Senterleiar Eli Ulveseter ved M44 ønsker Deniz Bardakci og Il Tempo Grande velkomen.
Senterleiar Eli Ulveseter ved M44 ønsker Deniz Bardakci og Il Tempo Grande velkomen. Foto: Brit Romsbotn

Deniz Bardakci, som snakkar både på inn- og utpust, kom frå Finnmark og etablerte Il Tempo i dei gamle Guddy's-lokala.

No er lokala blitt for små. Saman med seks tilsette, som etter planen skal bli ti, flyttar han no inn i den tidlegare Coop-kafeen, like ved Obs-butikken i handlesenteret M44 på Bryne.

– Styrker M44

– Kjøkkenet er nesten fire gonger større enn det me har hatt, og me får cirka 100 sitjeplassar. Flyttinga inneber også at me kan søkja om skjenkeløyve, sidan me har inngang direkte frå parkeringsplassen. Men det er ikkje noko me har det travelt med å få gjort. Først vil me etablera oss og koma i orden, seier Deniz Bardakci.

Senterleiar Eli Ulveseter er svært glad for at det igjen blir liv i det som var Coop-kafeen. Mange har gitt uttrykk for at dei har sakna kafeen som blei lagt ned tidleg i juni.

Deniz Bardakci ser fram til å koma på plass i dei nye lokala i M44. Restauranten har inngang direkte frå parkeringsplassen.
Deniz Bardakci ser fram til å koma på plass i dei nye lokala i M44. Restauranten har inngang direkte frå parkeringsplassen. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Senterleiaren seier at det er spanande og veldig viktig at dei no får ein etestad til.

– Endå kjekkare er det at dei held ope sju dagar i veka. Expressbutikken, Lucky Bowl og Veras Lekeland har godt besøk på søndagane. Då er det veldig bra at me får ein ny restaurant med søndagsope. Senteret blir styrka, og M44 blir ein destinasjon, seier Ulveseter.

Ho ser Deniz som den perfekte arvtakar etter kafeen som blei lagt ned.

– Il Tempo Grande, som er det nye namnet, er høgt ranka og veldig attraktiv. Sjølv er eg ekstremt glad i italiensk mat, så i tida framover blir det ikkje så mykje matlaging, smiler Ulveseter.

Eit napolitansk torg

Opningstidene blir lenger enn for dei andre som held til i senteret.

– Me opnar 10 og vil ha ope til 21.00-22.00 fredag og laurdag. Den største skilnaden blir nok at me her vil få fleire spontane kundar, seier Deniz Bardakci.

Medan han i dei tidlegare Guddy's-lokala har lagt vekt på å skapa noko familiært, som å koma heim på besøk til bestemor, skal det no bli som å besøkja eit napolitansk torg. Skulpturar frå gresk antikk er allereie på plass i lokalet.

– Familiekonseptet skal me sjølvsagt ta vare på. Eg har sett at det vaksne publikummet som besøkte Coop-kafeen, har kjent seg heimlaus etter at kafeen blei stengt. No er dei velkomen heim, seier restaurantsjefen.

Eli Ulveseter er imponert over det Il Tempo har fått til, etter opninga for tre år sidan.

– Dei har hatt ein enorm vekst og utvikling. Dei har skapt eit nytt alternativ på Bryne, og dei har blitt eit flaggskip. Eg trur folk vil ha meir frå Deniz, seier senterleiaren.

– Kjærleik og skål

I restauranten er det også eit mindre rom med glasvegger og plass til 25 personar. Planen er at rommet kan brukast i samband med minnestunder, møte og bursdagsfeiringar.

«Chambre Séparée», som er det franske namnet, er eit rom i rommet, der ein ikkje blir forstyrra av andre restaurantgjester.

Deniz Bardakci visste ikkje at Il Tempo var ein av folkets kandidatar til byutviklingsprisen før Eli Ulveseter fortalde det. Han blei skikkeleg glad for det han fekk høyra.
Deniz Bardakci visste ikkje at Il Tempo var ein av folkets kandidatar til byutviklingsprisen før Eli Ulveseter fortalde det. Han blei skikkeleg glad for det han fekk høyra. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Menyen og sortimentet vil bli utvida, som følgje av flyttinga til M44. Dei vil halda fram som før med catering og ta med heim-mat. I tillegg vil dei arrangera temakveldar med fokus på ulik mat.

– Det me ønskjer, å vera ein stad der folk ler og et god mat. Her skal det vera både kjærleik og skål. Me vil veksa saman med gjestene våre, og me vil finna det rette konseptet og den rette atmosfæren saman med dei. Planen er å pensjonera oss frå desse lokala, seier Deniz Bardakci.