Ein høgtrykksspylar gjer belegningssteinen og plattinga i Sirkelens atrium fri for skit og mose, litt om litt.
Det er Skeime som står som konsentrert utførar av oppgåva.
– Det såg ikkje ut då eg begynte her. No kjem det seg, smiler han.
Gjennom halvanna år har han utført forskjellige påkomande oppgåver på sjukeheimen. Utanom utandørs reingjering med høgtrykksspylar, kan oppgåvene innebere å tømme søppel, plukke søppel i nærområdet, delta i tunge løft som å flytte møblar og å vaske skilt.
Tidlegare jobba han på Jæren industripartner, som legg til rette arbeid for personar med nedsett arbeidsevne.
Då Skeime ville prøve noko anna, kom han i kontakt med Klepp kommune. Dei kunne hjelpe han å finne passande arbeid.
– Eg tenker det er eit samfunnsoppdrag å sysselsetje flest mogleg, seier Ingrid Williamson, verksemdleiar for miljøtenesta i Klepp kommune.
– Kjempeviktig å kjenne at ein er del av noko
I dag har kommunen fem tilsette på arbeidsplassar rundt om i kommunen, som gjer tilrettelagt arbeid gjennom denne satsinga.
– Me må gi like moglegheiter til alle. Personar med utviklingshemming har ikkje dei same moglegheitene til å velje arbeid og yrke som andre. Då må me sjå kva arbeidsoppgåver me kan finne, som gjer at me kan få fleire i arbeid, seier Williamson.
– Det er ein måte å arbeide for eit meir inkluderande samfunn, og me treng folk til oppgåvene.
Kommunen kjem i kontakt med aktuelle kandidatar gjennom for eksempel møte med Jæren industripartner, og av og til litt tilfeldig.
– Det kan vere nokon kommunen kjenner til gjennom at dei har fått ei teneste, eller at dei har vendt seg til oss på eit eller anna vis. Men det er nok mange me ikkje har fanga opp som gjerne ønskjer å gjere eit kvardagsarbeid for å kjenne på inkluderinga og å vere viktig for samfunnet, seier ho.
– Det er kjempeviktig å kjenne at ein er del av noko.
– Korleis finn de jobbar som passar til kvar enkelt?
– Det er ikkje alltid så lett, derfor ønskjer me at fleire i tenesteområda i kommunen, eller private bedrifter som vil samarbeide, kan sjå på om dei har ei arbeidsoppgåve som kan passe. Det treng ikkje å vere ei stor, tung eller langvarig oppgåve, men noko ein tenker kan opplevast nyttig for arbeidstakaren. Og så må dei ha moglegheit for å følgje opp litt ekstra, seier ho.
– Får kjensla av å tilhøyre eit samfunn
Solveig Kristine Lærdal har også vore tilsette gjennom kommunens ordning i fleire år. På dagsenteret Solsikken er ho med og aktiviserer brukarar, koker kaffi og te, er med på turar, ryddar og lagar til måltid.
Jeanette Fjermestad har tilsvarande oppgåver på Lynghagen dagsenter, men er tilsett gjennom Helt med. Stiftinga bidrar til å opprette arbeidsplassar for personar med utviklingshemming, autisme og lærevanskar, og å rekruttere inn og følgje opp.
Sidan 2022 har Perly Cecilie Svarstad jobba på Kleppheimen gjennom same stifting.
Heilt sidan ho var lita har ho hatt lyst til å jobbe med eldre. Ho utfører stell, hjelper til med måltid og tar bebuarane med ut på turar – dei fleste oppgåvene som må gjerast på ein sjukeheim.
Det er viktig for dei alle å kjenne seg nyttige og drive med noko som gir tilhøyrsle til ein arbeidsplass.
– Du får kjensla av å tilhøyre eit samfunn, og at sjølv om du har ein funksjonsnedsetting, er du like mykje verd, seier førstnemnde.
– Og du får kjensla av at du gjer ein god jobb som folk treng, seier Svarstad.
Siktar høgt
I starten av 2024 skreiv Jærbladet om at Lærdal var blant dei første med varig tilrettelagt arbeid i Rogaland som hadde tatt kompetansebevis i helsefag.
Kompetansebevis er eit papir på gjennomført opplæring, og kan mellom anna brukast for å dokumentere kompetansen i tilfelle der eit ordinært lærlingløp fram mot fagbrev vil vere for omfattande for kandidaten.
Fjermestad har planar om å ta ein tilsvarande prøve i haust.
Svarstad fekk beviset for ein månads tid sidan. Men ambisjonane stoppar ikkje der.
– No skal eg snart begynne å ta lappen, og når eg er ferdig skal eg fortsette på helsefagarbeidar. Då gir eg meg ikkje før eg er i mål, seier ho.