Bustaden på Nærbø er sperra av i påvente av tekniske undersøkingar.
Bustaden på Nærbø er sperra av i påvente av tekniske undersøkingar. Foto: Snorre Standish Norheim

Kvart på fire sundag varsla politiet at dei var på ei adresse på Nærbø i samband med melding om ein skadd person.

Seinare vart ein luftambulanse observert i nordgåande retning etter å ha tatt av frå Nærbø.

17:05 stadfestar politiet at ei kvinne er sendt til sjukehus.

Ho framstod alvorleg skadd, men var bevisst under transporten, ifølge operasjonsleiar Helen Rygg Ims.

Sperra av hus

Klokka fem er brannvesenet og ambulanse dratt, og gata er opna for forbipasserande.

Bebuarar i fleire av nabohusa ser på, då Jærbladet er på staden. Éin av dei fortel at dei ikkje veit kva som er skjedd.

Politiet opplyser seinare at dei har pågripe ein mann og tatt han i arrest. Bustaden er sperra av i påvente av tekniske undersøkingar.

Dei har ikkje konkludert med om kvinna er utsett for noko straffbart. Dei har oppretta sak og jobbar med ulike hypotesar.

Det er for tidleg å seia noko om kva som er skjedd og kva som skjedde før skadane oppstod, er den førebelse tilbakemeldinga..

Kvart på fem står brannvesenet og politiet i ei gate på Nærbø.
Kvart på fem står brannvesenet og politiet i ei gate på Nærbø. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Du skal sjå det synet

Klokka seks står ein stor gjeng ungdommar i gardsrommet og held oppsikt over aktiviteten i nabohusaet.

2,5 time etter den første meldinga til AMK, er det sperra av og politiet held vakt i påvente av at krimteknikarane skal koma.

– Først kom det ambulanse, brannbil og legevakt. Plutseleg begynte det å dirra i huset då luftambulansen kom, fortel ein ungdom.

Han fortel at luftambulansen landa på fotballbanen og at han såg ein person bli boren ned av helsepersonell, på ei båre.

Han fortel at politiet tok seg inn i nabohuset og kom ut med ein lettkledd mann som ikkje verka fornøgd med å vera bli arrestert.

Ein annan bebuar i nabolaget vart ringt av barnebarnet som nettopp hadde vore på besøk. Ho fortel at ho fekk denne beskjeden:

«Farmor, eg vart heilt dårleg. Du skal sjå det synet i svingen, med brannbil og sjukebil.»