Utval for oppvekst og kultur på veg ut frå Vigre natur- og friluftsbarnehage. I forgrunnen går Geir Undheim (Frp). Bak han går styrar Kristine Undheim.
Utval for oppvekst og kultur på veg ut frå Vigre natur- og friluftsbarnehage. I forgrunnen går Geir Undheim (Frp). Bak han går styrar Kristine Undheim. Foto: Håvard Ovesen

– Eg er redd me har spart oss til fant.

Det sa Geir Undheim (Frp) på tampen av ei omvising i ein av fleire barnehagar i Hå som er modne for utskifting.

Inntrykket frå barnehagane gjorde såpass inntrykk at då Undheim var inne som vara i Utval for samfunn dagen etter den siste omvisinga, nytta han høvet til å åtvara politikarane der om det han fryktar vil bli store investeringar i framtida.

Geir Undheim (Frp) var ikkje i tvil om at barnehagebygga han har vore innom dei siste månadane, er på overtid.
Geir Undheim (Frp) var ikkje i tvil om at barnehagebygga han har vore innom dei siste månadane, er på overtid. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Gamle bygg

Dei siste månadane har politikarane i Utval for oppvekst og kultur i Hå vore ute på ein liten turné. Dei har besøkt barnehagane Pilevegen, Bjorhaug og Vigre.

Dette er modulbarnehagar – bygg som var enkle og rimelege å bygga i ei tid då heile landet jobba for å komma i mål med full barnehagedekning.

Ulempa med dei er at levetida er relativt kort, samanlikna med ordinære barnehagebygg.

I Hå driv både Pilevegen, Bjorhaug og Vigre barnehage i modulbygg som er på overtid.

Bjorhaug barnehage er ein av fleire gamle modulbarnehagar i Hå.
Bjorhaug barnehage er ein av fleire gamle modulbarnehagar i Hå. Foto: Foto: Nils-Ove Steinbru Støbakk, Hå kommune

Før jul avgjorde kommunestyret at Pilevegen skal leggast ned frå hausten av. Bygget skal rivast og tomta bli uteareal for Varhaug skule.

To andre modulbarnehagar i kommunen begynner òg å dra på åra; Motlandsmarka barnehage opna i 2015 og Varhaug idrettsbarnehage i 2012.

Det må òg gjerast noko i Breidablikk barnehage. Nøyaktig kva som skal gjerast er ikkje klart. Ein tidlegare plan om eit nytt tilbygg har blitt lagt på hylla, fordi det ikkje ville føra til fleire nye barnehageplassar i ei bygd der etterspurnaden har vore stor.

– Talar ikkje til vår fordel

På Vigre er det Kristine Undheim som er barnehagestyrar. Då ho i april fekk politikarane på besøk understreka ho at ho ikkje kan seia så mykje om kvardagen i ein modulbarnehage. Undheim er nemleg ganske fersk i rolla. Inntil nyleg var ho styrar i Askeladden på Brusand, ein barnehage som nå er riven og skal erstattast av ein ny til 68 millionar kroner.

Nå er ho altså på Vigre, i eit modulbygg som før det vart barnehage på Vigre, gjorde teneste som Skulehagen barnehage på Vigrestad.

Styrar Kristine Undheim viste rundt i Vigre barnehage. Ho fortalde både om utfordringar med bygget, men òg korleis dei jobbar for å tilpassa bygget til barn med spesielle behov.
Styrar Kristine Undheim viste rundt i Vigre barnehage. Ho fortalde både om utfordringar med bygget, men òg korleis dei jobbar for å tilpassa bygget til barn med spesielle behov. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Den eine avdelinga, med 26 ungar, er i eit rom i gamle Vigre skule. Her disponerer barnehagen òg den gamle gymsalen.

Her går 62 barn, 19 av dei småbarn, 42 store.

På oppmoding frå politikarane viste Undheim fram nokre av utfordringane.

Styraren fortalde at det kjem stadig nye krav om kva som skal gjerast i ein barnehage.

– Men desse bygga talar ikkje til vår fordel, sa ho.

Eit døme er at dei jobbar mykje med smågruppepedagogikk, men at dette i praksis blir utfordra når det ikkje er så mange rom å dela seg inn i. Eit anna er at det er vanskeleg å ta ungane med på kjøkkenet for å laga mat. Det er for trongt, noko politikarane sjølv fekk erfara då delegasjonen toga gjennom kjøkkenet under omvisinga.

Delar av bygget blir veldig varmt om sommaren.

Utvalet tar ein kikk på småbarnsavdelinga. Her kan det bli varmt når sola står på om sommaren. Frå venstre: Hans Aanestad (Sp), Vegard Ask (KrF), Reidar Håland (Hå-lista), barnehagestyrar Kristine Undheim, kommunalsjef Atle Straume, Geir Undheim (Frp) og kultursjef Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug.
Utvalet tar ein kikk på småbarnsavdelinga. Her kan det bli varmt når sola står på om sommaren. Frå venstre: Hans Aanestad (Sp), Vegard Ask (KrF), Reidar Håland (Hå-lista), barnehagestyrar Kristine Undheim, kommunalsjef Atle Straume, Geir Undheim (Frp) og kultursjef Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det fulle namnet på barnehagen er Vigre natur- og friluftsbarnehage. Og at han er nettopp det, ein natur- og friluftsbarnehagen,hjelper på situasjonen. Sjølv om dei på grunn av omfattande hogst ikkje lenger kan bruka Vigreskogen, er dei mykje ute, både på eige uteområde og i nærområdet.

Barnehagen har òg reine utedagar, ein dag i veka er ungane ute heile dagen, til dømes i Hanabergmarka eller Nærbøparken.

Gamle bygg er ikkje den einaste utfordringa i barnehagesektoren i Hå.

Styresmaktene er i ferd med å utarbeida strengare føringar for korleis ein reknar leike- og opphaldsareal. Det kan føra til at barnehagane i Hå i framtida vil ha for lite areal tilgjengeleg per barn.

Færre og større barnehagar?

Det var trangt om plassen då utvalet, saman med ymse kommunetoppar, besøkte Vigre barnehage.
Det var trangt om plassen då utvalet, saman med ymse kommunetoppar, besøkte Vigre barnehage. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Korleis kommunen skal møta desse utfordringane, er førebels ikkje klart. Eit mogleg svar kjem til hausten, når administrasjonen legg fram ein ny barnehagebruksplan for politikarane.

Planen skal gjera greie for korleis det kommunale barnehagetilbodet skal organiserast i åra som kjem. Stikkord for administrasjonen sitt arbeid er det kommunen reknar som funksjonelle bygg, robuste fagmiljø og berekraftig økonomi.

Sjansane er store for at kommunen kjem til å legga opp til ein framtidig barnehagestruktur med færre, men større barnehagar enn i dag.

Det vil neppe la seg gjera utan investeringar.

Barnehagebruksplanen blir lagt fram i haust, i samband med kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for neste år og handlings- og økonomiplan for dei neste fire åra.

Eigentleg skulle ein eigen skulebruksplan ha blitt lagt fram samtidig, men denne har blitt utsett til neste år, slik at administrasjonen kan konsentrera seg om barnehagebruksplanen og det som heiter plan for helsebygg.

Helsebygg

Plan for helsebygg er ein plan for korleis Hå skal rigga seg for det aukande behovet for plassar til dei med demens og heildøgns omsorgsbehov i åra fram til 2036.

Under ei orientering frå Jørn Kosmo, kommunalsjefen for helse og velferd, tidlegare i år, kom det fram at kommunen ser på moglegheitene for å ta i bruk den tidlegare sjukeheimen Heimtun på Nærbø.

Konsulentar har tidlegare blinka ut aldersheimar som eit manglande tilbod i Hå. Det kan vera aktuelt å laga på Heimtun.

I dag er det dagsenter på Heimtun. Det ligg ikkje føre signal om at ei eventuell ombygging for å få plass til eit heildøgnstilbod vil påverka dagsenteret.

I framtida kan det komma heildøgns omsorgsplassar på Heimtun.
I framtida kan det komma heildøgns omsorgsplassar på Heimtun. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det skal òg vera behov for å utvida tilbodet til personar med demens og utfordrande åtferd på Klokkarhagen på Varhaug.

Sjølv om Hå, som resten av landet står overfor ei eldrebølge, er òg talet på unge menneske med omfattande hjelpebehov stigande, òg det på linje med resten av Norge. Det finst planar om å laga til ein barne- og ungdomsbustad i ledige lokal på Vigrestad, men om dette vil inngå i helsebygg-planen, er uvisst.

Som Jærbladet tidlegare har skrive, er det òg stort behov for fleire legelokal på Nærbø, men dette er det mest nærliggande å løysa på leigemarknaden.

Manglar 340 millionar til skule

I år er det fire år sidan kommunestyret vedtok at kommunen skal bygga ny skule på Vigrestad. Det skal løysa problemet med gamle skulebygg og ei lite føremålstenleg inndeling i ein skule for dei som går i første til fjerde klasse og ein skule for dei som går i femte til tiande klasse – ei mellombels løysing i påvente av ny skule, innført for snart 25 år sidan.

Då avgjerda endeleg kom, var det topp stemning i kommunestyresalen, trass i prislappen på 350 millionar kroner – ein sum som seinare har vakse til 460 millionar kroner.

I dette området på Vigrestad, nærast idrettsklubben sitt anlegg, har politikarane bestemt at det skal byggast ny barneskule med plass til 450 elevar og ny fleirbrukshall som skal nyttast av både skulen og idrettsklubben.
I dette området på Vigrestad, nærast idrettsklubben sitt anlegg, har politikarane bestemt at det skal byggast ny barneskule med plass til 450 elevar og ny fleirbrukshall som skal nyttast av både skulen og idrettsklubben. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Så langt er det berre sett av 91 millionar kroner til skulen. Ikkje til å bygga han, men til å kjøpa grunn og bygga ny og nødvendig veg mellom Langgata og Haugstadvegen.

Dei siste åra har kommunedirektør Anne Berit Berge Ims, når ho har lagt fram forslag til budsjett og handlings- og økonomiplan, tatt til orde for å utsetta realiseringa av skulen.

Bekymra

I ein nyleg rapport frå Rogaland Revisjon om Hå si kommunaløkonomiske berekraft, kan ein lesa at kommunedirektøren «ser med bekymring på fremtidig investeringsnivå i Hå kommune».

Til Jærbladet seier Ims at det er store investeringar framover. I tillegg kjem dei løfta kommunen gjer allereie, som å bygga ny barnehage på Brusand eller brannstasjon på Nærbø.

– Derfor er det viktig å ha eit godt planverk, gode strategiar og gode diskusjonar med dei folkevalde, slik at alle er klar over korleis gjeldsgraden kan slå ut framover. Ein ting er å bygga her og nå, men gjeld og renter går ut over det økonomiske handlingsrommet. Det slår ut på drifta, seier Ims.

Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims er opptatt av at kommunen må behalda det økonomiske handlingsrommet.
Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims er opptatt av at kommunen må behalda det økonomiske handlingsrommet. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Gjeldsgraden i Hå er stigande.

I 2024 var han på 60,1 prosent. I fjor var han på 61,7 prosent.

Målet i kommuneplanen er at han ikkje skal gå over 60 prosent, nettopp av omsyn til det økonomiske handlingsrommet: Jo høgare gjeld, jo meir pengar må kommunen bruka på renter og avdrag. Då blir det mindre pengar igjen til drift.

Feit sparegris

Ims minner om at kommunen trass alt har eit solid disposisjonsfond. Fondet er på over ein halv milliard kroner. Dette er pengar som kommunen har «på bok» og som kan brukast både på investeringar og uventa utgifter.

– Samtidig er me opptatt av at det skal forvaltast på ein klok måte, slik at det òg kan nyttast av neste generasjon, seier Ims.

Ho viser til at Hå er ein av dei kommunane i fylket med lågast skatteinngang, noko som gjer god økonomistyring heilt nødvendig.

– Derfor må me gje så gode tilrådingar som mogleg til dei folkevalde, og så er det opp til dei å bestemma, seier Ims.

I fjor enda Hå kommune opp med eit betre resultat enn venta. Ein del av dette overskotet, rundt 51 millionar kroner, blei sett inn på disposisjonsfond. Det gjer at det økonomiske handlingsrommet fram mot 2029 krympar mindre enn venta.

Handlingsrommet vil likevel bli mindre år for år, i takt med at gjelda veks. Det går fram av årsrapporten.

Barnehagebruksplanen, planen for helsebygg og skulebruksplanen som er utsett til neste år er meint å gje politikarane eit godt, heilskapleg grunnlag når dei skal diskutera kva for investeringar dei vil gå vidare med og ikkje.

Kommunedirektøren går ikkje utan vidare med på at dei moglege investeringane skildra i denne saka, prosjekt som per i dag ikkje ligg inne i handlings- og økonomiplanen, er investeringar som uansett vil tvinga seg fram.

Stort sett handlar det om strategi, meiner ho.

– Det er ingen overraskingar der, seier ho om dei kommande planane.