Jan Harald Forsmo (H) er blant fleire politikarar som er urolege for meirforbruket innan oppvekst og kultur i Hå.
Jan Harald Forsmo (H) er blant fleire politikarar som er urolege for meirforbruket innan oppvekst og kultur i Hå. Foto: Håvard Ovesen

Overforbruket, 5,24 millionar kroner så langt i år, kjem fram i tertialrapporten som vart lagt fram for formannskapet tysdag.

– Veldig auke

Der var blant anna Jan Harald Forsmo (H) til stades som vara for Gunn Dalen Håland (H). Forsmo er leiar i Utval for oppvekst og kultur, som diskuterte rapporten i førre veke.

Forsmo (H) slo fast at det er snakk om «ganske mange millionar kroner» og sa at både han og resten av utvalet er uroa for utviklinga.

– Eg synest det var ein veldig auke, sa han.

Forsmo la til at det er sett i gang mykje arbeid han meiner er bra, blant anna omorganisering av spesialundervisninga og eit generelt kompetanseløft.

Høgare utgifter

Både Svein Arve Nygård (Frp), Svein Høyland (Sp) og Renate Skretting (KrF) gav uttrykk for uro rundt det same.

I tertialrapporten skriv kommunedirektøren at det er krevjande for tenesteområdet å halda seg innafor budsjettrammene.

Overforbruket skuldast fleire ting.

Blant anna er det fleire barn som har fått vedtak om at dei har krav på eit styrka barnehagetilbod. Dette vert sett i samanheng med at det er fleire flyktningbarn i barnehagane i Hå.

Jærbladet har tidlegare omtalt at kommunen vil spara pengar ved å omorganisera spesialpedagogiske tiltak i barnehagen og spesialundervisninga i skuleverket.

Denne omstillinga viser seg å gå seinare enn tidlegare venta.

Utgiftene til barnevern har òg vist seg å vera høgare enn venta. Dette har blant anna å gjera med at fleire barn har vorte plassert i fosterheimar og på institusjon. Dette er venta å kosta kommunen 6,5 millionar kroner ekstra i løpet av budsjettåret.

Nyttar integreringspengar

Så langt har underskotet blitt dekka inn av statlege midlar kommunen har fått i samband med busetting av flyktningar.

– Nokre av dei midla me fekk av vart ikkje fordelt då budsjettet var lagt i fjor. Det er desse midla me har brukt nå, forklarte fungerande økonomisjef Bente C. Iversen.

Poenget hennar var at kommunen, i alle fall i år, ikkje treng å bruka av fond for å dekka inn overforbruket.

Kva som eventuelt må gjerast til neste år, må avgjerast i samband med budsjettet.

Kommunedirektøren legg fram sitt forslag til budsjett 4. november. Det er opp til politikarane å vedta det endelege budsjettet. Det gjer dei i siste kommunestyremøte før jul.

Ventar pluss på 0,8 prosent

Overordna går det likevel greitt i kommunen. Tertialrapporten viser eit netto driftsresultat på 99 millionar kroner, eller 7,1 prosent av driftsinntektene. Dette er godt over det som var opphavleg budsjettert. Dette skuldast blant anna høgare rammetilskot frå staten enn det som vart lagt til grunn i budsjettet.

Prognosane for heile året er likevel magre. Kommunedirektøren ventar eit netto driftsresultat på 16,7 millionar kroner – tilsvarande 0,8 prosent av driftsinntektene.

Det svake forventa resultatet skuldast i hovudsak reduksjon i foreldrebetalinga i barnehage, ei ny, offentleg AFP-ordning og andre auke i pensjonsinnbetalingane, utan at desse vart fullt ut dekka av det ekstra rammetilskotet som vart løyvd i revidert nasjonalbudsjett.