Tore Nærland har vunne fredspris.
Tore Nærland har vunne fredspris. Foto: Privat

Nærland deler prisen med tre militærnektarorganisasjonar frå Belarus, Russland og Ukraina. På engelsk heiter desse organisasjonane høvesvis Our House, Movement of Conscientious Objectors (MCO) og Ukrainian Pacifist Movement.

Juryen kallar dei tre militærnektarorganisasjonane symbol på korleis fredens ånd varar ved i motgang.

Juryen kallar Nærland for ein fredsaktivist som, gjennom organisasjonen Bike for Peace, er sjølve kroppsleggjeringa av korleis personleg engasjement vert til endringskraft.

«Gjennom hans utrøyttelege innsats og ståpåvilje har han inspirert utallige individ til å omfamna ideen om at fred er noko ein kan jobba aktivt for, eit pedaltråkk om gangen. Engasjementet hans for å spre ein bodskap om fred og forståing overstig nasjonsgrener og finn gjenklang hos menneske i alle samfunnslag», heiter det i grunngjevinga.

Juryen meiner at utdelinga er anerkjenninga av retta til å nekta militærteneste og fredsfremjande arbeid frå enkeltindivid i tider der freden er truga.

«Arbeidet deira minner oss om at fred ikkje berre er fråværet av krig, men eit medvete og modig val som kan forma ei betre framtid for oss alle», seier juryen.

Prisen dei vann er kalla opp etter den irske politikaren Seán MacBride, som i 1974 vann Nobels fredspris for sin kamp for å sikra menneskerettar over heile verda.

Organisasjonen som deler ut The Seán MacBride Peace Prize, The International Peace Bureau, har sjølv vunne Nobels fredspris. Det skjedde i 1910. Dei fekk prisen for arbeidet sitt med å bygga bru mellom fredsorganisasjonar i ulike land. Tre år seinare vann og presidenten i organisasjonen, Henri La Fontaine, Nobels fredspris.