Ordførar Kjetil Maudal, kommunedirektør Torild Lende Fjermestad, konstituert kommunalsjef Gry Hetlelid og barnevernsleiar Ine Haver fikk i slutten av mars fekk eit varsel om vanskeleg arbeidsmiljø innan barnevernet.
Den anonyme varslaren melde om bekymring for arbeidsmiljøet i barnevernet etter at ny barnevernsleiar hadde starta i stillinga si i januar.
Varselet kom i eit anonymt brev.
Sidan årsskiftet har det vore store utskiftingar innan barnevernet i Klepp. Åtte av 21 tilsette, har sagt opp, som Jærbladet tidlegere har omtalt.
LES OGSÅ: Åtte barnevernsansatte i Klepp har sagt opp siden nyttår.
– Arbeidde med endringar
Etter å ha mottatt det anonyme varselet, søkte Klepp-ordføraren informasjon om saka hjå kommunedirektør Torild Lende Fjermestad og konstituert kommunalsjef Gry Hetlelid.
– Forklaringa som eg fekk, var at den nye barnevernsleiaren arbeidde med naudsynte endringar som måtte gjennomførast på grunn av gjeldande lovkrav, seier Maudal til Jærbladet.
I den etterfølgjande prosessen var det blitt skapt noko uro.
Frå kommunedirektøren blei det også presisert at det er ei nærast umogleg oppgåve å vita kva ein skal ta tak i når ein får ei anonym bekymring om vanskeleg arbeidsmiljø.
– Best å vera konkret
Ordførar Kjetil Maudal seier at han frå tidlegare praksis som leiar i næringslivet har erfart at det er best å vera konkret når det oppstår utfordringar, slik at mottakaren veit kva ein skal ta tak i.
– Varslaren i dette tilfellet var bekymra for arbeidsmiljøet etter at ny barnevernsleiar hadde starta. Det blei også opplyst at dei barnevernstilsette ikkje hadde den støtta som dei hadde behov for, opplyser Klepp-ordføraren.
Maudal er oppteken av prosessane som skjer i samband med endringar.
– Det er viktig å ha dei tilsette med i det som skjer, og det handlar om å få ting forankra. Eg kjenner ikkje detaljane i kva som konkret skjedde i barnevernet. Men reint generelt er det viktig å bruka tid på endringsprosessar. Flest mogleg bør få moglegheiter til å diskutera og gje innspel. Det tek lengre tid, men det gir best resultat, seier Maudal.
– Skal gje dei ro
Klepp-ordføraren meiner situasjonen med den store gjennomtrekken innan barnevernet ikkje er optimal.
– Men som tidlegare nemnt er det allereie tilsett nye, kvalifiserte folk. Difor opplevast ikkje som nokon dramatikk. Ut frå informasjonen som eg har fått, er det grunn til å tru at desse store utskiftingane er av forbigåande art. Men det er heilt klart er det noko me bør og skal ha fokus på, seier Maudal.
Han tenkjer uansett at dette ikkje er ei sak som skal løysast i media.
– Me skal no gje dei tilsette og barnevernsleiinga ro til å arbeida vidare med det dei skal ha fokus på, seier Klepp-ordføraren.
– Måtte ta tak i ting
Jærbladet har bede barnevernsleiar Ine Haver om å kommentera varselet.
Haver svarer at ho tidlegare har uttalt seg om situasjonen i barnevernet i Klepp, og syner vidare til kommunedirektør Torild Lende Fjermestad.
Kommunedirektøren seier at ho har følgt barnevernet særleg tett i cirka eit og eit halvt år etter at Klepp blei med i eit nasjonalt barnevernsnettverk saman med ni andre kommunar, i regi av Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet).
Rettleiing er eit av tiltaka i kompetansesatsinga.
Kommunedirektøren hadde difor inngåande kunnskap om prosessar som gjekk føre seg i barnevernet då det anonyme varselet kom.
– Varselet blei følgt opp slik regelverket seier. Men det var vanskeleg at me ikkje kunne adressera svaret til nokon. Gjennom nettverket har Klepp gjort eit djupdykk i eige barnevern, og det blei avdekka både svakheiter og styrkar. Mellom anna kom det opp ting som me i Klepp måtte gripa fatt i. Undervegs i prosjektet blei Ine Haver tilsett som ny barnevernsleiar, summerer Lende Fjermestad.
– Veldig tillit til Haver
Som ny barnevernsleiar har Haver fått i oppgåve å ta vidare prosessane som var sett i gang gjennom barnevernsnettverket.
– Det å endra praksis og følgja opp ting på ein ny måte, blei nytt for mange. Det er no tilsett dyktige fagfolk i alle ledige stillingar. I tillegg er det henta inn ein person med lang erfaring frå barnevernet i Stavanger, som skal arbeida i Klepp fram til to erfarne avdelingsleiarar er på plass, forklarer kommunedirektøren.
Klepp kommune har no fått forlenga avtalen i nettverket til å gjelda i to og eit halvt år.
Ho seier at dei har veldig tillit til barnevernsleiar Ine Haver.
– Me er ikkje bekymra for situasjonen. Eg kjenner meg trygg på prosessen, og på at me er på rett veg. Eg har vore meir bekymra for at ikkje gode nok rutinar innan barnevernet blei avdekka, seier Lende Fjermestad.
Kommunedirektøren seier det er viktig at barnevernet no får den roa det treng.