Det seier innsatsleiar Gunn Beate Stendal cirka to timar etter meldinga via AMK, om ei alvorleg skadd kvinne på ei adresse på Nærbø.
Sundag kveld er bustaden sperra av, og politiet vil halda vakt fram til krimteknikarane kjem.
Det var vitne på staden som varsla ambulansesentralen. Politiet har snakka med fleire som var involverte i hendinga.
Politiet jobbar etter fleire hypotesar. Innsatsleiaren seier at det er per nå usikkert kva som er skjedd.
– Det vil vidare etterforsking visa. Men vedkomande er pågripen og tatt til arresten, og den skadde kvinna er tatt til sjukehus med luftambulanse. Eg kan ikkje uttala meg meir om skadeomfanget utover at ho er alvorleg skadd.
– Veit de nå om det er nokon relasjon mellom han som er pågripen og ho som er sendt til sjukehus?
– Det er ein kjent relasjon frå politiet si side. Eg kan ikkje gå noko nærmare inn på det.