store utlegg for kommunen. Så her er eg for ein gongs skuld heilt einig med ordførar og kommunedirektør, sa han.
– Kjekt med engasjement for familiepolitikk
I etterkant er Ask godt nøgd med debatten, trass i at sjølve forslaget hans ikkje hausta så veldig mykje direkte støtte.
– Som KrF-ar er det kjekt å sjå at så mange engasjerer seg i familiepolitikk, seier han til Jærbladet.
Han ser ikkje føre seg å auka ressursbruken eller den totale ramma til velferdsgode til tilsette. Dermed må det, om småbarnsforeldre skal få ekstra fri, gjerast endringar på andre ordningar.
– Me kan godt løysa det slik dei har gjort det i Gjesdal, men det er litt for tidleg å seia før me har fått ei sak på det. I Gjesdal vart dette jobba fram saman med dei tillitsvalde. Eg håpar me kan ha ein liknande prosess i Hå, seier han.
Ask meiner det viktigaste er å gjera Hå kommune mest mogleg attraktiv som ein plass å få seg jobb, busetta seg og stifta familie.
– Her veit me at me framover vil få nokre utfordringar som me må ta på alvor, og då er ei ordning med ekstra fridagar for småbarnsforeldre eit ganske spennande grep. Etter som eg veit, er Gjesdal per nå den einaste kommunen som har innført ei slik ordning, men du skal ikkje sjå bort frå at dette vil dukka opp i fleire kommunar framover, seier Ask til Jærbladet.