Til nå har dei tenkt på korleis dei kan ta seg av folk som har mista huset i brann, eller pårørande som treng ein møtestad etter store ulukker. Det nye er å ha beredskap for krise og krig. - Viss me skulle stå i ein slik situasjon, er det viktig at me er førebudde, seier Mette Vigre, dagleg leiar ved Hotell Jæren.
Til nå har dei tenkt på korleis dei kan ta seg av folk som har mista huset i brann, eller pårørande som treng ein møtestad etter store ulukker. Det nye er å ha beredskap for krise og krig. - Viss me skulle stå i ein slik situasjon, er det viktig at me er førebudde, seier Mette Vigre, dagleg leiar ved Hotell Jæren. Foto: Ingeborg Eliassen

Dei vurderer å installera aggregat.

– Alt her går på straum. Derfor er det viktig å ha ei backup-løysing, seier dagleg leiar Mette Vigre ved Hotell Jæren.

Ho fortel om næringslivsseminaret nyleg, der forsvarssjef Eirik Kristoffersen hadde innlegg.

– Ein del ytre faktorar i verda begynner å bli ganske nære. Forsvarssjefen roa oss, me har inga krise. Men han sa det kunne vera lurt for bedrifter å kunna driva utan straum i ein periode, seier Vigre.

Å driva hotellet utan straum ein periode. Det er eit scenario dagleg leiar Mette Vigre ved Hotell Jæren vurderer beredskap for.
Å driva hotellet utan straum ein periode. Det er eit scenario dagleg leiar Mette Vigre ved Hotell Jæren vurderer beredskap for. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Alle kommunar i landet har beredskapsplanar for ulukker og andre dramatiske hendingar der dei må setta krisestab.

Det er heller ingenting nytt i at Hotell Jæren har ei rolle i Time kommune sine planar for slike situasjonar.

Brann og ulukker

Avtalen, som blir fornya kvart tredje år, skal sikra at hotellet og kommunen går inn i eit forpliktande samarbeid i ein krisesituasjon. Hotellet har tilsvarande avtale med Klepp kommune, ifølge Vigre.

– Det kan vera ved ein stor brann der folk treng overnatting eller mat, eller ved ei stor ulukke der mange pårørande treng ein samlingsplass, seier ho.

I hennar totalt 17 år ved hotellet har ingenting slikt skjedd i stor skala.

– Men me har vore heimen til mange som har mista huset sitt i brann. Då kjem folk ofte i sjokk og har svært lite informasjon. Vår rolle er å tilby tak over hovudet og sørga for omsorg som gjer at dei kjenner seg tatt vare på.

- Eg har faste møte med leiarane her, og me passar på å ha nok av beredskapsvarene, seier varehussjef Ole Sirevåg ved Obs Bryne, saman med daglegvaresjef Bjørnar Serigstad. Salet av vassdunkar er opp 1.800 prosent dei siste to åra.
- Eg har faste møte med leiarane her, og me passar på å ha nok av beredskapsvarene, seier varehussjef Ole Sirevåg ved Obs Bryne, saman med daglegvaresjef Bjørnar Serigstad. Salet av vassdunkar er opp 1.800 prosent dei siste to åra. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

For Time kommune er hotellet berre éin av mange aktørar dei har beredskapsavtale med.

Opna butikk på kort varsel

Obs Bryne er ein annan. Varehuset skal opna butikken- også dei på éin times varsel – og hjelpa kommunens utsende å henta ut varer i ein krisesituasjon.

I april i fjor tok kommunen kontakt med driftsdirektør Liv Skretting i Coop Sørvest i samband med beredskapsplanen, fortel ho.

– Obs Bryne har alt som trengst ifølge nasjonal beredskapsplan. Dei har vasskanner, mat og varmekjelder i utruleg mange ulike varelinjer. Derfor tenkte me at dette varehuset eigna seg best i denne avtalen, seier Skretting.

Med Time bondelag har kommunen avtale om at bondelaget stiller med mannskap, maskinar og utstyr – traktorar, gjødselvogner, ATV-ar og anna – som kan vera med å avhjelpa situasjonen.

Dessutan har kommunen avtalar med apotek, Røde Kors, Jæren DPS, Vibå Taxisentral og Mattilsynet, opplyser beredskapskoordinator Ragnhild Hobberstad.

Kong Harald og kronprins Haakon og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen var på plass i Bjerke bydel i Oslo onsdag, til opninga av 'Totalforsvarsåret'.
Kong Harald og kronprins Haakon og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen var på plass i Bjerke bydel i Oslo onsdag, til opninga av 'Totalforsvarsåret'. Foto: Foto: Terje Bendiksby

Beredskap frå bakken og oppover

Ukraina-krigen og ei stadig meir kaotisk verd er bakteppe når regjeringa gjer 2026 til «totalforsvarsåret».

Onsdag var kong Harald og kronprins Haakon til stades ved ein seremoni i Bjerke burettslag i Oslo, då året blei offisielt opna. Burettslaget er ifølge styresmaktene eit godt eksempel på korleis ein kan bygga god beredskap lokalt.

Over heile landet skal beredskapsplanar pussast på i år, men ikkje berre det:

Heile samfunnet, frå den enkelte heime, via nærings- og arbeidsliv til styresmakter på alle nivå, skal treffast med råd som skal utløysa høgare beredskap.

I ein gitt krisesituasjon har Ole Sirevåg ein time på seg til å opna Obs Bryne for Time kommune. - Me har trent på litt ulikt og er vande med å hoppa i situasjonar. Den dagen det skjer, skal me unngå panikk og tull, seier varehussjefen.
I ein gitt krisesituasjon har Ole Sirevåg ein time på seg til å opna Obs Bryne for Time kommune. - Me har trent på litt ulikt og er vande med å hoppa i situasjonar. Den dagen det skjer, skal me unngå panikk og tull, seier varehussjefen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Til nå har fokuset i den kommunale beredskapen vore naturhendingar, smittevern og ulukker, noterer Reid Ivar Bjorland Dahl, kommunalsjef for samfunn i Time.

– Nå er styringssignalet at me òg skal førebu oss på kriser relatert til krig. Men me kan bygga vidare på beredskapsplanane og rammeverka me har, seier Dahl.

Vatn, straum og tilfluktsrom er tre element i kommunane sin beredskap. I Time står kommunalsjef Reid Ivar Bjorland Dahl og kommunedirektør Trygve Apeland i spissen for utviding av planane, frå naturgitte hendingar til krise i samband med krig.
Vatn, straum og tilfluktsrom er tre element i kommunane sin beredskap. I Time står kommunalsjef Reid Ivar Bjorland Dahl og kommunedirektør Trygve Apeland i spissen for utviding av planane, frå naturgitte hendingar til krise i samband med krig. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vatn, straum, tilfluktsrom

I desse planane ligg mellom anna opplegg for å skaffa folk reint vatn.

– Dette er heilt grunnleggande. Ved behov vil IVAR distribuera vatn på tankar til kommunane, seier kommunedirektør Trygve Apeland.

Like eins har kommunen sørga for straumaggregat ved institusjonar, opplyser han. – Me har òg rutinar for testing av desse.

Før 1998 måtte alle nye bygg over ein viss størrelse, ha tilfluktsrom. Som følge av krigen i Ukraina har regjeringa varsla at dette kravet skal tre i kraft igjen for nye bygg på over 1.000 m².

Kommunen har kartlagt tilfluktsromma i Time. Status er at private, skular og burettslag til saman har 7.827 plassar. Det einaste offentlege tilfluktsrommet ligg på Sivdamsenteret. Det har 290 plassar.

Klepp har to offentlege tilfluktsrom med plass til 319 personar. Hå har ingen offentlege.

Halda hjula i gang

Det viktigaste å ha beredskapsplanar for, er korleis kommunen skal handtera det akutte og sikra kontinuitet av viktige tenester, seier Dahl.

– I fall krise og krig er det om å gjera å halda tenester til innbyggarar i gang. Ved hendingar gjeld det å normalisera dei kritiske tenestene raskast mogleg.

Samarbeid på alle plan er avgjerande for å få dette til. I Time er Bryne næringsforening eit sentralt bindeledd mellom kommunen og det private næringslivet, og viktig for arbeidet, slår kommunedirektøren fast.

– Det gjeld at innbyggarar, bedrifter, frivillige lag og organisasjonar og kommunen er så førebudde som me kan vera. I tillegg legg me til rette for samarbeid mellom kommunane. I pandemien viste jærkommunane at me var flinke til det: Me etablerte felles luftvegslegevakt i løpet av ei helg.

I den ånda går Klepp, Time, Hå og Gjesdal nå saman om å tilsetta ein beredskapssjef som skal hjelpa kommunane å dra beredskapsarbeidet saman.