Det er eit gammalt munnhell som seier at når ein planlegg noko, så må ein tenke på tre ord: Kjapt, billig, og bra, og så velja to av dei.

Om du vil ha noko kjapt og bra, ja, så vert det ikkje billig.

Om du vil ha noko billig og bra, så får du det ikkje kjapt, og ... Vel. De skjønnar korleis dette verkar som ein tommelfingerregel.

Når det kjem til etableringa av datasenter i Time kommune, ser det ut til at ingen har gjort dette i det heile. Eller så valde dei bevisst kjapt og billig, for bra har dette har absolutt ikkje blitt.

Ein ting er å invitera energikrevjande industri til kommunen. Det er mykje energikrevjande industri som kunne vore fornuftig å plassera her. Det som heile vegen har vore problemet er kvar denne industrien skal etablerast (matjord), og kva for industri som skal etablerast (datasenter).

Nå er det ein ny rapport på trappene frå Norsk Teknologiråd som seier i klartekst det eg og Rødt – og ja, Senterpartiet og SV – har sagt heile vegen: Datasenter gjev få lokale arbeidsplassar og avgrensa lokal verdiskaping.

Mesteparten av aktiviteten lokalt er i byggefasen, og byggefasen ville og vore der om ein hadde etablert kva for helst anna av industri i liknande skala.

Dette vert støtta av tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at i 2024 sysselsette næringa 677 personar, på 26 datasenter i Noreg.

Det vert, i snitt, 26 menneske per senter. I tillegg treng større senter mindre folk til drift enn mindre senter, grunna automatisering og stordriftsfordelar.

Store senter, som det på Undheim og det som er under planlegging på Kalberg, vert rekna å sysselsetta ein stad mellom 0,73 og 0,83 personar per Megawatt.

I klartekst:

Rødt, Senterpariet og SV åtvara om prissmitte då me kopla distriktet vårt på Tyskland og Storbritannia. Me fekk rett.

Me åtvara om at sal av straum til utlandet ville tappa norske magasin. Me fekk rett.

Me åtvara om at datasenter kom til å avgrensa utviklinga av anna industri. Som etableringa av TikTok sitt senter på Raufoss viste då det hindra Nammo i å utvida verksemda der, fekk me rett der og.

Då Green Mountain lova ti tusen arbeidsplassar på Kalberg, så åtvara me om at dette ikkje kunne stemma. Me fekk rett; No «garanterer» dei fem hundre. For alt det er verdt.

Frå begynninga av har me sagt at det smartaste me kan gjera er å venta, sjå ting an, og ikkje forhasta oss inn i noko som ikkje kan reverserast.

No som administrasjonen i Time kommune vil lempa på krava til utbyggjaren på Kalberg om både bygging av omkøyringsveg og nytting av overskotsvarme, så er det berre å konstatera at me fekk rett ein gong til.

Time kommune ville ha ny industri.

Og fleirtalet i kommunestyret, Høgre, Framstegspartiet, og Kristeleg folkeparti, dei ville ha ny industri kjapt og dei ville ha det billig.

Så kjapt at dei tok den fyrste og beste som banka på døra.

Så kjapt at dei ikkje sjekka om det var noko som helst hald i dei – bokstavleg talt utrulege lovnadane – denne brunsnigelen av ei næring kom med.

Resultatet av denne nærast usømelege hasten, den ser me på Undheim no; 60.000 kubikkmeter masse som skulle flyttast har angjeveleg blitt til 600.000.

Det har vore utslepp til verna vassdrag. Bygging har blitt sett i gang utan at det har vore sikra nok tilgang på straum(!), med etterfølgande dyre investeringar. Og sjølvsagt utan eit einast krav om nytting av overskotsvarme; kråkene skal få varme nok til 32 000 leilegheiter om vinteren slik det ligg an no, les eg i Jærbladet.

Kjapt. Billig. Bra. Vel deg to.

Problemet er berre det at det er ei oppfølging til den tommelfingerregelen; om du går for kjapt og billig, så endar du fort opp med berre kjapt. Om du er heldig.

Høgre, KrF og Framstegspartiet valde. Det skulle gå fort. Me og SV og Senterpartiet har åtvara mot denne næringa, og mot den forhasta prosessen. Så langt så ser det ut til at me får rett.

Denne gongen og.