Kjell Olav Stangeland på Bryne er ingen skrotnisse. Dette er plast han gjerne vil kvitta seg med, men som han ikkje blir kvitt. Time kommune lovar at det nærmar seg ei løysing.
Kjell Olav Stangeland på Bryne er ingen skrotnisse. Dette er plast han gjerne vil kvitta seg med, men som han ikkje blir kvitt. Time kommune lovar at det nærmar seg ei løysing. Foto: Snorre Standish Norheim

I november bad Kjell Olav Stangeland og andre lokalpolitikarar i Time om ei ekstra utgreiing, for å sjå om det var mogleg å stabla på beina ei løysing der kommunen kom og henta plasten hjå innbyggarane.

Etter å ha fått inn prisoverslag, vedtok utval for lokal utvikling i starten av desember å gje innbyggarane i oppgåve å levera plasten.

Innbyggarane kan levera plasten ved IVAR sine gjenvinningsstasjonar, men det er eit stykke å køyra til Forus eller Sele for å bli kvitt yoghurtbeger og tomme Fjordland-middagar. Derfor skal kommunen oppretta eigne leveringspunkt.

To månader etter valet av ordning, kunne Stangeland melda at det begynner det å bli fullt i garasjen på Bryne.

– Eg sende eit spørsmål i begynninga av januar, om kva tid postane for plastinnsamling vil vera på plass. Nå begynner den andre sekken å bli full. Eg lurer på når kan me forventa å få levera plast i Time?

– I løpet av veka

Ap-politikaren gjentok spørsmålet som mange innbyggarar i Time truleg lurer på, i utval for lokal utvikling torsdag 2. februar.

Leiar kommunalteknikk, Ole Bjørn Maråk, hadde håpt å ha renovasjonsløysinga på plass i januar, og sa at i utvalet at vart jobba intensivt med å få løysinga på plass.

Då avisa kontakta kommunen måndag 6. februar, lova dei eit endeleg svar i løpet av inneverande veke, eller tidleg i neste veke.

– Me kjøper tenester av IVAR IKS, som driftar renovasjonen i Time kommune. Dei har ikkje hatt eit klart svar, og har vel også vore usikre på korleis dei skal løysa dette. Det er komplekst når det er tale om ein mellombels periode, forklarer Maråk til Jærbladet.

Ettersorteringsanlegget på Forus gjorde jobben for oss fram til brannen i fjor sommar. Derfor må kommunane i distriktet finna mellombelse løysingar for plasten, fram til anlegget forhåpentleg kan startast opp att i 2026. (Bildet er frå 2019, då det toppmoderne anlegget var flunkande nytt.)
Ettersorteringsanlegget på Forus gjorde jobben for oss fram til brannen i fjor sommar. Derfor må kommunane i distriktet finna mellombelse løysingar for plasten, fram til anlegget forhåpentleg kan startast opp att i 2026. (Bildet er frå 2019, då det toppmoderne anlegget var flunkande nytt.) Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Han peikar på at utvalet gjorde vedtaket om returordning rett før jul, og seier at det har tatt tid å få organisert returpunkta.

Siste nytt er at returpunkta skal vera på plass seinast neste veke, og at kommunen vil koma med meir info denne veka. Men Maråk, som sjølv er busett i Klepp, seier at utfordringane ikkje vil vera over når leveringspunkta er på plass.

– Det har vore utfordringar i Klepp, med at folk ikkje har sortert godt nok, og med at dei har hive andre ting i returpunkta. Me må følga med på korleis dette fungerer, påpeikar han.

På plass i Klepp sidan i haust

19. oktober skreiv Jærbladet at Klepp kommune har sett ut eigne konteinarar, der innbyggarane kan levera plasten.

På eigne nettsider skriv kommunen at dette er ei mellombels løysing, og at kommunen jobbar med fleire andre moglegheiter for innsamling av plast frå hushaldningar.

– I Klepp er det førebels ikkje noko nytt. Me innførte ei innsamlingsordning i haust, der dei som ønsker det kan levera plastavfall på utvalde leveringsstader, fortel kommunikasjonssjef Ragnhild Nordahl Næss i Klepp kommune.

Ho presiserer at leveringsstadene er eit tilbod til dei som ønsker å sortera, altså ei frivillig ordning.

Innbyggarane kan levera plast tre stader på Kleppe, to stader på Kåsen/Tjøtta, to i Verdalen, to på Klepp stasjon, to på Orstad, éin på Voll og éin på Orre.

På nettsidene har kommunen har kart over alle tettstadene og eit oversiktskart over heile kommunen. Leveringspunkta er her markerte i oversiktskartet Klepp kommune har laga.
På nettsidene har kommunen har kart over alle tettstadene og eit oversiktskart over heile kommunen. Leveringspunkta er her markerte i oversiktskartet Klepp kommune har laga. Foto: Foto: Skjermdump frå GeoInnsyn / Klepp kommune

Hå nyttar Pytten

I oktober sa Hermund Haugland, leiar for teknisk drift i Hå, at dei ikkje har umiddelbare planar om å koma med nye instruksjonar når det gjeld plastavfall.

– Mange av innbyggjarane våre leverer allereie plastavfallet sitt til miljøstasjonen Pytten ved Nærbø. Der dette ikkje blir gjort, går plasten i restavfallet, sa Haugland.

Kommunen hadde på det tidspunktet ikkje planar om å innføra noka mellombels ordning. Nå er kommunen komen litt lengre.

– Hå kommune oppfordrar innbyggjarane til å sortera ut plastavfall og levera til gjenvinningsstasjonen, fram til IVAR sitt ettersorteringsanlegg er i drift igjen. Me vurderer også ekstra mottaksstader i tillegg til gjenvinningsstasjonen for både plast- og hageavfall i periodar av året, fortel kommunikasjons- og innovasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland.

Ekstra mottaksstader vil bli lengre sør i kommunen, for eksempel i nærleiken av Stokkalandsmarka. Stadene vil bli avklarte i løpet av våren 2023.

Saka er oppdatert onsdag klokka 11.11 med nye svar frå Hå.