Politikarane får klar tale frå kommunedirektør Torild Lende Fjermestad før dei skal vurdere nok ein prisauke på jordkabel.
«Med bakgrunn i den prisen kommunen no direkte og indirekte, via Klepp Energi Holding, må betala for prosjektet, så er det ikkje forsvarleg å tilrå gjennomføring av dette,» skriv ho.
Det har vore brei einigheit blant dei folkevalde om å leggje jordkabel i staden for høgspentleidning mellom Tjøtta og Hatteland, knytt til Lnett si fornying av kraftnettet.
Vedtaket dei var einstemmig samde om i mars 2023, innebar at dei skulle ta på seg meirkostnaden på 41 millionar kroner.
Avtalen har fram til kommunestyremøtet denne månaden vore at Klepp kommune betalar 15 millionar, medan Klepp Energi, som er heileigd av kommunen, finansierer resten.
I ettertid har prisanslaget stige frå 41 millionar til 62 millionar, og nyleg til 104 millionar kroner. Då inkludert ein risiko for inntil 28 millionar kroner.
I sist kommunestyre blei det vedtatt at kommunen direkte kan bidra med opptil 26 millionar, avhengig av kor dyrt prosjektet blir til slutt.
Etter vedtak i kommunestyret, har Klepp Energi vurdert at dei har moglegheit til å stå i prisauken.
Likevel tilrår kommunedirektøren at Lnett heller etablerer luftspenn også mellom Tjøtta og Hatteland.
Ein mindre økonomisk reserve i framtida
«Å finansiera denne jordkabelen for selskapet betyr at me reduserer kommunen sine reservar til hardare tider,» skriv Fjermestad.
Ho ventar at kommunen sin økonomiske situasjon blir verre på lang sikt, og forklarer at det vil bli vanskeleg å finansiere det aukande behovet for helse- og omsorgstenester etter kvart som Noreg vil få mindre pengar å overføre til kommunane.
«Når aktiviteten i olje- og gassektoren blir redusert ein gong i framtida, kan dette ramma oss i Klepp kommune dobbelt [ ...] Me kan då både få lågare overføringar frå staten og ein situasjon med høgare arbeidsløyse og sviktande skatteinntekter».
Knytt til dette trekk ho fram at eigenkapitalen til Klepp Energi, som ho i likskap med eigardelen i Lyse AS, kallar for kommunen si «sparebøsse», kunne vere god å ha.
Med dagens prisanslag, kan eigenkapitalen til Klepp energi bli halvert.
«Det er viktig for Klepp kommune at selskapet blir drive etter forretningsmessige prinsipp og at me får god avkastning på kapitalen i selskapet».
Kommunedirektøren er usikker på om det å finansiera jordkabelen er ei forretningsmessig klok avgjersle.
«Det er vanskeleg å sjå for seg at eit så stort tilskot til Lnett sine investeringar kan bidra til god avkastning i selskapet,» skriv ho.
Ho poengterer at kommunestyret er overordna Klepp Energi, og dermed har ei sjølvstendig plikt til å vurdere kva som er best for Klepp kommune og selskapet.
Kommunedirektøren erkjenner at å gå tilbake til luftleidning på strekninga, vil føre til ei forsinking på 1–2 år. Ho har forståing for utfordringane det fører med seg, og skriv at ho ser det er uheldig at ei eventuell endring kjem så tett opp til utlysing av prosjektet. Lnett skal i utgangspunktet gå ut på anbod på nyåret.
– Full tillit til styret i Klepp energi
Med ni representantar i kommunestyret, er det Framstegspartiet som har størst handlekraft i Klepp.
Den vedtatte auken kommunen direkte kan bidra med i prosjektet, var eit fellesforslag frå Frp og Høgre.
Frp ønskjer framleis å stå fast ved vedtaket, bekreftar gruppeleiar Siri Øksnevad Olsen overfor Jærbladet.
– Kva tenker de om dei økonomiske konsekvensane jordkabel kan få for kommunen?
– Vi har lagt fram ein sum, og er med på så-så store kostnader. Vi tenker at det har Klepp kommune råd til, seier ho.
– Vi har frå dag éin hatt ønskje om jordkabel, og har tru på at det i det lange løpet er det beste. Vi har full tillit til styret i Klepp Energi, og ønskjer kablane nede i jorda.