Dynamiske ruter, blir det kalla.
Det inneber at viss ein raud dag hamnar på ein vekedag, så blir tømmedagen for søppel utsett tilsvarande.
Dermed blir det lengre tid mellom tømmingane, og det blir også ein ny tømmedag etter kvar einaste raud dag som hamnar på ein måndag, tysdag, onsdag, torsdag eller fredag.
Bakgrunnen for nyordninga er å unngå doble skift for renovatørane for å henta inn raude dagar – som både er dyrt, slitande for dei tilsette og smått tvilsamt sett opp mot arbeidsmiljølova.
Nær tre veker mellom tømmingane
Den første raude dagen dette året, 1. nyttårsdag, fall på ein torsdag, så dermed er tømmedagane allereie justerte med ein dag.
I påska er det tre raude dagar som fell på ein kvardag, og i tillegg ser det ikkje ut til at det blir køyrt tømming på den halve arbeidsdagen onsdag før skjærtorsdag.
Time kommune melder på si Facebook-side at alle tømmedagar blir utsett med fire kvardagar etter påske grunna heilagdagane.
– Har du for eksempel hatt tømmedag måndag før påske, får du fredag etter påske. Har du hatt tømmedag tysdag, får du måndag etter påske. Og så vidare, skriv Time kommune på Facebook.
Det betyr at det blir tett opp mot tre veker mellom siste bosstømming før påske og første tømming etter påske.
Det finst hjelp
Det finst hjelpemiddel for dei som ikkje ønskjer å gå og rekna på raude dagar. Både Klepp og Time har ein eigen app som ein kan lasta ned, og som varslar dagen før tømming. Kommunane tilrår folk å bruka den.
Klepp melder også på Facebook at du kan bestilla SMS-varsling til mobiltelefonen din dersom du heller ønskjer det.
I Hå har dei eit opplegg som knyter tømmekalenderen opp mot Google-kalenderen til folk, slik at dei kan få varsel før kvar tømmedag. Framgangsmåten er forklart steg for steg på kommunen si nettside.
Og elles er det mogeleg i alle kommunane å sjekka tømmekalenderen for di adresse manuelt. Men det som er sikkert: Det er ikkje lenger slik at folk har ein fast dag i veka som tømmedag.
No på våren er det jo heller ikkje så lenge til neste justering i den dynamiske tømmekalenderen – eller neste trekning i bossdag-lotto, som Jærbladet litt uærbødig har valt å kalla det i denne artikkelen.
1. mai kjem i år på ein fredag, og Kristi Himmelfartsdag kjem som alltid på ein torsdag, dette året 14. mai. Og andre pinsedag er som alltid på ein måndag, i år 25. mai.
Så det har ikkje så mykje for seg å venna seg til den nye tømmedagen etter påske, for han kjem til å endra seg raskt, att.