Det var mykje folk i Plogenparken på Kleppe under Plogenløpet i fjor. Dette bildet er tatt rett før start for aller første klasse ut, gutar 0-3 år.
Det var mykje folk i Plogenparken på Kleppe under Plogenløpet i fjor. Dette bildet er tatt rett før start for aller første klasse ut, gutar 0-3 år. Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

– Me er enormt heldige med vêret, seier Kjøllesdal til Jærbladet.

Skal ein tru vêrmeldinga blir nemleg helga einaste møte med opphaldsvêr og sol i løpet av veka.

Det passar godt for Voll IL, som for andre gong skal arrangera barneløp i Plogenparken i Klepp.

Det gjer dei i samarbeid med Klepp kommune og Jæren Sparebank.

– Me kallar det for Plogenløpet, seier Kjøllesdal.

Frå null år og oppover

Løpet er opent for alle frå null år og opp til sjuande klasse. Dei blir delt opp i ulike klassar. Dei aller yngste skal, naturleg nok, løpa i lag med foreldra.

Ingvar Kjøllesdal, dagleg leiar i Voll IL, inviterer til nytt Plogenløp.
Ingvar Kjøllesdal, dagleg leiar i Voll IL, inviterer til nytt Plogenløp. Foto: Foto: Tarjei Sel (arkiv)

Dei yngste gruppene skal løpa ein runde gjennom parken. Dei mellom null og tre spring i lag med foreldra, medan dei mellom 4 og 5 år spring ein runde aleine.

Første- og andreklassingar skal løpa to rundar, tredje-, fjerde- og femteklassingar skal løpa tre rundar, medan sjette- og sjuandeklassingar skal springa fire rundar.

Gratis

Det er gratis å delta.

– Jæren Sparebank tar kostnaden med medaljar og startnummer og slikt, seier Kjøllesdal.

Dei har bestilt inn dobbelt så mange startnummer og medaljar som i fjor. Då måtte arrangørane setta stopp ved 360 påmelde.

I år har dei dobla kapasiteten.

– Me vil at det skal vera plass til alle. Det er bra at me kan ha eit tilbod til alle, seier Kjøllesdal.

Startskotet for første løp går sundag klokka 15:00.