– Det er spennande!
På den ferske kafeen i Kleppe sentrum sit Maria Elstad med vesle Max på armen.
Den sju veker gamle sonen hennar er ein sikker Montessori-elev i framtida – i alle fall om alt går etter planen.
Jæren montessoriforeining har fått lov av Utdanningsdirektoratet (Udir) til å starte opp ein skule med denne pedagogikken til grunn i Klepp.
Godkjenninga er gyldig for 60 elevar frå første til sjuande klasse. Om foreininga også får driftstillating, kan elevane starte allereie i haust.
Søndag hadde dei fire engasjerte eldsjelene eit møte om vegen vidare.
– No har me bestemt oss for å prøve å starte opp til hausten, seier Elstad.
– De tenker det er reelt å få til?
– Me prøver, seier ho.
Manglar bygg og lærarar
Før driftstillating kan bli gitt og skuleverksemda starte opp, må skulen dokumentere at den har oppfylt ei rekke vilkår.
For eksempel må skuleanlegget vere godkjend av Statsforvaltaren. Udir må godkjenne den samla lærarkompetansen, og minst halvparten av dei som er tilsette i lærarstilling må ha spesialkompetanse innan montessoripedagogikken.
Skulen må starte opp innan dei første tre åra etter at godkjenninga er gitt.
Foreininga har ikkje funne eit eigna lokale til formålet enno, men veit at dei ønskjer ein plass med nærleik til naturen. For eksempel meiner dei at det gamle skulebygget til Vasshus kan vere aktuelt.
– Me treng lærarar med Montessori-kompetanse. Det viktigaste no er eigentleg å finne nokon som er kvalifisert.
– Me veit frå andre skular at me mest sannsynleg må utdanne lærarar også, og vil gjerne ha nokon som kvalifiserer til å kome inn på vidareutdanninga for Montessori. Men me treng jo framleis ein person som er erfaren og som kan dra dette, seier ho.
Ingen har meldt seg enno, men dei håpar på napp når dei snart skal lyse ut stilling.
Planen er å trappe opp elevtalet mot dei godkjende 60 på sikt. No er målet ein skule for 20 elevar mellom seks til åtte år, som vil utgjere ein klasse.
– Me ser for oss å ha to lærarar, og éin som har ansvar for SFO og administrasjon i starten. Eventuelt også assistentar, om me får elevar som treng det.
Søke om midlar frå næringsliv
– Opplever de at det er interesse for 20 elevar får hausten av? Trur de plassane vil kunne fyllast opp?
– Ja, det trur eg. Det er mange som har vore i kontakt, seier ho.
– Me er jo veldig motiverte av ungane og har lyst til at det skal vere eit positivt bidrag for nærmiljøet.
Foreininga har vore i tett kontakt med andre montessoriskular. No har dei også planar om snakke med andre private skular i nærleiken, for eksempel Jærtun eller Tryggheim, om korleis dei driv.
Skulen har levert eit budsjett, som Udir har vurdert som tilfredsstillande. Men ifølgje Elstad er ikkje økonomien ein enkel post.
Privatskular som er godkjende etter privatskoleloven får statstilskot på 85 prosent av ein gitt sats.
Resterande 15 prosent kan dei ta i skulepengar frå den enkelte eleven.
«Midlene skal kome elevene til gode. Det betyr at de skal brukes til opplæringsformål», heiter det på Udir si nettside.
I tillegg kan skulane krevje eit årleg beløp for å dekke husleige eller kapitalkostnader.
– Me må søke om midlar frå lokalt næringsliv til for eksempel lærarutdanning, seier Elstad.
Jæren sparebank har sponsa med midlar til materiale på skulen, fortel ho.
– Me er også opne for frivillige som har lyst til å vere med å bidra, ikkje berre økonomisk, men også praktisk. Det kjem nok til å vere litt dugnadsarbeid i bygget me får.
Kommunen mistar rammetilskot
I fjor gav kommunestyret grønt lys til Utdanningsdirektoratet for ein montessoriskule i Klepp.
Då kommunedirektøren la fram økonomiplanen i november, trakk ho fram ei bekymring om rammetilskot frå staten. I 2025 mista kommunen 13,2 millionar kroner for elevar som gjekk til private skular utanfor kommunen. Dette er ein auke på over 12 millionar sidan 2022, ifølgje oversikta ho viste.
– Det er ein privat skule som har ønskja å etablere seg her. Det seier seg jo sjølv at dette får konsekvensar, sa kommunedirektøren.
– Eg trur jo at viss alle elevane som har valt å gå på privatskule hadde kome tilbake igjen til offentleg skule, måtte kommunen også ha brukt meir ressursar på det. Det er jo ikkje gratis. Tanken er jo at dei også skal ha spart litt midlar på at elevane har gått ut, seier Elstad.
Nokre politikarar har uttrykt bekymring for at det kan kome ein privatskule til Klepp, basert på summane kommunedirektøren la fram.
– Viss dei ønskjer fleire elevar, må dei legge til rette for barnefamiliar i Klepp. Mange heiar jo på lokalskulen. Viss fleire barnefamiliar flytter til, får dei meir midlar i lokalskulen også, seier Elstad.
– Me kjem jo til å vere ein liten skule, og kjem aldri til å klare å konkurrere mot kommunale skular. Me gir eit alternativ til foreldre som har veldig lyst, og som gjerne hadde valt noko tilsvarande likevel. Eg trur ikkje me tar så mykje frå det offentlege, og trur og håpar me er meir eit positivt bidrag.
Kommunedirektøren ønskjer velkomen
I ein SMS til Jærbladet ønskjer kommunedirektør Torild Lende Fjermestad Jæren montessoriforeining velkomen til Klepp.
– Eg ser fram til eit godt samarbeid på same måte som me arbeider saman med private barnehagar.
– Dei er også velkomne til å ta ein prat med både meg og ordførar, skriv ho.