Simon-Samuel Saarmaa (frå venstre), Mikah Undheim og Ivar Johannes Lomeland fekk eit gildt møte med bokselegenda Ole Klemetsen.
Simon-Samuel Saarmaa (frå venstre), Mikah Undheim og Ivar Johannes Lomeland fekk eit gildt møte med bokselegenda Ole Klemetsen. Foto: Håvard Ovesen

– Dette betyr utruleg mykje, seier Jim Helge Lomeland til Jærbladet.

Han snakkar om Hognestad IL Boksing, som laurdag inviterte til opning av den nye boksehallen sin, bygd som ei forlenging av Hognestadhallen. Her er det boksering, 15 boksesekkar, hoppetau, medisinballar og anna utstyr. I same slengen har turnen fått ny utstyrslager.

Prosjektet har kosta rundt fem og ein halv millionar kroner. Av dei pengane har ein tredjedel komme frå tippemiddel, ein tredjedel frå kommunen, og ein tredjedel frå bygda, stort sett gjennom dugnad, sponsorar og gåver frå Jæren sparebank.

Den aller første kampen i boksehallen på Hognestad gjekk mellom Ivar Johannes Lomeland og Mikah Undheim. Ole «Lukkøye» Klemetsen var dommar. Kampen enda uavgjort.
Den aller første kampen i boksehallen på Hognestad gjekk mellom Ivar Johannes Lomeland og Mikah Undheim. Ole «Lukkøye» Klemetsen var dommar. Kampen enda uavgjort. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Klubbkjensle

Lomeland seier det vert greitt å få eit eige lokale til boksarane. Tidlegare har dei delt lokale med turnen, handballen og fotballen.

– Me har vore heldige som har hatt tilgang på hallen og fått leiga gratis. Men det vert lettare å bygga bokseklubben vidare når me har eit eige lokale. Utøvarane får kjend meir på klubbkjensla, seier Lomeland.

Dommen frå den unge boksaren Mikah Undheim er klar:

– Det er heilt fantastisk. Nå når me har fått ein eigen plass å boksa, vert det meir fleksibelt. I tillegg har me fått mykje nytt utstyr, seier Undheim.

Jim Helge Lomeland ser fram til å bygga Hognestad IL sitt boksetilbod vidare i nye, flotte lokal.
Jim Helge Lomeland ser fram til å bygga Hognestad IL sitt boksetilbod vidare i nye, flotte lokal. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Hognestad IL er det einaste idrettslaget i fylket som tilbyr boksing. Lomeland seier dei nå har 70 medlemmar.

– 20 av dei har kampbok. Det vil seia at dei reiser rundt på stemner og boksar. Me er med der det skjer, seier han.

Ordføraren frykta ein rett høgre

Opninga var ei høgtideleg affære, med talar blant anna frå idrettslagsleiar Tone Steinsland, landbruks- og matminister (og kvart hognestadbu) Geir Pollestad og ordførar Andreas Vollsund.

Det kom mykje meir folk enn venta for å vera med på den høgtidelege opninga av den nye boksehallen på Hognestad.
Det kom mykje meir folk enn venta for å vera med på den høgtidelege opninga av den nye boksehallen på Hognestad. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sistnemnde var fullt klar over at han nok ikkje hadde gjort seg til venn med heile bygda då han og Høgre gjekk inn for å legga ned Hognestad skule.

– Det er sikkert ein del her som kunne tenkt seg at ordføraren fekk seg ein rett høgre av Ole Klemetsen etter opninga, medgav Vollsund.

Før nokon tok han på ordet, skunda ordføraren seg å legga til at det ikkje var derfor han var der.

– Det er gildt å vera med på å opna eit nytt idrettsanlegg. Hognestad idrettslag er framoverlente. Folk frå heile Jæren kjem til Hognestad for å vera med på turnen. Eg er sikker på at det same kjem til å skje med boksinga. De kjem til å ha kø ut døra, sa Vollsund, som spådde at den neste Ole Klemetsen vil komma nettopp frå Jæren.

Stor stas då ordførar Andreas Vollsund foretok den offisielle opninga av boksehallen.
Stor stas då ordførar Andreas Vollsund foretok den offisielle opninga av boksehallen. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Jubelen stod i taket då hallen vart opna.
Jubelen stod i taket då hallen vart opna. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sakna sur stank

Grunnen til at det var så mykje snakk om Klemetsen, Noregs største boksar gjennom tidene, var at han var invitert for å kasta glans over opninga.

Klemetsen var imponert over det dei har fått til og dei nye lokala på Hognestad. Ein ting reagerte han likevel på med ein gong då han kom inn.

– Det luktar alt for godt her! Dei må få inn litt skikkeleg sveittelukt. Det skal vera surt. Jo verre, jo betre. Det er ikkje tull ein gong, seier Klemetsen til Jærbladet.

Constantin Gilbert Miu er glad for den nye boksehallen på Hognestad.
Constantin Gilbert Miu er glad for den nye boksehallen på Hognestad. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Den tidlegare proffboksaren Ole Klemetsen nytta høvet til å lera vekk litt treningsteknikkar til Simon-Samuel Saarmaa (frå venstre) Mikah Undheim og Ivar Johannes Lomeland.
Den tidlegare proffboksaren Ole Klemetsen nytta høvet til å lera vekk litt treningsteknikkar til Simon-Samuel Saarmaa (frå venstre) Mikah Undheim og Ivar Johannes Lomeland. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han fortel at han har vore i bokselokal over heile verda og kjend på ulike vonde sveittelukter.

– Det er mykje forskjellig, seier han.

Klemetsen legg til at vond lukt frå motstandarane har gjort han til ein betre boksar.

– Det er nok derfor eg har vorte så god til å dansa rundt dei, seier han òg ler.

Første gong på Hognestad

Klemetsen gjorde meir enn å kasta glans. Han stilte og opp som dommar i dei to første demokampane i den fullstappa boksehallen. I tillegg fekk han med seg publikum på å klappa og heia.

Han gav òg frå seg ein av sine eigne pokalar til som bestemannspremie.

Laurdag var første gong 52 år gamle Klemetsen frå Stavanger vitja Hognestad.

– Eg har ikkje hatt grunn til det før. Men nå har eg det! seier Klemetsen til Jærbladet.

Klemetsen har ungar som boksar, og har allereie tilbydd seg å vera med på eit par treningar på Hognestad.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) si farmor kom frå Hognestad. Ministeren lova å bruka bygda som døme på levande bygd neste gong han skal i møte med regjeringa.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) si farmor kom frå Hognestad. Ministeren lova å bruka bygda som døme på levande bygd neste gong han skal i møte med regjeringa. Foto: Foto: Håvard Ovesen