– Hovudbodskapen er at me har kontroll på utgiftssida, og at me får meir inntekter enn budsjettert, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims i ei pressemelding.
Høgare inntekter, kopla med meir pengar på bok enn venta, aukar kommunen sitt økonomiske handlingsrom.
Kommunen sine utgifter har òg auka noko, men ikkje like mykje som inntektene.
Låge skatteinntekter
Då Ims, saman med fungerande økonomisjef Bente C. Iversen torsdag la fram årsresultatet for kommunestyret, la ho vekt på at Hå er blant dei kommunane i Rogaland med lågast skatteinngang per innbyggar.
– Det er derfor heilt nødvendig at me har god økonomistyring og det seier noko om kulturen i Hå at me klarer å få eit så godt resultat med så låg skatteinngang, seier Ims.
Det skal samtidig seiast at skatteinntektene vart høgare enn styresmaktene hadde rekna med, sjølv om nabokommunane hadde endå høgare skatteinntekter.
– Me har òg fått litt meir inntekter enn det me budsjetterte med, sa Iversen.
Det dreier seg blant anna om ekstra inntekter til spesielle formål, meir tilskot og refusjonar og høgare inntekter frå gebyr og utleige.
– Leverer knallbra
Samla sett har tenesteområda i kommunen brukt mindre pengar enn budsjettet for fjoråret la opp til. Dei hadde ei total budsjettramme på 1,59 milliardar kroner. Då året slutta, sat dei igjen med 43 millionar kroner i overskot. Det svarar til 2,6 prosent.
Alle tenesteområda i kommunen leverte innafor budsjettet sitt.
– Dei har levert knallbra, sa Iversen.
85 millionar kroner svarar til fire prosent av driftsinntektene. Målet i kommuneplanen er 1,75 prosent. Det er med andre ord høgare enn budsjettert, men òg høgare enn det løypemeldinga antyda i september i fjor.
Rundt 51 millionar av dette overskotet skal kommunen setta inn på disposisjonsfond – kommunen sine «sparepengar».
Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 336 millionar kroner i 2025. Det er 81 millionar kroner meir enn 2024.
Halv milliard på konto
I 2025 blei 61 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,3 milliardar kroner ved utgangen av 2025.
Ved nyttår hadde kommunen 512 millionar kroner på disposisjonsfond, «sparepengar» som kommunen kan nytta meir eller mindre fritt.
– Det er ein solid buffer for uføresette hendingar. Me kan bruke noko av det til investeringane våre, sa Iversen.