Barn som er fødde i desember, risikerer at dei må venta heilt til august året etter at dei fylte eitt år, før dei får barnehageplass. Nå har kommunedirektøren rekna på kor mykje det vil kosta å endra på reglane.
Barn som er fødde i desember, risikerer at dei må venta heilt til august året etter at dei fylte eitt år, før dei får barnehageplass. Nå har kommunedirektøren rekna på kor mykje det vil kosta å endra på reglane. Foto: Gorm Kallestad, NTB

Alle barn har rett til barnehageplass, men det er skilnad på dei som er fødde tidleg og seint på året:

  • Dei som fyller eitt år i tidsrommet 1. januar til 31. august, har rett på barnehageplass frå august same år
  • Dei som er fødde i september, oktober eller november, har rett på plass same månad som dei fyller eitt år
  • Dei som er fødde i desember, er ikkje garanterte barnehageplass før august året etter at dei har fylt eitt år

For sistnemnde gruppe har det ført til at foreldre har risikert at dei må ta ut opp til åtte månadar ulønt permisjon frå jobb, medan dei ventar på at avkommet skal få barnehageplass.

Etter førespurnad frå Jan Harald Forsmo (H), leiar i Utval for oppvekst og kultur, har kommunedirektøren rekna på kor mykje det vil kosta å gje dei som er fødde i desember barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.

Svaret er, i korte trekk, at det vil føra til eit behov for ti nye barnehageplassar, noko som vil kosta kommunen rundt tre millionar kroner i året.

Det kom fram i eit utvalsmøte onsdag.

Sidan Forsmo kom med førespurnaden sin, har det òg skjedd ting på nasjonalt plan. I vår tok Høgre initiativ til eit lovforslag som fekk fleirtal på Stortinget: Barn som er fødde i desember skal få rett på barnehageplass same månad som dei fyller eitt år.

Kunnskapsdepartementet jobbar nå med det konkrete lovforslaget.

Om lokalpolitikarane, medan dei ventar på at den nye loven skal verta vedtatt, kjem til å innføra ei lokal rett for desemberbarna i Hå, er nok heller tvilsamt. I så fall må dei sjølv komma opp med pengane som trengst.

På den andre sida kan det vera grunn til å forventa at om Stortinget lovfestar den same retten, vil det òg følga med auka rammeløyver som i alle fall vil dekka delar av utgiftene som følger med.