Ein laurdagskveld i 2023 var det folkefest på Bryne torg, då Erling Braut Haaand spelte Champions League-finale. Til sommaren kan det bli reprise – langt ut i dei seine nattetimar.
Ein laurdagskveld i 2023 var det folkefest på Bryne torg, då Erling Braut Haaand spelte Champions League-finale. Til sommaren kan det bli reprise – langt ut i dei seine nattetimar. Foto: Åge Bjørnevik

I formannskapet på onsdag varsla Apeland ei sak om beredskapen i Time kommune, som ein del av totalforsvarsåret 2026. Han varsla òg ei sak frå den andre enden av alvorsskalaen, om fotball-VM.

Når det blir dag i vertslanda Canada, USA og Mexico, er det ettermiddag her i Norge. Og når det lakkar og lir mot kveld «over there», plar me vanlegvis å sova.

Meeen om 90 dagar er det meisterskap i fotball, og for første gong sidan 2000 er det norske herrelandslandslaget kvalifisert.

Gruppespelkampane skal spelast i Boston og New York, mot Bolivia/Surinam/Irak, Senegal og Frankrike.

Berre den siste av kampane blir spelt på eit normalt tidspunkt, med kampstart klokka 21:00 norsk tid. Kampen mot Senegal startar klokka 02:00, som krasjar med skjenkeforbodet i alkoholloven.

Forbodet gjeld absolutt mellom klokka 03:00 og 06:00, men det gjeld likevel ikkje under VM. For at ikkje fotballpublikummet skal gå øltørste under andre omgang mot Senegal, blir det frå stortingshald gjort eit ekstraordinært unntak.

Om 90 dagar speler Erling Braut Haaland og Kylian Mbappé landskamp på MetLife i New York.
Om 90 dagar speler Erling Braut Haaland og Kylian Mbappé landskamp på MetLife i New York. Foto: Foto: Anthony Quintano, CC BY 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=54299960

Vil gje unntak

Avgjerda blir opp til dei enkelte kommunestyra, og kommunedirektøren vil føreslå at Time ser til kommunane lengre nord. Bystyret i Stavanger har allereie, med stort fleirtal, vedtatt utvida skjenketider.

– Eg kan med ein gong seia at kommunedirektøren vil ha ei positiv innstilling til å utvida, men har ikkje detaljane klare. Me vil kikka på kva naboane våre gjer, men òg byane Sandnes og Stavanger, og vurdera Bryne opp mot dei, slik me gjorde under pandemien, sa Apeland.

– Betyr det at du vil opna for alle VM-kampane, eller berre Norge sine? Vil det gjelda alle utestadene, eller berre dei som viser VM-kampane på storskjerm? spurte Anders Undheim (KrF).

– Du får sjå når det kjem på bordet. Men det eg kan seia, er at me ikkje har lagt opp til at me som kommune skal ha eit stort engasjement i dette, slik me hadde med Champions League-finalen, svarte kommunedirektøren.

Kommunen betalte 292.703 kroner for arrangementet i mai 2023, då 3000 publikummarar på torget såg Erling Braut Haaland og Manchester City stikka av med sin første meisterligapokal.