Etter ein prosess som vart lengre enn venta, vedtok kommunestyret i Hå endeleg ein ny kommuneplan i siste møte før sommarferien.
Ein kommuneplan er eit av kommunen sine viktigaste styringsdokument. Det er ein langtidsplan som styrer arealbruk og legg føringar for utviklinga i kommunen.
Kommunen står ikkje fritt til å disponera areal som dei vil.
Overordna styresmakter har krav på å få eit ord med i laget, og kan fremja motsegner mot disponeringar dei er usamde i.
Desse vert som regel løyst ved at partane gjennom administrative drøftingar og politisk mekling vert samde om vegen vidare. Slike prosessar kan krevja mykje tid og ressursar.
I løpet av arbeidet med Hå sin kommuneplan har både NVE, Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune fremma fleire slike motsegner.
Endringar og nye høyringar som følge av desse, var ein sentral grunn til at kommuneplanen var nær eitt år på overtid då han vart vedtatt.
Mange av motsegnene var knytte til arealdisponeringar til næringsområde. Dei aller fleste har vorte løyst.
Landskap, naturmangfald og vatn
Men sjølv om planen er vedtatt, står det framleis igjen to motsegner som kommunen ikkje klarte løysa. Det dreier seg om eit foreslått masseuttak i Aniksdal og eit vindkraftverk ved speedwaybanen på Elgane.
I utgangspunktet har kommuneplanutvalet opna opp for opp til åtte vindturbinar med 80 til 100 meters høgde på Elgane. Det er sett av 350 dekar til formålet. Dei som står bak hevdar at det reelle behovet er mykje mindre.
Fylkeskommunen har vore skeptisk til påverknaden vindkraftverket kan ha på landskapet rundt, spesielt eit nærliggande område, som er registrert som eit kulturhistorisk landskap av spesiell interesse (KULA).
I tillegg meiner dei eit vindkraftanlegg vil verka skjemmande for eit automatisk verna gardsanlegg i same område og «i direkte konflikt med naturtyperegistreringar med svært stor verdi».
Statsforvaltaren i Rogaland har òg fremma motsegn, omtrent på same grunnlag: Landskap og naturmangfald.
I Aniksdal er det allereie eit masseuttak, men dei som driv det ønsker å utvida med 131 dekar på det som i dag stort sett er innmarksbeite.
Dette fremma Statsforvaltaren motsegn mot. Grunngjevinga var frykt for avrenning til Kvassheimsåna og tilknytt vassdrag.
I motsegna skriv Statsforvaltaren at åna både har laks, aure og elvemusling, og at det allereie i dag er utfordringar knytt til avrenning av finstoff til vassdraget.
Statsforvaltaren meiner derfor at å seia ja til utviding av masseuttaket vil vera i strid med vassforskrifta.
Desse to sakene vert sendt vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet, som er dei som har siste ordet i saker der partane sjølve ikkje klarar å løyse motsegner.
Mange års arbeid
Då kommunestyret skulle vedta planen 20. juni, var Jonas Skrettingland (KrF) den første som tok ordet. Som ordførar i førre periode, var det han som leia kommuneplanutvalet gjennom mesteparten av det politiske arbeidet.
– Dette er ei stor og viktig sak. Me set nå retninga for utviklinga av kommunen vår i mange år framover, sa han frå talarstolen.
Til Jærbladet seier han at å laga til ein kommuneplan er eit omfattande arbeid.
– Det går fleire år. Det er mange som interesserer seg for det. I den første runden fekk me over 100 innspel. Dette angår folk, seier Skrettingland.
I tillegg kjem signal frå vedtak i over 50 ulike politiske saker.
Skrettingland seier dei heile vegen har jobba for å involvera alle gruppene i kommunestyret.
– Kva betyr det at Hå nå har ein oppdatert kommuneplan?
– Det er utbyggarar og folk som har planar dei vil gjennomføra. Det er ting som har vore sett på vent i påvente av ein ny plan. Det er viktig at kommuneplanen vert oppdater, så folk veit kva dei har å forhalda seg til. I tillegg er det mykje læring for oss politikarar. I planarbeidet må me jobba med signal frå overordna styresmakter. Då må me justera våre eigne tankar, samtidig som me må prøva å påverka andre vegen.
Peiker vegen vidare
Skrettingland seier kommuneplanen vil legga grunner for mange av sakene som vil komma opp i politikken og korleis dei vert handsama.
– Ikkje minst i Utval for samfunn vil kommuneplanen verta styrande for administrasjonen når dei arbeider fram saksframlegg til utvalet, seier han.
I utgangspunktet skulle kommuneplanen vore vedtatt før valet i fjor. Slik gjekk det ikkje. Dermed var det eit nytt kommunestyre som skulle vidareføra arbeidet frå det førre. I ein slik situasjon kan det fort oppstå omkampar. Det skjedde ikkje i Hå.
– Det tener det nye kommunestyret til ære at dei ikkje starta på nye og omfattande rundar, men hadde tillit til den jobben det førre kommunestyret hadde gjort, seier Skrettingland.
Om dei to sakene som nå går til departementet, seier Skrettingland at dette var noko kommuneplanutvalet ikkje ville gje seg på.
– Masseuttak er viktig for Hå kommune. Me har ein heil industri som går på dette sør i kommunen. Me har ikkje komme til vegs ende på det. Når det gjeld mogleg vindkraft, var det ei vilje til å gå vidare å sjå på dette og få konsekvensane greia ut. Det er ikkje vedtatt at det skal byggast vindmøller, men me ville ha moglegheita til å gå vidare, seier han.
Gjer Kommunal- og distriktsdepartementet kommunen medhald i desse sakene, vert det opp til det nåverande kommunestyret korleis dei vil ta dei vidare.