Frisk bris ruskar litt i håret, og små regndropar legg seg på mobilskjermen som ho skannar strekkodar på pakker med.
Slike forhold er ingenting for Hanne Haugland Grødem der ho fyller postkasser i Herigstadvegen på Bryne med brev, blad og småpakker.
Det er ikkje like gildt når det oftare bles stikkar og strå.
– Eller når det er ekstremt mykje pakker, seier postbodet.
Denne dagen er ho godt i gang med ruta som går mellom Hognestad, Nærbø, Gudmestad og Torland.
– Kan heile Time kommune
I dag har ho éin kassett med 20-gramsbrev, andre dagar har ho to. I tillegg har ho blad og aviser.
Det store volumet er det pakkene som utgjer.
Av omsyn til adressene får Jærbladet ikkje lov til å ta bilde av bagasjerommet, der dagens ladning fyller godt opp. Av og til er bilen stappa til taket, fortel ho.
Grødem har fordelt post i Time i 21 år. Dagens rute har 824 husstandar. I Bryne kan runden ha over 1.000.
– Eg kan heile Time kommune, men òg Klepp Stasjon og litt Nærbø, slår Hanne Haugland Grødem fast.
Post til postkassa éin gong i veka
Ennå køyrer ho med post og pakker til kvar postkasse eller bustad to gongar i veka den eine veka og tre gongar i veka den neste.
Sånn har det vore sidan 2020.
Men nå vil regjeringa gjera alvor av noko dei posttilsette har frykta ei stund: Skrumpa postomberinga til éin gong i veka – frå 1. juli neste år og i to år framover.
I framlegget til statsbudsjett for 2027 er budsjettet kutta med 491 millionar kroner – 24 prosent – til 1,52 milliardar kroner.
2.000 kan mista jobben på eit halvt år
Dette inneber at rundt 2.000 av dei 3.000 postboda i landet kan mista jobben i løpet av første halvår i 2027, meiner Fagforbundet Post og Finans.
I Rogaland vil det gjelda mellom 200 og 300 årsverk, trur Jarle Eide, leiar i Fagforbundet Post Vestlandet.
– Me er sjokkerte over at ei Ap-regjering vil nedbemanna så heftig i løpet av eit halvt år. Me er ikkje imot éin dags omdeling, men me må i det minste få tid til omstilling. Det er ikke noko nytt for oss, me har vore med på nedbemanning og omstilling sidan 90-talet, seier han.
– Verre i distrikta enn i byane
Han er opptatt av arbeidsplassane og av at mange som nærmar seg pensjonsalder, kan mista både jobben og retten til AFP.
Saman med dei tillitsvalde i regionen, samla i eit møterom på Posten Bring sin terminal på Ganddal, lovar han kamp mot framlegget.
Han spår at det vil skapa nye skilje mellom by og distrikt.
– Jo lenger ut frå byane ein kjem, dess dårlegare vil omberinga kunna bli. Tilbodet vil truleg bli dyrare for private og bedrifter der det ikkje er konkurranse, seier Jarle Eide.
Han og dei andre tillitsvalde vil nå jobba hardt for å overtyda både lokale Ap-politikarar og regjeringa sine budsjettpartnarar - SV, Sp, Raudt og MDG – om å slåst for ei løysing som vil berga mange av jobbane.
Dyrare teneste, færre brev
Frå eit bedriftsøkonomisk synspunkt gir kuttet meining.
Utgiftene til å kjøpa posttenester har auka frå 400 millionar kroner i 2016, til over to milliardar i år, ifølge regjeringa.
Parallelt har talet på fysiske brev stupt – med over 80 prosent dei siste 25 åra. I staden er e-post og andre digitale kanalar blitt dei viktigaste kommunikasjonskanalane for dei fleste.
Postmengda er på veg ned, ser også Hanne Haugland Grødem på rundane sine i Time.
– Det er ikkje like mange brev, blad eller aviser som før. Men behova til folk er svært ulike, seier ho.
– Ein del folk får ikkje post meir enn ein gong i månaden, andre treng verkeleg ombering 2,5 gongar i veka i snitt. Mange abonnerer på blad og tidsskrift, og den eldre garde får mest. Dessutan er det meir post å dela ut jo lenger ut på bygda eg kjem.
«Ulønnsame posttenester»
Det er staten som eig Posten Bring, men sidan 2002 er dette et aksjeselskap, nå eit nordisk post- og logistikkonsern, som skal tena pengar.
Konsernet har 20 dotterselskap.
«Posten skal ikkje gå med overskot. Posten skal gå med posten», sa ein politikar på 1990-talet.
Men i dag er om lag 80 prosent av Posten Bring AS si verksemd, knytt til kommersiell pakke- og logistikklevering.
20 prosent er det som ikkje går i pluss og som staten betaler for, ikkje minst ombering av brev.
I budsjettet heiter dette «ulønnsame posttenester» og er ikkje berekraftig, meiner regjeringa.
Lokal ekspertise som er gull verdt
Der det ikkje er andre tilbydarar og ikkje løner seg kommersielt, er Posten uunnverleg, meiner Jarle Eide og mange posttilsette.
Postbod som Hanne Haugland Grødem går med unik kjennskap til kven som bur kor i lokalsamfunna og kor dei jobbar.
Dette, meiner dei, er gull verdt i ei tid der heile samfunnsberedskapen skal rustast opp.
Det er krig i Ukraina og mykje ekstremvêr som kan slå ut annan kommunikasjon. Høgteknologiske samfunn er sårbare for feil eller angrep.
Fagforbundet vil at den menneskelege kompetansen i Posten skal haldast ved like.
Postbodet som kontakt til samfunnet
Det kan skje ved at tenesta På dørterskelen blir gjort landsdekkande, meiner dei.
Ni kommunar har eksperimentert med dette tiltaket, som inneber at postbodet ein gong i veka ringer på hos folk over 75 år som saman med posten ønsker å få informasjon frå kommunen på døra.
Målet er at fleire eldre skal kunna bu heime lenger og halda seg aktive, at færre skal vera einsame og at færre av dei 850.000 innbyggjarane som sliter med det digitale, skal bli ståande heilt utanfor.
Evalueringa viste at forsøket var svært vellukka for brukarane. Den samfunssøkonomiske innsparinga vil kunna bli 600 millionar kroner, anslo Oslo Economics.
Fagforbundet vil ha statleg finansiert dørterskelteneste over heile landet.
Dei vil også ha direkte midlar til Posten for å halda oppe avisombering i distrikta på laurdagar, ei ombering som regjeringa vil fjerna.
– Kommunane kan ha dørterskel viss dei vil
Ei landsdekkjande dørterskelteneste vil kosta rundt 500 millionar kroner i året, og regjeringa varsla allereie i 2025 at dei ikkje ville innføra ei slik teneste over heile landet.
Stortinget avviste i vår å greia ut ei slik ordning, påpeiker samferdselsminister Kamzy Gunaratnam i ein e-post til Jærbladet.
Spørsmålet til henne var dette:
«Viss framlegget i statsbudsjettet fører til at svært mange posttilsette mistar jobben og til at kommunane sine omsorgsbudsjett blir meir belasta, er vel dette berre å dytta kostnader over på andre offentlege budsjett?»
– Dørterskeltenesta er ikkje utelukkande ei postteneste. Viss staten skal kjøpa ei slik teneste, kan me dessutan ikkje utan vidare kjøpa ho direkte frå Posten Bring, skriv Gunaratnam.
– Viss kommunane ut frå eit helseperspektiv meiner at nytten er større enn kostnaden, er det ingenting i vegen for at dei etablerer dette som eit helse- og omsorgstiltak, svarer samferdselsministeren.
– Mange aktørar å spela på i kriser
Senterpartiet lovar «tøffe rundar» om kutta i Posten, skriv E24.
Arbeidarpartiet riv ned «grunnleggjande infrastruktur i heile landet» på ein brutal måte, styrer mot heilprivatisering av postmarknaden og tilpassar Norge EUs konkurranseregelverk, meiner leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Me bruker svært store ressursar på å rusta Norge, forsikrar Kamzy Gunaratnam.
– Arbeidarpartiet skal tryggja Norge i urolege tider. Å tilpassa brevleveringa til brukarbehova er ikkje det same som å byggja ned beredskapen, skriv ho.
– Me har fleire ulike post- og logistikknettverk frå mange ulike aktørar som kan nyttast ved behov. Sjølv om brevmengda går ned, er pakkemarknaden i vekst. Dette gir oss eit logistisk fundament for kriseinformasjon og nødvendig levering, meiner ho.
I eit møterom ved godsterminalen på Ganddal, med utsikt til raude bilar med påskrifta «Ingen kjenner Norge bedre», har Lars Rune Fornes, tillitsvald for Egersund distribusjon, inga tru på dette.
– Alle dei andre bodtenestene som politikarane viser til, finst berre i storbyane. Å tru at dei plutseleg skal dukka opp alle plassar i distrikta, er berre tull, meiner han.