– Det er eit slag i trynet, seier Benedicte Møller Idsal.
Ho er FAU-leiar på Orstad skule, og har gått grundig til verks når ho no står opp for å behalde dei eldste elevane i bygda.
Saman med Andreas Idsal-Holm har ho funne statistikk, tal og argument som partigruppene fekk presentert tidleg denne veka.
Dei er glade for at skulebygget endeleg får den etterlengta oppgraderinga det har behov for, men listar opp mange grunnar for kvifor dei meiner det ikkje er hald i å flytte ungdomstrinnet.
– Me trudde jo det var politisk vedtatt at det skulle vere ein skule for første til tiande klasse, seier Idsal.
Les svaret til kommunedirektør Torild Lende Fjermestad lengre nede i saka.
Ville behalde ungdomstrinnet i 2024
Idsal viser til vedtaket fatta av kommunestyret i april 2024. Då var fleire alternativ oppe til vurdering, men det blei til slutt bestemt at Orstad skule skulle rehabiliterast/byggast om og få eit påbygg.
Med dette bestemte politikarane seg for å behalde ungdomsskuletrinnet på Orstad.
I saka som no skal til politisk behandling, føreslår kommunedirektøren å flytte ungdomsskuleelevane til Kleppe og Bore.
– No føler me nesten at det er ein omkamp igjen, for me har hatt dette gjennom med politikarane. Me har hatt folkemøte her. Me har hatt høyringsinnspel, seier Idsal.
– Flyttar den sosiale arenaen mot sentrum
I vedtaket frå 2024 låg også at administrasjonen skulle ta kontakt med Time kommune for å sjå på moglegheita for ein felles ungdomsskule for Frøyland og Orstad skulekrins på lengre sikt. Ei slik utgreiing er ikkje gjennomført, fordi ei utgreiing av ny skulestruktur ikkje fekk fleirtal.
FAU er opne for at krinsane blir endra, og at fleire ungdomsskuleelevar kjem til Orstad frå for eksempel Klepp Stasjon eller Frøyland. Dei vedgår at miljøet er lite, og at friske pust i åttande klasse kan vere ein fordel.
At orstadelevane skal pendle til Kleppe, meiner dei derimot er ein dårleg ide.
– Me har inga naturleg tilknyting til Kleppe. Og eg trur at det vil vere vanskeleg å oppretthalde dei sosiale kontaktane du får gjort deg på skulen i fritida, for det er ingen naturleg kollektiv trafikk mellom Orstad og Klepp, seier ho.
– Den sosiale arenaen for ungdommar vil også flyttast mykje meir mot Klepp sentrum. Det tenker me at gjerne ikkje treng vere positivt, legg Andreas Idsal-Holm til.
Også i klasseromma har temaet vore ein snakkis.
Elevrådsleiar William Eikrem Nordmark, som presiserer at han snakkar på vegner av dei fleste elevane på skulen, seier at dei ikkje har lyst til å reise heilt til Kleppe eller Bore.
– Eg synest det er betre med eit nært klassemiljø, seier han.
– Så har det jo ein del å gjere med idretten også. Her har me veldig mange venner. Me opplever at det kjem fleire unge no enn tidlegare frå Klepp Stasjon for å drive med idrett her.
– Veit ikkje om ein reelt sett sparar pengar
Ifølgje FAU-medlemmene er snittkarakterar i tiande klasse litt høgare på Orstad, jamt over, enn på Bore og Kleppe. Undersøkingar viser også at det er betre trivsel og mindre mobbing, ifølgje dei to.
I sakspapira til den komande saka, viser kommunedirektøren til at det skal vere kapasitet på ungdomsskulane på Kleppe og Bore.
FAU ser at det er kapasitet ved dei to skulane, men meiner skulebruksplanen viser at ein då må gjere om krinsgrensene deira, noko som igjen kan gi uheldige konsekvensar for nokon som i dag høyrer naturleg til Kleppe ungdomsskule.
Dessutan meiner dei at rehabiliteringa av Orstad skule har blitt utsett altfor lenge, og at dette er blant grunnane til at kommunedirektøren no vil flytte ungdomsskulen.
– Eg synest det er urettferdig at bygda skal li for at ting har blitt dyrare, og at rehabiliteringsbehovet har blitt større, medan me har venta på at andre skal få nye, fine, oppjusterte skular, seier Idsal.
Kommunedirektøren grunngir hovudsakleg forslaget sitt med at det vil bli langt dyrare å rehabilitere skulen enn tidlegare trudd. Det er sett av 162,5 millionar i økonomiplanen, medan oppdaterte anslag viser til at prisen kan bli oppimot 250 millionar kroner dersom ungdomstrinnet skal bli på Orstad.
FAU meiner kostnadsgrunnlaget for å legge ned ungdomstrinnet ikkje er breitt nok.
– Innstillinga seier ingenting om kostnadene av å flytte. Verken skyss på å busse elevane til og frå, eller kva som krevst av utbetringar på skulen eller skulane ungdommane våre eventuelt hamnar på, seier Idsal-Holm.
– Når den kostnaden ikkje er der, veit ein jo faktisk ikkje om ein reelt sett sparer pengar på å flytte dei, held han fram.
– Og så må eg jo seie at politikarane klarte å fostre opp pengar til å kjøpe parkeringsplassar. Eg forventar jo at dei synest at viktigheita av å stå med dei politiske vedtaka dei har, gjer at dei kan sjå på moglegheita til å finne pengar til å behalde ungdomstrinnet, seier Idsal.
– Opp til politikarane
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad presiserer overfor Jærbladet at administrasjonen her har gjennomført ein ny moglegheitsstudie for Orstad skule.
– Denne saka viser til kva som er mogleg på Orstad, med kostnader. På dette grunnlaget har kommunedirektøren lagt fram ei anbefaling. No er det opp til politikarane å avgjere ut ifrå dette, skriv ho i ein e-post til Jærbladet.
– Kva tenker du om at FAU er bekymra for at arenaen for ungdom i større grad vil flyttast til sentrum, dersom ungdomstrinnet blir flytta til Kleppe eller Bore?
– Dersom kommunedirektøren hadde vore bekymra for dette, hadde det kome fram i saka.
– FAU meiner at rehabiliteringa av Orstad skule har blitt utsett altfor lenge, og at dette er blant grunnane til at du føreslår flyttinga. Dette fordi rehabiliteringsbehovet har blitt større og rehabiliteringa dyrare. Stemmer det?
– I saka presiserer me både sårbarheit (fagleg) og auka kostnader når det gjeld rehabilitering. Dei auka kostnadene handlar om auka prisar i marknaden.
Politikarane skal ha stilt spørsmål om kapasiteten på dei to ungdomsskulane i sentrum, noko dei ifølgje Fjermestad skal få svar på i formannskapsmøtet måndag.
Dersom formannskapet og kommunestyret ønskjer eit meir detaljert kostnadsbilete, skal administrasjonen svare ut dette før endeleg vedtak blir gjort, opplyser Fjermestad.
Saka skal til behandling i hovudutval for barn og unge og formannskapet, før kommunestyret tar den endelege avgjerda 9. februar.