Med mindre Klepp kommune ser nokon grunn til ikkje å pålegge styrar Rasmus Sele dei varsla prikkane, er det kroken på bardøra for ein avgrensa periode.
Ved tildeling av til saman tolv prikkar eller meir i løpet av to år, skal kommunen nemleg inndra bevillinga i ei veke.
Ved fleire prikkar, skal lengda på inndragninga aukast tilsvarande.
Så langt Jærbladet kjenner til, har baren på Kleppe fått tre prikkar sidan oktober 2024.
Styraren har moglegheit til å kome med ein uttale til kommunen innan 15. september, før saka blir behandla.
Viser til fleire brot
Klepp kommune viser til skjenkekontrollens rapport frå 22. august, som skildrar fleire brot på alkoholreglane.
Inntrykket til kontrollørane skal ha vore at gjestene generelt hadde drukke mykje.
«Kontrollørene erfarer at det ikke fungerer med ansatte som ikke vet hva jobben deres som vakter innebærer», heiter det i varselbrevet.
Det skal for eksempel ikkje ha vore nokon vakt ved døra, idet ein gjest blei observert på veg ut av lokalet med alkohol i hende.
Ifølgje alkoholforskriften skal ikkje alkohol bli tatt med når ein gjest forlet ein skjenkestad.
Skal ha vore fleire synleg drukne gjester
Brevet viser vidare til at ein tilsett med «vakt» på ryggen ikkje skal ha reagert sjølv om ein mann som synleg hadde drukke mykje, sovna og måtte støttast då han vakna.
Ifølgje kontrollørane skal gjesten etterpå ha fått ein øl av ein annan gjest, og styraren skal ha gått forbi han to gonger. Gjesten skal sjølv ha forlate området etter ei stund.
Kommunen viser til alkoholreglane, som seier at bevillingshavar har plikt til å sørge for at ein person som er «åpenbart påvirket av rusmidler» på skjenkestaden, forlet staden. I same paragraf heiter det at bevillingshavaren har plikt til å sørge for at personar som treng det, får naudsynt hjelp.
Dei viser også til at det det ikkje skal skjenkast alkohol til ein person som er openbert påverka av rusmidlar, uansett om det blir gjort av ein bartender, gjest eller vedkommande sjølv.
Kritiserer vakthaldet
Vakthaldet skal heller ikkje ha vore godt nok då ei dame, som kontrollørane opplevde som svært full, prøvde å kome seg inn på toalettet, og til slutt klarte det.
Ifølgje kontrollørane skal ho ha sovna på toalettet. Styraren skal då ha opna døra utanfrå, og det skal ha blitt sørga for at nokon henta henne.
Kontrollørane skal også ha observert røyking/vaping inne i barområdet og i teltet under heile perioden dei hadde kontroll.
I møtet med styraren etterpå, skal kontrollørane ha vore klare på at det «ikke fungerer med ansatte som ikke vet hva de skal gjøre i jobben som vakter».
Ifølgje kontrollørane må dei tilsette i baren bli betre på å vurdere gjestene før dei skjenker ut drikke, også talet einingar per gjest, sjølv om det er høgt trykk i baren.
– Uforsvarleg
Det skal ha blitt gjennomført ein kontroll ved skjenkestaden kvelden før, kor dei same utfordringane blei observert.
Den første kvelden skal kontrollørane ha gitt klar beskjed om kva som måtte betrast for å vareta ei god, forsvarleg drift. Dei opplevde altså at dette ikkje var tatt til etterretning kvelden etterpå.
Ifølgje varselbrevet skal skjenkekontrollen dessuten ha uttalt seg om liknande observasjonar under eit arrangement av Coffee Corner i august 2024.
Klepp kommune viser til alkoholloven når dei skriv at bevillinga, utover å oppfylle vilkår og bestemmingar i lov, skal utøvast på ein forsvarleg måte.
«Kommunen legger til grunn at forholdene var kritikkverdige i den grad og av den karakter at driften ansens som uforsvarlig. I vurderingen er det særskilt tatt i betraktning at det ikke var en forbedring av forholdene fra kvelden før», skriv dei.
Dei viser til at brot på forsvarligheitskravet skal medføre tildeling av åtte prikkar.
På grunn av «skjerpede forhold» vurderer kommunen å auke dette til ti prikkar.
– Blir litt svartmåling
Styrar Rasmus Sele meiner rapporten frå skjenkekontrollen gir eit for negativt bilete av vakthaldet denne kvelden.
Han avviser at det ikkje var vakt ved inngangen. Ifølgje Sele stod vakta rett ved døra.
Han meiner skjenkekontrollen gjekk inn medan vakta diskuterte med andre gjester.
– Viss nokon berre vil gå rett forbi medan vakta står og snakkar med ein annan gjest, er det ikkje noko problem å smyge seg forbi. Ein kan ikkje ha tre–fire vakter ståande i døra, meiner Sele.
Han viser også til kvinna som kontrollørane oppfatta som svært rusa, og som seinare skal ha sovna på toalettet. Sele seier han hadde snakka med henne om lag ein time tidlegare.
– Då var ho heilt med.
Sele seier han i sitt svar sitt kommunen kjem til å leggje med eit skriv frå kvinna, som forklarar si side av saka. Dei avviser skjenkekontrollen sin versjon.
Meir generelt understrekar han at dei tilsette prøver å passe på og få rusa gjester ut av lokalet, men meiner det ikkje alltid er lett å fange opp alt når det er mykje folk.
– Mange drikk ein del eller tek nokre shotar før dei kjem på utestaden, og så verkar det kanskje ikkje før ei stund etterpå. Det er vanskeleg for oss å oppdage med ein gong.
Fekk seint svar frå kommunen
Når det gjeld kritikken av vakthaldet, viser Sele til at det var krevjande å planlegge bemanninga. Han seier vakter kostar rundt 1.000 kroner timen, og at kommunen først gav svar på søknaden om telt og utvida skjenkeareal onsdagen før arrangementet starta fredag.
– Me hadde planlagt dette i to månader. Då kan eg ikkje bestille maksimalt med folk som berre skal sitje på gjerdet og vente på om me får løyve. Når svaret kjem to dagar før festen, er det ikkje nødvendigvis lett å skaffe fleire vakter, seier han.
Sele seier han har opplevd noko liknande tidlegare, då svaret frå kommunen først kom same dag som eit arrangement skulle starte.
Han seier vidare at han ikkje sjølv observerte røyking eller vaping inne i lokalet eller teltet. Samstundes vil han ikkje avvise at det kan ha skjedd utan at han fekk det med seg.
Styraren reagerer også på kor ofte skjenkestaden har fått besøk av kontrollørane den siste tida.
– Me har hatt tre kontrollar på 14 dagar. Det er klart ein byrjar å lure på om det er tilfeldig, seier Sele.