Miljøterapeutar og fagarbeidarar ved to ulike skular i Hå har fått beskjed om at dei kan verta overtalige. Det stadfestar Marie Aniksdal, tillitsvald for Fagforbundet, overfor Jærbladet.
Sparetiltak
Ho seier beskjeden har komme i samband med eit arbeid som nå går føre seg med å omorganisera på skulane i Hå.
Bruken av individuelt tilrettelagt undervisning er omfattande i Hå og langt over det nasjonale gjennomsnittet.
For å spara pengar, men òg for å gjera undervisninga meir inkluderande, er planen at elevane framover i større grad skal få den tilrettelegginga dei treng i den ordinære undervisninga. Det har politikarane bestemt.
Fram mot 2028 skal utgiftene til spesialundervisning kuttast med 7,9 millionar kroner.
Sidan 2020 har talet på elevar i den kommunale grunnskulen med rett på spesialundervisning vakse frå 5,8 prosent til 10,9 prosent. Vedtaka gjer at fleire av skulane i Hå har fleire tilsette enn det er budsjettert for.
Skulesjef Rune Roaldsen utarbeida, på bestilling frå politikarane, ei sak som vart lagt fram for kommunestyret før jul i fjor. Der heiter det at ambisjonen om å redusera behovet for spesialundervisning, fører til behov for å redusera talet på årsverk som vert brukt til dette.
Skulane som har overtalige, har fått beskjed om å laga ein plan for korleis dei kan ta ned stillingar over tid.
– Uheldig
Ifølge Marie Aniksdal i Fagforbundet har arbeidet med å sjå på omstillinga nett begynt.
– Me har starta ein prosess i lag med kommunalsjef, skulesjef, personalsjefen og dei hovudtillitsvalde, seier ho.
Ho legg til at Fagforbundet opplever samarbeidet som godt.
– Det er uheldig at medlemmane våre fekk denne informasjonen før me eigentleg hadde nokon informasjon å gje, seier Aniksdal.
– Kva tilbakemeldingar har de fått frå medlemmane dykkar som fekk denne beskjeden?
– Det har skapt stor uro. Det pregar tankane deira. Det fører uvisse med seg. Nokon lurer på om det vert jobb til hausten, om det vert oppseiingar eller om dei vert forflytta.
Aniksdal legg til at medlemmane har tatt imot informasjonen ulikt.
Vil ikkje seia opp folk
Skulesjef Rune Roaldsen understrekar overfor Jærbladet at dei ikkje jobbar i retning av oppseiingar.
– Så langt som det lar seg gjera, vil me at folk skal få behalda arbeidsplassen sin. I tilfelle der me eventuelt står med nokon som er overtalige, tenker me at det er naturleg at dei fortsett å jobba på skule, men kanskje ein annan skule enn den dei er på nå, seier han.
Roaldsen seier at slik det ser ut nå, er det ikkje mange som kan verta overtalige som følge av omorganiseringa.
Han gjev Aniksdal rett i at timinga på beskjedane som gjekk ut, var uheldig.
– Så lenge det skulle vera ein prosess der me ser på heile omstillinga og kva rekkefølge ting skal gå i, vert det uheldig at desse diskusjonane kjem opp før me eigentleg har komme så langt i prosessen. Då vil det, naturleg nok, spreia seg uro og folk vert redde for jobben. Dei vert gåande litt for lenge og venta før ting vert avklart, seier han.
– Når kan det ligga føre ein plan for omlegginga av spesialundervisninga?
– Det er snakk om veker. Me har hyppige møter rundt dette. Me vil ikkje bruka media til å informera om det, men innan kort tid.
– Omlegginga av spesialundervisninga er i stor grad motivert av ønsket om å spara pengar. Men kor mykje sparar de eigentleg på å gje dei tilsette andre arbeidsoppgåver? Dei er jo framleis tilsette?
– Me er ein organisasjon med mange tilsette. Det skjer stadig endringar. Folk går av med pensjon eller byter stillingar. Det er ei viss rørsle. Me håpar og trur me kan få det til å gå rundt på den måten.
Roaldsen legg til at kommunen er ein stor arbeidsgjevar med mange relevante oppgåver for same gruppe tilsette, blant anna innan oppvekst, og seier at om dei vert nøydde til det, vil dei og sjå på om enkelte kan få nye oppgåver utanfor skuleverket.
– Inkludering
Mange av elevane i Hå-skulen som har vedtak om at dei har rett på spesialundervisning, har vanskar med å følga den ordinære undervisninga.
I slike tilfelle handlar den individuelle tilrettelegginga ofte om personleg assistanse, typisk gjeve av miljøterapeutar eller fagarbeidarar.
– Kva skjer med sårbare elevar når dei som gjerne har jobba tettast på dei heller skal løysa andre oppgåver?
– Parallelt med dette, kjem me til å jobba for å ha gode, inkluderande læringsmiljø.
Roaldsen seier at talet på tilsette fagarbeidarar og miljøterapeutar har vakse «markant» dei siste åra.
– Men det er ikkje nødvendigvis det beste for ein elev å ha ein vaksen som følger seg. Å løysa det på den måten, kan òg føra med seg at me ikkje lærer ungane å vera ein del av fellesskapet, seier han.
– Men vil det ikkje auka belastninga på læraren om dei i tillegg til den ordinære undervisninga får ansvar for fleire elevar med utfordringar?
– Me har tru på å ha eit stort og godt og sterkt fellesskap og at me kan gjera det sterkt nok til å inkludera fleire, heller enn at kvart individ skal ha ein vaksen som fotfølger dei. Jo færre ressursar me bind opp på individnivå, jo fleire kan ta glede av fellesskapet sine ressursar.