13. mai var kommunen på umeldt synfaring på Hognestad. Boksehallen har vore i bruk sidan i fjor sommar, då den tidlegare proffboksaren Ole «Lukkøye» Klemetsen stod for opninga.
«Det vart her funne fleire avvik som først og fremst går på brann og trygg rømning for personar i 2. etasje. Fleire av avvika vert av kommunen sett på som svært alvorlege», skriv kommunen si avdeling for byggesak til Hognestad IL og ansvarleg søkar, Aros arkitekter.
Styreleiaren i idrettslaget, Tone Steinsland, ønsker ikkje å vurdera alvorsgraden slik kommunen har gjort.
– Det får vera kommunen sine ord. Me fekk bruksløyve og har drive i god tru om at alt var gjort etter lovar og reglar. Nå er det viktigaste å få kvittert ut avvika, og det ser det ut til at me enkelt skal få til i neste omgang.
Frykta ikkje for 17. mai
I e-posten av 15. mai skriv byggesak at det er blitt avklart at dobbeldøra i første etasje i tilbygget er trygg.
Dermed kunne idrettshallen, som har rømmingsveg gjennom tilbygget, nyttast under 17. mai-feiringa.
Styreleiaren frykta aldri for nasjonaldagsfeiringa på Hognestad skule.
– Eg kjende aldri på det. Det var enkelt å gjera dei grepa dei ville me skulle gjera.
Kommunen stilte som vilkår at heisen og trappa opp til 2. etasje vart fysisk stengt av.
Dokumentasjonen på at dette var gjort måtte vera inne seinast klokka 12 fredag 16. mai.
Har ferdigattest
Byggestarten var i juli 2023. Kommunen gav ferdigattest til tilbygget ganske nøyaktig eitt år seinare.
I sjekklista frå tilsynet kjem det fram at det ikkje er samsvar mellom godkjent søknad og korleis andre etasje er bygt.
– Me som er frivillige i styret i idrettslaget, har halde oss til at alt var klart og at det var på tide å søka. Og det vart godkjent. Me er på dugnadsbasis, og det er vanskeleg for oss å meina om det tekniske er gjort etter byggesaksforskrifta, seier Steinsland.
Steinsland seier at oppklaringsarbeidet viser at gjeldande krav er følgde, men at dette ikkje er dokumentert godt nok.
– Når den blir framskaffa, reknar eg med at det i neste omgang blir kvittert ut.
Store avvik
Dei fleste og vesentlegaste avvika i tilsynet går på brann.
«Tilsynet avdekka store avvik og manglande opplysingar som går på tryggleik for dei som oppheld seg der», står det i rapporten.
Rapporten opplyser at det er uklart om utførte branntettingar, som skal hindra eld og røyk i å spreia seg i bygget, er i samsvar med brannkonseptet.
Andre avvik er, ifølge byggesaksavdelinga:
- Det er avvik og manglande på leielys i bokselokalet og i tett rømmingstrapp
- Brannslange på vegg i 2. etasje er ikkje markert i konsept
- Manglande rømmingsskilt til dør i trapperom
- Branngardin ved heis er ikkje montert
- Trapperom innvendig til bokseklubben var utan handlister
Stengt inntil vidare
– Me er i dialog med alle partar som har vore involverte i bygginga, for å få sjekka og kvittert ut alle avvik, sånn at me raskt kjem tilbake i drift. Det er det som er fokuset vårt, seier Steinsland.
«Avvika er av ein slik art at kommunen finn etter ei konkret vurdering at bruk av 2. etasje må haldast stengt til avvika er bekrefta lukka», skriv byggesaksavdelinga i eit brev til dei ansvarlege føretaka.
Kommunen har gjeve føretaka svarfrist 17. juni.
Fungerande dagleg leiar i Aros AS. Olav Urstad, skriv at dei har hatt et avgrensa prosjekteringsansvar fram til og med rammesøknad.
Etter rammeløyvet er prosjekteringsansvaret for arkitektur og vidare detaljprosjektering tatt over av entreprenør Grude Bygg.
«Det jeg leser av tilsynsrapporten er at det er utførelser som ikke er i henhold til tegninger. Vår oppgave som ansvarlig søker er å sørge for at ansvarlig foretak kommer med en skriftlig redegjørelse/ dokumenterer utbedringer i saken og melde dette tilbake til kommunen», skriv han til Jærbladet.
Dagleg leiar i Grude Bygg, Oddbjørn Grude, opplyser at det blir jobba med dokumentasjonen for å få lukka avvika, i samarbeid med Hognestad IL og dei andre involverte.
Også ansvarleg for prosjektering/utføring for leielys, Kreatel AS, og ansvarleg brannprosjekterande, Brannrådgiveren AS, har fått sendt over rapporten.
Ivrige etter å koma i gang
– Kor lang tid reknar de med at dette vil ta?
– Det meste er allereie gjort, og så er det litt avhengig av kva tid dei forskjellige aktørane får sendt over dokumentasjonen, men det er ein plan for alt. Eg håper og trur at det er fort gjort, seier Steinsland.
– Korleis har dette påverka aktiviteten til idrettslaget?
– Det er boksinga som lir. Sidan dei ikkje får bruka lokala sine, bruker dei turnhallen. Dei er veldig ivrige etter å koma i gang att, sidan dei er midt i oppkøyringa til viktige kampar, men utover det er det vanleg aktivitet.