For å møta veksten, er Risa og R-konsernet i full gang med å bygga på hovudkvarteret i Bjorlandsmarka utanfor Nærbø.
Millionklang
Eit tilbygg på fire etasjar skal gje den tradisjonsrike verksemda tre tusen kvadratmeter ekstra golvflate og 84 nye kontorplassar, i tillegg til nye treningslokale.
Dei har òg planar om eit eige «klokketårn» ved sida av nybygget. Her skal kyrkjeklokkene frå den tidlegare Stefanuskyrkja ved Nærlandsheimen henga.
Kvar gong firmaet halar i land ein kontrakt skal klokkene ringa.
– Det blir eitt slag for kvar million, og det skal høyrast over heile Nærbø, har Bjørn Risa tidlegare uttalt til Jærbladet.
Risa la til at dei berre skal ringa med klokkene innafor normalarbeidstida.
I januar i år fekk Risa rammeløyve for det nye tilbygget og det medhøyrande klokketårnet.
Nabo vil ikkje høyra
Ein nabo valde å klaga på vedtaket. Naboen meinte Risa ikkje burde ha fått løyve til å bygga klokketårnet.
Naboen stilte spørsmål ved om det var slik at naboane òg treng å informerast kvar gong Risa går inn på ein ny kontrakt.
I klaga skreiv naboen at det kjem nok støy frå næringsområdet frå før av, og at det planlagde klokketårnet berre vil føra til meir.
Kommunen tok ikkje klaga til følge. Dermed gjekk ho til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.
I juni kom svaret. Statsforvaltaren i Rogaland vil ikkje gjera om på kommunen sitt vedtak.
– I tråd med industriformålet
Statsforvaltaren legg vekt på at entreprenøren sjølv har opplyst at ringinga med klokkene skal vera avgrensa til eit enkelt og kort lydsignal nokre få gonger i veka og berre på dagtid. Klokketårnet skal vera eit dekorativt element på bakken.
Statsforvaltaren noterer òg at arealformålet til eigedommen det gjeld er industri, noko som opnar for eit visst nivå av aktivitet og lyd. Klokketårnet er i tråd med formålet, meiner Statsforvaltaren.
I avgjerda skriv Statsforvaltaren at om klokkene berre ringer kort og på dagtid og om lyden frå dei ikkje overstig 50 decibel vil dette vera i tråd med både reguleringsplanen og Miljødirektoratet sin rettleiar for behandling av støy i arealplanlegging.
Det er ikkje mogleg å klaga på avgjerda.